Trygg i fødsel

  • Home
  • Trygg i fødsel

Trygg i fødsel Trygg i fødsel støtter kvinner i svangerskapet - mentalt, fysisk og emosjonelt. Tilbyr 1-1 veiled

Gravidyoga startar onsdag 14.januar i 2026 i Bambusklinikken sine nye lokaler på I desse timane gjer me skånsomme fysisk...
17/12/2025

Gravidyoga startar onsdag 14.januar i 2026 i Bambusklinikken sine nye lokaler på

I desse timane gjer me skånsomme fysiske øvelsar som er spesial tilpassa den gravide. Me går gjennom ulike tema til forberedelse både til sjølve fødsel og barseltida.
Del gjerne med ei gravid venninne 😍
Har du spørsmål eller vil melde deg på?
Kontakt meg gjerne på 92085054 eller tryggifodsel@gmail.com

Mor&mini er ein time med tilrettelagt trening for deg som har født og ynskjer ein mjuk start på trening og styrking av k...
11/12/2025

Mor&mini er ein time med tilrettelagt trening for deg som har født og ynskjer ein mjuk start på trening og styrking av kroppen, samtidig som du har ei fin tid med babyen din, i lag med andre!
Mor&Mini er ein super måte å møte andre med baby i barseltida, og mogleg ein super start eller slutt på eit barseltreff?
Det vil vera fokus på å gradvis styrke heile kroppen etter fødsel, med ekstra fokus på kjerne- og setemuskulatur, samt bekkenbunn.
Me gjer øvelsar som er gode for å styrke og strekke ømme amme-og bærenakkar.
I øvelsane fokuserer me på roleg og riktig pust slik at du lettare kan finne ro i barseltida.
Me gjer øvingar både med eiga kroppsvekt og med barnet som vekt.
Du vil lære enkle babymassasjestrøk på kurset, og du som mamma utfører babymassasjestrøka på ditt barn.
Me veit at det vil vera behov for amming, grining, soving og bleieskift, og er avslappa til dette. Babyen er i fokus!
Når kan du delta?
Du kan delta tidlegast 6 veker etter vaginalfødsel, og fram til barnet startar å krabba. Keisarsnitt vanlegvis 12 veker. Kontakt gjerne Bambusklinikken dersom lurar på om du kan starte treninga.
Ta med:
-klær som er gode å bevega seg i.
-stelleveske
-rangle/leike til baby
-drikkeflaske
-gulpeklut og/eller lite pledd barnet kan ligge på

Korleis melder eg meg på? Send ein epost til tryggifodsel@gmail.com

Nye kurs startar i januar 2026!  På Bambusklinikken på Kilden senter i Rådal. Følg med for meir info😀
26/11/2025

Nye kurs startar i januar 2026! På Bambusklinikken på Kilden senter i Rådal. Følg med for meir info😀



Fødselsførebuande kurs på Voss 22.januar . Velkommen 🤩
16/01/2023

Fødselsførebuande kurs på Voss 22.januar . Velkommen 🤩

Kjenner du gravide i nærleiken av Voss? Søndag 22. januar blir det fødselsførebuande kurs på Yogahemsen😄Del gjerne 😍
05/01/2023

Kjenner du gravide i nærleiken av Voss?
Søndag 22. januar blir det fødselsførebuande kurs på Yogahemsen😄
Del gjerne 😍

Kvinner frå 12 svangerskapsveke og fram til fødsel

Velvære i kvardagen, ja takk! 🤩  Eg får stadig spørsmål om ein må vera gravid for å nytte seg av avspenning og massasje....
03/10/2022

Velvære i kvardagen, ja takk! 🤩

Eg får stadig spørsmål om ein må vera gravid for å nytte seg av avspenning og massasje.
Her ein dag spurte ei meg om det gjekk å få massasje i barseltida. Det var jo fint å kunne slappe av når det blei litt våkenetter….
SÅ ABSOLUTT!
Om du er gravid, i barsel, ikkje har født eller barnet er stort så er du velkommen ! 😍

Book din time på Skjold her: www.bambusfamilieklinikk.no

Ønsker du time i Hardanger? Send meg ein DM 🌺

Få mine 7 tips til kva som er fint å tenke gjennom når du førebur deg til fødsel og barseltid !🙏🏼Link i bio             ...
16/09/2022

Få mine 7 tips til kva som er fint å tenke gjennom når du førebur deg til fødsel og barseltid !
🙏🏼Link i bio

Hei🙌🏼😀Eg er Ida og brenn for god og heilskapeleg omsorg i svangerskap, fødsel og barseltid !Eg er utdanna spesialpedagog...
15/09/2022

Hei🙌🏼😀

Eg er Ida og brenn for god og heilskapeleg omsorg i svangerskap, fødsel og barseltid !

Eg er utdanna spesialpedagog i idrett- og kroppsøving, er sertifisert velværemassør for gravide ved Axelsons Institute og sertifisert gravidyogainstruktør, mediyogainstruktør, ashtanga vinyasa instruktør og mediyoga-kidz instruktør. Eg er utdanna doula, kurshaldar og fødselstøtte ved Doulaskolen i Bergen.

På på Skjold veileder eg, gir trygghet og støtte til gravide.
Fokusfeltet er gravidmassasje doulastøtte og gravidyoga, der eg jobbar heilskapeleg med fokus på mental, emosjonell, og fysisk fødselsforberedelse.
Fokusområder er god pusteteknikk, mentalt forberedelse, skånsomme og spesialtilpassede fysiske øvelsar for gravide for å førebu den gravide til fødsel og barseltid på ein trygg og god måte.

Korleis ønsker du førebu deg til fødsel og barseltid ? ☺️

Velkommen❤️

Address


5600

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Trygg i fødsel posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Practice

Send a message to Trygg i fødsel:

  • Want your practice to be the top-listed Clinic?

Share

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Trygg i fødsel

Trygg i fødsel tilbyr fødselsforberedelse og veiledning i svangerskapet. Auka kunnskap, informasjon og veiledning fram mot fødselen kan gi auka trygghet og tru på eiga fødeevne. Trygg i fødsel jobbar for at gravide kvinner skal kjenne seg trygg i møte med fødsel og barseltid. Ein fødsel er av dei største hendingane i våre liv, og påverkar oss på så mange plan, fysisk, mentalt og emosjonelt .Me veit at kvinner som er forberedt, kjenner seg trygg og stolar på kroppen sin har større føresetnader for betre fødselsopplevingar.