11/03/2025
Tine Taule, Kai Taule og Christian Øvreaas reiser med «Tidsmaskina» til sjukeheimar, dagsenter og seniorsenter i Alver denne veka.
Har du fri på dagtid og er pårørande til nokon på sjukeheim eller nyttar deg av seniorsentertilbod kan du ta del i ei fin mimrestund med eit utval slagerar frå 1950- og 60-talet og fram til i dag.
Sjå alle spelestadane i aktivitetskalenderen vår: https://www.alver.kommune.no/kalender
Turneen er ein del av Den kulturelle spaserstokken, ei nasjonal satsing som skal bidra til kunst- og kulturformidling av høg kvalitet for eldre.
Støtta av Vestland fylkeskommune.