Fysio - & Ergoterapi i Vindafjord Kommune

Fysio - & Ergoterapi i Vindafjord Kommune Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Fysio - & Ergoterapi i Vindafjord Kommune, Helse og medisin, Rådhusplassen 1, Ølen.

🏊🏼‍♂️🌊🧘🏼‍♀️✨
04/02/2026

🏊🏼‍♂️🌊🧘🏼‍♀️✨

🌊✨ Gratis flyteterapi under vaksenbading i februar

Vindafjordhallen symjehall ønskjer å setja i gang eit nytt tilbod for ro og velvære i bassenget – og inviterer no alle som deltek på vaksenbading torsdagskveldane i februar, til å prøva gratis flyteterapi 🧘‍♀️💧

📅 Datoar: 05.02, 12.02, 19.02 og 26.02
⏰ Vaksenbading: 18.30–20.00
💦 Flyteterapi: 20.00–20.30 (gratis i prøveperioden!)

Flyteterapi er ein metode som gir ekstra ro og avspenning i vatnet 🫶

Lyset i hallen vert dempa, berre bassenget er opplyst, og roleg akustisk musikk skapar ei avslappande atmosfære 🎶✨

Billettar til vaksenbading her:

https://vindafjordhallen.vindafjord.kommune.no/Detaljer/Event/7

Kuldegrader stoppar ikkje friskliv frå utetrening❄️Godt med ull blei kombinert med 5km tur og styrkeøvelsar idag💪🏼🧣🧤
28/01/2026

Kuldegrader stoppar ikkje friskliv frå utetrening❄️Godt med ull blei kombinert med 5km tur og styrkeøvelsar idag💪🏼🧣🧤

19/01/2026
Fysio-og ergoterapigjengen ønske alle ei rektig så god jul 🎄🎅🏼💫
18/12/2025

Fysio-og ergoterapigjengen ønske alle ei rektig så god jul 🎄🎅🏼💫

15/12/2025

Vindafjordhallen ønskjer å gå i gang med eit nytt tilbod for ro og velvære i bassenget.

Over fire kveldar er det vaksenbading frå klokka 18.30 til 20.00, og frå 20.00 til 20.30 får du høve til å prøva gratis flyteterapi.

Dette er ein metode som gir ekstra ro og avspenning i vatnet.

Lyset i hallen vert dempa, og berre bassenget er opplyst - medan roleg akustisk musikk skapar ei avslappande atmosfære.

Dette er ein prøveperiode, og veiledar for flyteterapien er Teresa Bakkedal.

Meir informasjon om tid for oppstart kjem over nyttår 🤩

05/12/2025

🌟Ny treningsgruppe for personar med KOLS

Vil du få betre pust, meir energi og auka livskvalitet?
No startar vi ei trygg og tilpassa treningsgruppe for deg som har KOLS.
For å delta må du ha sjølvstendig gangfunksjon utan ganghjelpemiddel og vere motivert for trening.

✅ Fokus på styrke, kondisjon og pusteteknikk
✅ Sosialt og motiverande miljø
✅ Tilpassa ditt nivå

📍 Stad: Treningssalen på Ølen Omsorgsenter
📅 Oppstart: Januar 2025

Ta kontakt med fysioterapeut Elin Hundseid for påmelding eller meir informasjon

📞 99300857
✉️ elin.hundseid@vindafjord.kommune.no

Del gjerne med nokon du trur kan ha nytte av dette 💙

10 grep for eit aktivt og sjølvstendig liv 🧡Aldring og helse har laga enkle og nyttige råd som kan hjelpe deg - eller ev...
05/12/2025

10 grep for eit aktivt og sjølvstendig liv 🧡

Aldring og helse har laga enkle og nyttige råd som kan hjelpe deg - eller eventuelt foreldre/besteforeldre/andre bekjente - å ha eit aktivt og sjølvstendig liv.

👇 I tillegg finn du ei sjekkliste for å kartegge fallefarer i heimen.

🎯 Kvifor er dette viktig?
Små grep i kvardagen kan ha stor betydning for tryggleik, helse og rørsleglede. Å fjerne snublefeller, sikre god belysning og halde kroppen i aktivitet kan førebygge fall og gjere det lettare å bu heime lengst mogleg.

