Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske

Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske Rolig treningsform med vekt på indre stabiliseringsmuskulatur i mage og rygg. Fokus på avspenning/ Fysio-Pilates, kva er det? Pilates er oppkalla etter Joseph H.

Pilates (1880-1967). Fysip-Pilates har oppgradert metoden i tråd med fysioterapifaget. Det er eit treningssystem med fokus på å styrke dei djupe rygg- og magemusklane og balanserer dei ulike muskelgruppene opp mot kvarandre. Ein jober med å løyse opp spenningar og gjer ser nytte av pusten når ein utfører øvingane. Viktige element i fysiopilates er avspenning, haldning, styrke og fleksibilitet. Du trener i ei lita gruppe og dette gjer at du får individuell rettleiing til øvingane. Fysio-Pilates for kven? Treninga passer både for godt trente og utrente, kvinner og menn, unge og eldre. Fysio-Pilates vektlegg ei trinnvis oppbygging med gradvis progresjon. Det gjer at metoden er eit godt reiskap også for den som har fysiske plager. Fysio-Pilates ønskjer å gi deg ei positiv treningsoppleving anten du er i god fysisk form, er utrent eller har plager med til dømes rygg/nakke/skulder. Litt om meg som Fysio-Pilates-instruktør:
Eg har jobba som fysioterapeut sidan 1989. Fysio-Pilates-utdanninga tok eg i Bergen i 2008 ved Studie-Pilates, Nordisk institutt for Fysio-Pilates. I løpet av utdanningsåret måtte ein ha både eigentrening og praktisk utøving i ei gruppe. For å bli godkjent Fysio-Pilates-instruktør har ein både skriftleg og praktisk eksamen. Treningstimane foregår i det nyoppussa Kjernehuset og her ligg det til rette for ei god treningsform i ei god atmosfære. Fysio-Pilates, kvar? På øya Giske, 12 km frå Ålesund sentrum, finn du Kjernehuset i Burmavegen 5. Tidlegare har det vore butikk og postkontor. Det er no oppussa til eit særeige og heimekoseleg treningslokale. Møter du opp i god tid får du oppleve venteromstua frå 60-talet. Namnet Kjernehuset kan assosierast til den djupe indre stabiliseringsmuskulaturen som også blir kalla kjernemuskulatur. Dessutan ligg huset midt i kjernen på den runde øya. Du finn her ei fredeleg atmosfære prega av ro og konsentrasjon. Samstundes som du bygg opp kroppen, vil du kjenne at øvingane gir avspenning. Dette kan eit kjærkome "pusterom" i kvardagen. Eit deltakarsitat: "No har eg lært kva eg sjølv kan gjere for å motverke ryggplagene mine."

02/08/2024
02/08/2024

Rolig treningsform med vekt på indre stabiliseringsmuskulatur i mage og rygg. Fokus på avspenning/

15/08/2023

Velkomen til Fysio-Pilates! Tirsdag og/eller torsdag. Ta kontakt for info : 45425493

Rolig treningsform med vekt på indre stabiliseringsmuskulatur i mage og rygg. Fokus på avspenning/

Adresse

Burmavegen 5
Ålesund
6052GISKE

Telefon

+4745425493

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram