Linda Røyseth Sandhåland (f.1981) kjem frå Rossland i Alver kommune. Ho er utdanna folkesongar og song- og musikkpedagog frå Høgskolen i Telemark på Rauland, Kvedarskulen på Ole Bull Akademiet på Voss, etnomusikologi og PPU i musikk frå Griegakademiet ved Universitetet i Bergen. Ho er også utdanna logoped frå Universitetet i Bergen. Linda har fordjupa seg i den vokale folkemusikken frå kysten av Hordaland og har lært folkesongar direkte frå eldre utøvarar, frå opptak og notar. Ho har drive som utøvande folkesongar sidan 1995, har vunnet ei rekkje kappleikar og er kvalifisert til deltaking i A-klassa på Landskappleiken. Som frilansar opptrer ho for det meste a capella, men også i samspel med andre musikarar. Ho har lang erfaring som song- og musikkpedagog og kurshaldar for alle aldersgrupper; frå babysong, undervisning i kulturskule, folkehøgskule, vidaregåande og høgare utdanning. Linda har saman med Kjersti Møllerup Wiik laga "Barnesongboka"; ein gratis digital nettressurs med lokale barnesongar frå alle kommunar på Strilalandet. Dei var også prosjektleiarar for "Kystbarnesongen - lokal folkesong i skulen" som var eit 2-årig prosjekt der dei lærte opp instruktørar og besøkte alle 2.klassingar i 9 kommunar kring Bergen skuleåret 2021/2022 og 2022/2023. Ca.2800 born og fleire hundre vaksne fekk lære lokale barnesongar gjennom prosjektet. Linda har motteke fleire stipend og prisar for sitt arbeid som formidlar av vokal folkemusikk, mellom anna Musikkprisen for Meland kommune i 1996, Hordaland fylke sitt utviklingsstipend i musikk i 1997, Statoilprisen for Nordhordland og Gulen i 1998, Ivar Medaas-prisen i 2001, stipend til kunstnarar frå Sven Revolds Minnefond i 2004 og Kulturstipend 2020 frå Alver kommune.