13/05/2026
🎓 Overlege i nevrologi ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal har tatt doktorgrad!
🎉 Vi gratulerer Johannes Sverre Willumsen som 8. mai disputerte med avhandlinga «Epidemiology of Multiple Sclerosis: Temporal Patterns in Incidence, Prevalence, Mortality and Age at Onset».
👨⚕️ Forskinga hans gir viktig innsikt i utviklinga av MS over tid. Avhandlinga viser at førekomsten av MS aukar i Møre og Romsdal – særleg blant kvinner – og at fleire får diagnosen seinare i livet.
🏥 Samtidig er det gode nyheiter: Prognosen for dei fleste med MS har blitt betre, med lågare dødelegheit og betre behandlingstilbod enn før.
🔬 Funna peikar på at både miljøfaktorar, diagnostikk og behandling spelar ei viktig rolle i utviklinga.
💡 Kunnskapen frå studien gir eit viktig grunnlag for vidare forsking og betre pasientbehandling.