27/04/2026
Policyen vår
Det er vi på Hatlane omsorgssenter som hjelper deg her på facebooksiden.
💻📲Nettsidene til kommunen har svar på det meste, og gir opp ofte kontaktpersonar for det du treng info om. Prøv gjerne der først eller søk etter “hatlane omsorgssenter” og på Google.
📩Saker som krev saksbehandling melder du om i ein e-post, til e-post: postmottak@alesund.kommune.no. Vi kan ikkje gi løyve eller drive anna saksbehandling på Facebook.
Skriv sakleg og kort
Du gjer oss hoppande glad om du skriv sakleg og kort, slik kan vi hjelpe deg betre og raskare. Hets eller upassande innhald er ikkje akseptert og vil bli sletta.
Vart innlegget eller kommentaren din sletta?
Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heier på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til.
Det hender ein sjeldan gong at vi slettar innlegg og kommentarar:
❗ Facebook stansar sjølv innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk vi har lagt inn i stygt språk-filteret.
❗ Vi slettar òg manuelt innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Kvifor?
‼ Fordi hatefulle ytringar og annan trolling hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medier og kommentarfelt som utrygge stader.
‼ Facebook har 13 års aldersgrense. Kommunens facebookside skal vere ein trygg og god plass å stikke innom åleine, også for barn på 13.
❗ Vi sletter innlegg og kommentarar der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt.
❗ Vi vurderer frå gong til gong å slette kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere.
❗ Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna. Eller spam.
Alt du gjer ope på Facebook kan brukast av andre
Din eigen policy på sosiale medier er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dei personlege opplysningane dine og hugsar på personvernforordningen (GDPR).
I Facebook sine retningsliner betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte han til deg. I Facebook sine personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller blir gitt tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API'er eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på til dømes på Ålesund kommune sin facebookside, kan lesast og brukast av andre.
Vi rår til at du går inn på innstillingar på din profil, i underkategorien Personvern kan du styre tilgang til din konto. Ver og merksam på at mange appar gir tilgang til din konto. Dette kan du og styre i underkategorien Appar.
Òg har du først lagt noko ut på nett, kan det vere umogleg å fjerne det igjen. På Facebook har det vi angrar at vi skreiv ein tendens til å spreie seg uhyggeleg raskt.
Med til vår alles policy på sosiale medier høyrer påminninga om å ta pause, særleg når vi er saman med barn eller andre som set mykje meir pris på blikka våre, smila våre og merksemda vår enn eit “liker” og eit lite digitalt blunkefjes.
Med venleg helsing oss