
07/08/2025
Viktig melding til innbyggjarar i Vindafjord kommune: Hepatitt A-utbrot i Oslo
Det er no eit utbrot av hepatitt A knytt til matservering ved Frognerseteren i Oslo. Talet på smitta aukar, og det er også påvist tilfelle i andre kommunar.
Innbyggjarar som dei siste 14 dagane har ete uemballert mat tilberedt og servert ved Frognerseteren, får tilbod om hepatitt A-vaksine i Vindafjord.
✅Vaksinen må takast innan to veker etter besøket.
✅Personar som allereie er vaksinerte eller som har hatt sjukdomen før, treng ikkje vaksine.
✅Hepatitt A har lang inkubasjonstid (2–6 veker, vanlegvis rundt 4 veker). Symptoma varierer frå milde til alvorlege, og risikoen for alvorleg sjukdom aukar med alderen.
✅Smitte skjer fekal-oralt, og dei smitta er mest smitteførande frå to veker før til éi veke etter at symptoma startar.
✅Vaksinen er gratis, men du må betale 150 kroner for konsultasjon.
✅Ta kontakt med vaksinekontoret på mobil 913 03 842 for timebestilling. Når du har fått time er oppmøte på helsestasjonen ved Rådhuset.