26/01/2026
❄️YIN & YANG VINTERYOGA ❄️
Oppstart: torsdag 29. januar kl 18.00 - 19.15
Ein yogatime der vi vekslar mellom lette yang flytsekvensar og rolige yin-øvelsar. Dei dynamiske øvelsane er med lett/moderate intensitet, og synkronisert med pusten. Vi skaper sirkulasjon, styrke og energi ved å bevege oss rolig og mjukt, samtidig med å ha indre fokus og tilstedeværelse i øvelsane. I yin-stillingane kviler vi i 3-5 minutt, og legg dermed til rette for å løyse opp i djupe spenningar. I tradisjonell kinesisk medisin betyr vinteren eit ekstra fokus på nyre & blæremeridianane. Dette er dei to yin og yang organa som høyrer til vinteren og vatn-elementet.
Timen vert avslutta med ein lengre savasana/yoga nidra som støttar integrasjon, restitusjon og nervesystemet si ro.
Timen er tilpassa for deg som er nybyrjar og for deg som vil praktisere ei mjuk, rolig og samtidig ei lett varmande og lett/moderat dynamisk yoga. Vi gir oss tid til å skape flyt i øvelsane og skape tillit og aksept til kroppen der den er.
Tid: Torsdagar kl 18 - 19.15
Varighet 4 veker
Prisar:
For heile kurset: kr 720 (560)
Klippekort:
10 klipp kr 1600 (1300)
5 klipp. ". 900 (700)
Drop-in. ". 220 (200)
Rabatterte prisar (i parentes) til studentar, langtidssjukmelde/AAP, pensjonistar
Påmelding:
sms til Mai Britt på 40060945
Varmt velkommen! ✨🧘✨