Sterk og stødig Ålesund

Sterk og stødig Ålesund Her finn du informasjon om Sterk og stødig i Ålesund kommune, eit gruppetreningstilbod for 65+

HAUSTEN 2025: Nytt instruktørkurs for Sterk og stødig Haram og Sterk og stødig Ålesund Vi treng fleire instruktørar til ...
06/06/2025

HAUSTEN 2025: Nytt instruktørkurs for Sterk og stødig Haram og Sterk og stødig Ålesund

Vi treng fleire instruktørar til det populære treningstilbodet. Er du glad i å bevege deg, ledig på dagtid og vil leie ei treningsgruppe? Vi håper å sjå nettopp DEG på kurset!

Vi ønsker å starte grupper i kommunedelar som enno ikkje har dette tilbodet. Samtidig er alle dei eksisterande gruppene fulle, og i dei områda treng vi fleire grupper.

Instruktørkurset er gratis, blir halde i Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund, og går over 3 heile dagar:

Måndag 15.09.2025 kl 09:30-15:30

Tysdag 16.09.2025 kl 09:30-15:30

Tysdag 23.09.2025 kl 09:30-15:30

Påmeldingsfrist er 8. september 2025.

Ved spørsmål om eller for påmelding til kurs, send e-post til Sterk og stødig i den kommuna du "høyrer til":
sterkogstodig@alesund.kommune.no eller sterkogstodig@haram.kommune.no

Meir informasjon om Sterk og stødig finn du også på nettsidene til Haram kommune og Ålesund kommune.

Sterk og stødig er eit tilbod om forebyggande treningsgrupper for seniorar i alderen 65+.

29. november 2024 var ein av våre instruktørar, Gerd Veddegjerde, på God morgon Møre og Romsdal og snakka om Sterk og st...
11/02/2025

29. november 2024 var ein av våre instruktørar, Gerd Veddegjerde, på God morgon Møre og Romsdal og snakka om Sterk og stødig. Takk til både henne og NRK for fint intervju😃

Leit deg fram på "tidslinja" til 02:13:40 for å høyre intervjuet: https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-moere-og-romsdal-radio/sesong/202411/DKMR01023224

Vi har no i januar gjennomført eit instruktørkurs i samarbeid med Sterk og stødig Haram, men fortvil ikkje, det er ikkje for seint. Vi har nemlig planer om nytt instruktørkurs allereie rett over sommarferien, så ta gjerne kontakt om du ønsker å bli instruktør, eller berre er nysgjerrig på instruktørrolla.

Viss du høyrer til Ålesund kommune:
* send e-post til sterkogstodig@alesund.kommune, eller
* ring til 90972546 (man-fre 10.00-13.00)

Viss du høyrer til Haram kommune:
* send e-post til sterkogstodig@haram.kommune, eller
* ring til 70207500 (man-fre 08.00-15.30)

Datoar for neste kurs blir fastsett før sommarferien, og alle som har meldt si interesse blir kontakta etter det, for meir info og endeleg påmelding til kurs.

Brødreparet Nicholas og Levi Alexander Aasen Aarsund på 11 og 12 år er ute med ein ny julesong. Den får du i NRK P1.

Tre av våre kjekke og dyktige instruktørar❤️ Og vi treng endå fleire slik at vi kan starte endå fleire Sterk og stødig-g...
21/11/2024

Tre av våre kjekke og dyktige instruktørar❤️ Og vi treng endå fleire slik at vi kan starte endå fleire Sterk og stødig-grupper😃

Marianne Leithe, Gerd Veddegjærde og Turi Indergaard er alle frivillige instruktører i balanse og styrketrening. Sterk og stødig trenger flere som dem.

07/11/2024

Nytt instruktørkurs for Sterk og stødig Haram og Sterk og stødig Ålesund.

Vi treng fleire instruktørar til det populære treningstilbodet. Er du glad i å bevege deg, ledig på dagtid og vil leie ei treningsgruppe? Vi håper å sjå nettopp DEG på kurset!

Vi ønsker å starte grupper i kommunedelar som enno ikkje har dette tilbodet. Samtidig er alle dei eksisterande gruppene fulle, og i dei områda treng vi fleire grupper.

Instruktørkurset er gratis, blir halde i Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund, og går over 3,5 dagar:

Måndag 13.01.2025 kl 12:30-15:00
Tysdag 14.01.2025 kl 09:30-15:30
Onsdag 15.01.2025 kl 09:30-15:30
Tysdag 21.01.2025 kl 09:30-15:30

Påmeldingsfrist er 8. januar 2025.

Ved spørsmål eller for påmelding, send e-post til sterkogstodig@alesund.kommune.no eller sterkogstodig@haram.kommune.no

Meir informasjon finn du på nettsidene til Haram kommune og Ålesund kommune, eller på Friskus-sidene for Sterk og stødig - Haram kommune eller Sterk og stødig Ålesund kommune

Oppdatert 06.03.2025.Eit nytt år med nye treningsmoglegheiter😃Vi minner om denne, både for deg som står på venteliste ti...
16/09/2024

Oppdatert 06.03.2025.
Eit nytt år med nye treningsmoglegheiter😃
Vi minner om denne, både for deg som står på venteliste til Sterk og stødig-gruppe, og deg som allereie går på Sterk og stødig.

