24/12/2024
Med ønske om ei god jul der du er🫶🏼 Varm helsing frå meg og havet🌊☀️
Yoga uansett alder, treningsgrunnlag eller fysisk form. Her er det rom for alle🫶🏼
Ønsker du å booka privat yoga, for bedrift eller vennelag?
Osterøyvegen
Surnadal
2106
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Yoga med Eirin legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Send en melding til Yoga med Eirin:
Mi yogareise starta for ca. 9 år sidan, då eg var inne i ein sårbar og tøff periode i livet mitt. Eg har alltid likt å bevega kroppen min i form av blant anna dans. Det er noko med den følelsen eg får som gjer at eg føler meg fri. Når kroppen og hovudet mitt gav meg motstand og det føltes som om alt rundt meg kollapsa, var mitt første møte med yogaen ein følelse av å finna ein ro. Ein ro som eg aldri hadde kjent på før. Eg følte meg heima på matta, her trengte eg ikkje prestera noko som helst. Alt eg gjorde var kun for meg, mitt pusterom. Eg lærte meg at eg “må” ingenting. På matta har eg også møtt motstand, som igjen har gjort meg sterkare. Eg opplevde at her var det rom for å vera den eg er. Sakte, men sikkert, kunne eg øva meg på å akseptere livet sånn som det er, på godt og vondt.
Eg tok min første yoga utdannelse i 2014, og deretter blei det to til, i 2016 og 2018, og diverse kurs, blant anna yoga med barn. Først og fremst gjorde eg det for min egen del, for å dykka djupare og bli bedre kjent med meg sjøl. Etterkvert kjente eg at eg hadde lyst å formidla dette vidare, eit brennande ønske om at alle skal få finna ein form for ro ved å bruka yoga og pust som verktøy. Også dei som kjenner seg på topp og er full i energi, treng pusterom. Me er alle mennesker med ein pust, kropp og sjel som treng pleiast med jevne mellomrom. BALANSE!
Dei siste åra har eg i tillegg til frisør jobben min, hatt timar på Nr1 Fitness Osterøy som JB ( just breathe)- yoga instruktør. No har eg endelig tatt steget ut og starta mitt eget yogastudio, noko som er skremmande men og veldig spennande. Eg håper med dette å skapa eit TRYGT og godt pusterom for absolutt ALLE, uavhengig om du er kjent med yoga eller heilt ukjent, er stor eller liten, mjuk eller stiv, full i energi eller kjenner på lite energi, om du har ro eller uro.
Kom som du er, eg gleder meg til å treffa akkurat DEG