24/02/2026
🌿 Damelag – første treff!
Har du litt tid til overs – eller kjenner du ei dame som kunne trenge eit roleg pust i veka?
Du er hjarteleg invitert til første samling i vårt nye Damelag
– ei arbeidstittel me finn eit betre namn på saman.
Inspirerte av Karalaget vil me skape eit roleg rom annankvar veke,
der damer kan møtast, dele kvardag og berre vere.
📅 Torsdagar i partalsveker
⏰ Kl. 11–13
📍 Biblioteket sitt store møterom
Me håpar du kjem!
Og tips oss gjerne dersom du kjenner nokon som ville ha glede av dette.
Alle er varmt velkomne – og du kan vere med og forme laget frå første stund. ♥️