Ei trening i veka er bra, men fleire økter er endå betre. Vi oppfordrar alle til å drive eigentrening.

Her er ein film laga av Kristiansand kommune under covid-pandemien, der de kan følge ein heil Sterk og stødig gruppetreningstime. Nasjonalt senter for Aldring og helse går god for kvaliteten i filmen.

This is "Sterk og stødig - hjemmetrening" by Kristiansand kommune on Vimeo, the home for high quality videos and the people who love them.

NY STERK OG STØDIG TRENINGSGRUPPE I ÅLESUNDOnsdag 6/3-24 kl 12.00 starter vi ny Sterk og stødig treningsgruppe på Aspøy ...
12/02/2024

NY STERK OG STØDIG TRENINGSGRUPPE I ÅLESUND

Onsdag 6/3-24 kl 12.00 starter vi ny Sterk og stødig treningsgruppe på Aspøy omsorgssenter.

Kven er Sterk og stødig for?
•Du er senior og bur heime
•Balansen og styrken i beina er ikkje som før
•Du kan gå utan hjelpemiddel inne
•Du kjem deg til trening sjølv (gå, buss, bil)

Sterk og stødig
•Er effektiv trening for bein og balanse
•Har kvalifiserte instruktørar
•Er sosialt
•Er billeg , berre 300 kr pr halvår

Stad: Aspøy omsorgssenter, 1.etg
Tid: onsdagar kl 12.00 13.00
Busstopp er like ved.
Gratis parkering ved registrering på automat inne ved resepsjonen. Parkering sør aust for bygget (ned til høgre).

Påmelding:
• Send e post til sterkogstodig@alesund.kommune.no
…eller…
• Ring 90 97 25 46

Av omsyn til dei med allergi, er det VIKTIG å ikkje bruke parfyme eller produkt med sterk lukt.

Bli instruktør for Sterk og stødig ÅlesundVi treng fleire instruktørar til det populære treningstilbodet. Er du glad i å...
04/09/2023

Bli instruktør for Sterk og stødig Ålesund

Vi treng fleire instruktørar til det populære treningstilbodet. Er du glad i å bevege deg, ledig på dagtid og vil leie ei treningsgruppe?

Sjå informasjon under, og gjerne denne lille videoen her:

https://vimeo.com/719861440

Vi ønsker å starte grupper i kommunedelar som enno ikkje har dette tilbodet. Samtidig er fleire av dei eksisterande gruppene allereie fulle, og i desse områda treng vi fleire grupper.

Instruktørkurset er gratis og blir halde i Blindheimsbreivika 10. Det består av eit forkurs på 2,5 timar og tre heile kursdagar:

Måndag 23.10.2023 kl 12:30-15:00
Måndag 30.10.2023 kl 09:30-15:30
Tysdag 31.10.2023 kl 09:30-15:30
Torsdag 09.11.2023 kl 09:30-15:30

Vi ser etter deg som:
- er glad i å bevege deg
- liker å jobbe med andre
- er senior eller er ledig på dagtid
- ønsker å leie ei treningsgruppe

Du som instruktør får:
- gratis instruktørkurs
- hefte med øvingar
- hjelp med igangsetting av gruppe
- vidare rettleiing av fysioterapeut
- førstehjelpskurs og fagleg påfyll
- nye vennskap

Vi håper å sjå nettopp DEG på kurset!
Påmeldingsfrist er 16. oktober 2023.

Meir informasjon:
Ved spørsmål eller påmelding kan du nå oss på e-post til sterkogstodig@alesund.kommune.no eller telefon 90 97 25 46 (måndag-fredag 10.00-13.00).

NYE FARGAR på logo og nye nasjonalt ansvarlege for Sterk og stødig 🤩Sidan sommaren 2022 er det nasjonalt senter for Aldr...
16/02/2023

NYE FARGAR på logo og nye nasjonalt ansvarlege for Sterk og stødig 🤩

Sidan sommaren 2022 er det nasjonalt senter for Aldring og helse som har overtatt ansvaret for Sterk og stødig i det ganske land 🇳🇴 No har logoen fått nye fargar, som de ser av bildet 🔴🔵

Her kan de lese meir om Sterk og stødig og kven som driv dette arbeidet vidare: https://www.aldringoghelse.no/fysisk-helse/laer-mer-om-fysisk-helse/sterk-og-stodig/
Aldring og helse har også mange andre spennande tema å lese om, så vi anbefaler at de sjekker ut dette også👍

23/01/2023

Spørsmål angåande Sterk og stødig Ålesund?
Kommentarar til innlegga våre?

Spørsmål:
Vi viser til oppgitt kontaktinformasjon, du får raskast svar dersom du tar direkte kontakt via e-postadresse eller telefonnummer. Personlege meldingar kan også sendast via denne Facebooksida. Om vi ikkje er tilgjengelege med ein gong, tar vi kontakt så snart vi kan. Vi sletter innkomne e-postar og meldingar så snart dei er svara ut.

Kommentar til innlegg:
Ålesund kommune har følgjande retningslinjer for bruk av kommentarfelt:

Skriv sakleg og kort
Du gjer oss hoppande glad om du skriv sakleg og kort, slik kan vi hjelpe deg betre og raskare. Hets eller upassande innhald er ikkje akseptert og vil bli sletta.

𝗩𝗮𝗿𝘁 𝗶𝗻𝗻𝗹𝗲𝗴𝗴𝗲𝘁 𝗲𝗹𝗹𝗲𝗿 𝗸𝗼𝗺𝗺𝗲𝗻𝘁𝗮𝗿𝗲𝗻 𝗱𝗶𝗻 𝘀𝗹𝗲𝘁𝘁𝗮?
Å vere usamd med kommunen er naturlegvis heilt ok. Vi heier på saklege kommentarar og innlegg. God debatt og usemje høyrer demokratiet til.
Det hender ein sjeldan gong at vi slettar innlegg og kommentarar:

❗ Facebook stansar sjølv innlegg og kommentarar som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk vi har lagt inn i stygt språk-filteret.
❗ Vi slettar òg manuelt innlegg som har upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Kvifor?
❗❗ Fordi hatefulle ytringar og annan trolling hemmar den frie demokratiske debatten og gjer at mange opplever sosiale medier og kommentarfelt som utrygge stader.
❗❗ Facebook har 13 års aldersgrense. Kommunens facebookside skal vere ein trygg og god plass å stikke innom åleine, også for barn på 13.
❗ Vi sletter innlegg og kommentarar der vi meiner skribenten utleverer seg sjølv eller andre på måtar som bryt med personvern eller teieplikt.
❗ Vi vurderer frå gong til gong å slette kommentarar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere.
❗ Innlegg med reklame for kommersielle produkt og tenester blir fjerna. Eller spam.

𝗔𝗹𝘁 𝗱𝘂 𝗴𝗷𝗲𝗿 𝗼𝗽𝗲 𝗽𝗮̊ 𝗙𝗮𝗰𝗲𝗯𝗼𝗼𝗸 𝗸𝗮𝗻 𝗯𝗿𝘂𝗸𝗮𝘀𝘁 𝗮𝘃 𝗮𝗻𝗱𝗿𝗲
Din eigen policy på sosiale medier er like viktig som kommunen sin. Det er viktig at du vernar om dei personlege opplysningane dine og hugsar på personvernforordningen (GDPR).

I Facebook sine retningsliner betyr innstillinga «offentleg», at du gir alle tilgang til og løyve til å bruke den aktuelle informasjonen og knytte han til deg. I Facebook sine personvernerklæring står det «at offentleg informasjon er tilgjengeleg for alle i eller utanfor tenestene våre, og kan sjåast eller blir gitt tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API'er eller media mv.» Det vil seie at dei spørsmåla du stiller og det du kommenterer på til dømes på Ålesund kommune sin facebookside, kan lesast og brukast av andre.

Vi rår til at du går inn på innstillingar på din profil, i underkategorien Personvern kan du styre tilgang til din konto. Ver og merksam på at mange appar gir tilgang til din konto. Dette kan du og styre i underkategorien Appar.

Òg har du først lagt noko ut på nett, kan det vere umogleg å fjerne det igjen. På Facebook har det vi angrar at vi skreiv ein tendens til å spreie seg uhyggeleg raskt.

Med til vår alles policy på sosiale medier høyrer påminninga om å ta pause, særleg når vi er saman med barn eller andre som set mykje meir pris på blikka våre, smila våre og merksemda vår enn eit “liker” og eit lite digitalt blunkefjes.

Med venleg helsing Sterk og stødig Ålesund

Korleis finne fram til Blindheimsbreivika 10, der vi har Sterk og stødig-gruppe onsdagar 12.00.Køyr langs Fv 391, Blindh...
16/01/2023

Korleis finne fram til Blindheimsbreivika 10, der vi har Sterk og stødig-gruppe onsdagar 12.00.

Køyr langs Fv 391, Blindheimsbreivika. Ta av frå vegen nord for bygget, køyr ned og rundt bygget, og opp igjen til sørenden av bygget. Der er det parkeringsplass, og inngang gjennom dei store glass-skyvedørene.
NB! Pga adgangskontroll på bygget, møter deltakarane opp i resepsjonen til Teknisk hjelpemiddelservice (kommunalt hjelpemiddellager) og blir henta opp til treningslokalet av instruktørane.

Adresse

Keiser Wilhelmsgate 14
Ålesund
ÅLESUND

Åpningstider

Mandag 09:00 - 14:00
Tirsdag 09:00 - 14:00
Onsdag 09:00 - 14:00
Torsdag 09:00 - 14:00
Fredag 09:00 - 14:00

Telefon

+4790972546

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sterk og stødig Ålesund legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Sterk og stødig Ålesund:

Del