07/01/2025
Kjære deg💕
No har me vore igjennom jul og nyttår. Kvardagen har for mange starta igjen. Håper du har hatt ei så fin høgtid som du har klart å lage deg, sjølv om denne tida for mange skaper ekstra savn og sorg då nokon av dine nære ikkje er her meir...
Hugs at du treng ikkje være sterk heile tia. Det er lov å sørge og det er lov å være svak. Sorg kan slå innover deg som bølger når du minst venter det.
Har lyst å dele eit dikt om dette og samstundes ynskje alle eit innhaldsrikt 2025.❤️
Eg mista deg der stien slutta,
der stilla møtte ei grense.
Eit rom vart tomt, ei verden stilna
og hjertet mitt var heile tida i spenning..
Korleis går ein vidare
når fotspora dine er vaska bort?
Koreis puster ein fritt
når lufta er tunge av minner?
Men i skuggen av savnet
finn eg små lys.
Ein fugl som syng,
eit vindpust som stryker mitt kinn-
teikn av livet som framleis finst.
Eg veit ikkje korleis ein finn veien tilbake,
men eg tek eit steg av gangen.
Eg ber med meg minna dine som ein skatt,
og lar kjærleiken du gav bli eit fyrtårn i mørket.
Sorga vil alltid vere der,
som eit ekko av noko stort,
men eg skal bygge vidare.
Av ruinane skal eg forme meg til noko sterkt,
noko levande.