Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund

Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund Sunnmøre Lokallags informasjonsside om Fibromyalgi og lokallagets aktiviteter, så som medlemskvelder, turer og arrangementer.

Vil du vere med på ein meiningsfull og hyggeleg temakveld? 💜💜💜💜📆 Onsdag 15. april kl. 18–20 inviterer vi til ein inspire...
13/04/2026

Vil du vere med på ein meiningsfull og hyggeleg temakveld? 💜💜💜💜

📆 Onsdag 15. april kl. 18–20 inviterer vi til ein inspirerande og sosial kveld på 📍Ålesund frivilligsentral.

Vi får besøk av Svein Honningsvåg frå FFO Ålesund og omegn, som deler viktig innsikt om saker som påverkar kvardagen vår – og kva vi kan vere med å påverke.

Det blir kaffi ☕️ noko å bite i 🍪 🍇 og ei kjekk utlodning (ta gjerne med ein liten gevinst om du vil, til maks 40 kroner, men dette er heilt frivillig 😊).

Ta med deg ein ven og kom - vi gler oss til å sjå deg!

Med venleg helsing
Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgiforbund

Vi ønsker alle våre medlemmar og støttespelarar ei roleg og fin påske – fylt med små gode stunder, kvile når kroppen tre...
31/03/2026

Vi ønsker alle våre medlemmar og støttespelarar ei roleg og fin påske – fylt med små gode stunder, kvile når kroppen treng det, og varme augeblinkar som gir energi.

Ta vare på deg sjølv – og hugs at det er heilt lov å gjere påska på din måte.

Varme påskehelsingar frå oss i Sunnmøre lokallag av NFF 🐣💜🐣

Fibrotåke, hjernetåke – kjært barn har mange namn!For mange med fibromyalgi er hjernetåke ein del av kvardagen – men det...
25/03/2026

Fibrotåke, hjernetåke – kjært barn har mange namn!

For mange med fibromyalgi er hjernetåke ein del av kvardagen – men det er ikkje alltid så lett å forstå, verken for ein sjølv eller andre.

Det startar ofte snikande. Du gløymer små ting, mistar tråden i samtalar, eller leitar etter ord du eigentleg kan. Først tenkjer du kanskje at du berre er sliten. Men når det held fram, er det lett å bli uroa – og nokre kan til og med tenkje: “Held eg på å bli dement?”

Hjernetåke er ikkje demens. Det er ein tilstand der hjernen jobbar under belastning. Forsking tyder på at det heng saman med mellom anna smerter, dårleg søvn og eit nervesystem i konstant beredskap. Resultatet er at konsentrasjon, minne og tempo blir påverka. Det kan kjennast som om hovudet går i sirup.

🍋💜🍋💜🍋💜🍋💜🍋

Så kjem desse små kvardagsaugeblikka som er heilt utrulege og fantastiske på same tid. Dagens vesle kvardagseventyr kjem frå eitt av våre medlemmer. Historia er ingen aprilspøk, men eit heilt reelt innblikk i korleis fibrotåke kan utarte seg i dagleglivet:

- Eg skulle teste ut ei ny oppskrift på sitronkake. Følgde oppskrifta til punkt og prikke, brukte stormiksaren. Men - vispen fekk ikkje heilt tak i røra - smøret og sukkeret ville liksom ikkje samarbeide og bli fløffy slik oppskrifta sa…

Løysingsorientert som eg er, så tenkte eg: “Jaja, eg får finne fram handmiksaren då!”

Så eg gjorde. Fann han fram, plugga i støpselet og skulle til å feste vispane…

…og der står eg altså med STRYKEJERNET i handa!

🫣💜😅💜😄💜😆💜😂

Ja – det er lov å le 😄

For sjølv om det kan vere både frustrerande og litt skremmande å stå i det, så kan kvardagen bli litt lettare om ein ser humoren i det.

For bak latteren ligg det noko ekte. Ein kvardag som krev ekstra tolmod, forståing – både frå oss sjølve og dei rundt oss – og ikkje minst god sjølvomsorg krydra med ein herleg dose humor.

Fleire som kjenner seg att? Del gjerne ei god historie med oss andre i kommentarfeltet 💜

🌙 Slit du med søvn? Du er ikkje åleine.Sunnmøre lokallag av NFF inviterer til eit hyggeleg temamøte om søvn, der Ellinor...
16/03/2026

🌙 Slit du med søvn? Du er ikkje åleine.

Sunnmøre lokallag av NFF inviterer til eit hyggeleg temamøte om søvn, der Ellinor vil dele litt kunnskap og tankar om søvn – eit tema mange med fibromyalgi kjenner seg godt igjen i.

Dette blir ein kveld med både fagleg påfyll, gode samtalar og sosialt fellesskap. 💜

📍 Ålesund frivilligsentral
🗓 Onsdag 18. mars
⏰ Kl. 18:00–20:00

📍 Ulstein frivilligsentral
🗓 Torsdag 26. mars
⏰ Kl. 18:00-20:00

🎁 Vi har også utlodning desse kveldane. Dersom du vil, kan du ta med ein liten gevinst (maks verdi 40 kr). Dette er heilt frivillig.

Ta gjerne med ein ven, eller kom som du er – alle er hjarteleg velkomne.

Vi gler oss til ein fin kveld saman! 💜

I dag markerer vi kvinnedagen 💜For mange kvinner med fibromyalgi handlar kvardagen om styrke som ikkje alltid er synleg....
08/03/2026

I dag markerer vi kvinnedagen 💜

For mange kvinner med fibromyalgi handlar kvardagen om styrke som ikkje alltid er synleg. Det handlar om å stå i smerter, utmatting og utfordringar – og likevel møte dagen så godt ein kan.

Vi ønskjer i dag å løfte fram alle dei sterke kvinnene som lever med kronisk smerte. De viser mot, uthald og ein indre styrke som fortener både respekt og forståing.

Kvinnedagen handlar også om å bli sett og høyrd. Mange kvinner med fibromyalgi opplever framleis å måtte kjempe for å bli tekne på alvor i helsevesenet, arbeidslivet og samfunnet elles. Difor er fellesskap, kunnskap og openheit så viktig.

Saman står vi sterkare. 💜

Vi i Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund ønskjer alle ei god markering av kvinnedagen.

Lag deg ein god dag 💜

Vi vil gjerne ha fleire med på laget 💜 Sunnmøre lokallag hadde 174 medlemmer per 31.12.25. Kanskje bikker vi 200 medlemm...
04/03/2026

Vi vil gjerne ha fleire med på laget 💜
Sunnmøre lokallag hadde 174 medlemmer per 31.12.25. Kanskje bikker vi 200 medlemmer i 2026?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du lurer på noko.

Medlemskap Som medlem i Norges Fibromyalgi forbund (NFF), er du med i en organisasjon som kjemper for dine rettigheter. Med ditt medlemskap kommer vi enda lenger. Takket være alle medlemmene våre står vi sterkere sammen om å gjøre hverdagen bedre! NFF jobber for at du med fibromyalgi skal få d...

Her er litt av det som er på programmet i nær framtid. Litt info når det gjeld medisinsk yoga ➡️- dette er eit lavterske...
26/02/2026

Her er litt av det som er på programmet i nær framtid.

Litt info når det gjeld medisinsk yoga ➡️
- dette er eit lavterskeltilbod, og øvelsane er tilpassa alle. Tilbodet er gratis for medlemmer, og koster 50 kroner per gong for ikkje-medlemmer. Ta med yogamatte, handduk/pledd og ev. p**e.

🧘🏻‍♀️ Instruktør tirsdagar, på Ålesund frivilligsentral, er Ellinor Rinde. Påmelding: 41 25 79 65.

🧘🏻‍♀️ Instruktør onsdagar, på Stokksund barneskule, er Liv Hilde N. Hansen. Påmelding: 95 10 75 52.

Vi har gleda av å presentere det nye styret i Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund 💜På årsmøtet vårt 29. janu...
25/02/2026

Vi har gleda av å presentere det nye styret i Sunnmøre lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund 💜

På årsmøtet vårt 29. januar vart desse valde til å leie lokallaget vidare det komande året:

🔹 Leiar: Ellinor Rinde (2026-2028)
🔹 Nestleiar: Monica Ekrem (2025-2027)
🔹 Økonomi: Liv Hilde Nordal Hansen (2025-2027)
🔹 Sekretær: Monica Ekrem (2026-2028)
🔹 Studieleiar: Randi Skavnes Våge (2025-2027)
🔹 Styremedlem: Annette Reite (2025-2027)
🔹 Styremedlem: Nina Kvalsund (2025-2027)
🔹 Styremedlem: Siv Hege S. Lausund (2026-2028)
🔹 1. varamedlem: Synnøve Aakvik (2026-2027)
🔹 2. varamedlem: Margit H. Bjørkedal (2026-2027)

Vi ser fram til eit nytt år med fellesskap, engasjement og gode møteplassar for medlemmane våre på Sunnmøre. Styret ønskjer å arbeide for auka openheit, støtte og aktivitet i lokalmiljøet – og vi håpar mange vil vere med oss vidare 💫

Har du innspel, spørsmål eller ønskjer å bidra? Ta gjerne kontakt med oss!

25/02/2026

Hei alle saman ❤️

På temamøtet i Ulsteinvik i morga blir det også parafinvoksbehandling for dei som ynskjer det.
Ta med en liten handduk til dette.

Det er gratis for medlemmer.

Velkomen skal du vere ❤️

Beste helsing frå Styret

24/02/2026

For medlemmene i Ålesund og omegn ❤️

Vi skal ha temamøter også her.

På Ålesund frivilligsentral
onsdag 18.03.26 kl. 18-20 og
onsdag 15.04.26 kl.18-20

Vi møtast til eit hyggelig lag med gode samtaler også her.
Vi serverer kaffe/ te og enkel servering.

Tema for møta vil kome seinare.

Vi håper å sjå dokke her.

Beste helsing frå Styret

Vi håper mange vil ta turen hit og

24/02/2026

Hei alle saman ❤️

Vi ønsker velkommen til årets første temamøte i Ulsteinvik på Ulstein Frivilligsentral torsdag 26.02.26 kl.18-20.

Vi møtast til godt lag og
gode samtaler med kaffe/ te og enkel servering.

Håper å sjå mange av dokke der.

Beste helsing frå Styret

Påmeldingsfristen nærmer seg så hiv deg rundt å meld deg på☺️ foredraget med Alexander Andorff er virkelig verdt å få me...
10/02/2026

Påmeldingsfristen nærmer seg så hiv deg rundt å meld deg på☺️ foredraget med Alexander Andorff er virkelig verdt å få med seg. Her kan også ikkje medlemmer melde seg på for en liten egenandel. Sjå under☺️

Adresse

Hildrestrandvegen 1028
Gurskøy
6272

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Sunnmøre Lokallag av Norges Fibromyalgi Forbund:

Del