Ta gjerne ein runde i heimen saman - det kan vere både nyttig og fint å gjere i lag 🌿 Fysio-og ergoterapitenesta har også moglegheit for å ta kartleggingsbesøk, dersom ein opplev det som nødvendig. Me kan bistå med tips og råd, og søker hjelpemiddel i dei tilfella der det er hensiktsmessig.

03/12/2025

FRISKLIVSTRENING🏃🏼‍♀️

Synest du dørstokkmila er lang? Har du utfordring med å kome i gong med fysisk aktivitet på eigahand?

Me planlegg for oppstart av neste treningsgruppe i veke 2. Treninga føregår måndagar og onsdagar kl. 10 i 12 veker, og me varierer mellom trening inne og ute.

Tilbodet er meint for dei som treng støtte til å endra levevaner. Ein treng ikkje å ha ein diagnose for å delta. Eksempel på problemstillingar kan være risiko for - eller allereie utvikla overvekt, høgt blodtrykk, diabetes, høgt kolesterol, milde og moderate psykiske utfordringar som depresjon og angst, hjartesjukdom (bør vera avklart med lege), eller muskel og skjelettsmerter.

Kriterier:
- Du har behov - og er motivert eller kan lett la deg motivera for å gjera ei helsemessig endring.
- Du er i yrkesaktiv alder (i hovedsak 18-67 år)
- Du har sjølvstendig gangfunksjon og klarar å bevege deg i terreng

Du vil også få tilbod om helsesamtale dersom du ønskjer det.

📧 Ta kontakt på E-post ved interesse: Frisklivssentral@vindafjord.kommune.no

28/11/2025

PARKINSONGRUPPE 🌸

Me nærmar oss slutten på denne runden med trening retta mot personar som lev med Parkinson sjukdom, og me ønskjer no nye påmeldingar til gruppa som startar over nyttår.

Me trenar 2 gonger i veka, med øvingar i ståande, sittande og på golvet. Opplegget føregår i 8 veker. Treninga blir leia av fysioterapeut og fysioterapistudentar.

For å delta bør du ha sjølvstendig gangfunksjon (med eller utan ganghjelpemiddel), kunne ta instruksjon og ikkje vere for avhengig av hjelp i kvardagen.

Dersom du - eller nokon du kjenner - kan ha nytte av dette tilbodet, vil me svært gjerne høyre frå deg!

Ta kontakt med fysioterapeut Gunvor på telefon 911 79 672 (tilgjengeleg kvardagar 8-15:30) eller e-post gunvor.johansson.garvik@vindafjord.kommune.no for påmelding eller meir informasjon.

Litt kulde stoppe ikkje den spreke frisklivsgjengen våras! ❄️ I dag har me gjennomført denne økta 👇🏼 Få med deg familie,...
19/11/2025

Litt kulde stoppe ikkje den spreke frisklivsgjengen våras! ❄️ I dag har me gjennomført denne økta 👇🏼 Få med deg familie, naboen eller ein venn å prøv du og 😊

🔧Utstyr: Strikk, kortstokk og tidtakar

⏰Tid: 10 min x 3 rundar.

🏃🏼‍♀️Gjennomføring: Sett tidtakaren på 10 min. Legg ein kortstokk på toppen av ein motbakke. Gå/gogg/spring opp og snu det øverste kortet. Kortet du trekke representerer øvelsen du skal gjera når du kjem ned igjen. Her har me 3 forskjellige ark som kan brukast som inspirasjon, eit ark for kvar runde. Trekk du td. ♣️ kong skal du ta 13 reps bicepscurl m/strikk, trekk du ♦️10 skal du ta 10 reps med monsterwalk/krabbegange (gjerne m/strikk rundt leggen). Når du er ferdig med øvelsen går/gogge/springer du opp igjen og snur eit nytt kort.

Lykke til! 😊

18/11/2025

🌟🟡Kvardagsrehabilitering🟡🌟

Kjenner du nokon eldre som ynskjer å bu heime men har utfordringar med å utføre daglege gjeremål? Kanskje blitt litt skrøpligare til beins over tid, eller etter ein sjukdomsperiode?

Me i kvardagsrehabiliteringsteamet kjem heim til brukar, kartlegg «kva som er viktig for deg» for å kunne mestre kvardagen betre, lagar treningsprogram og øver på eventuelle aktiviteter.

Eksempel på aktiviteter kan vera å starte opp att med turgåing, komme seg inn/ut av bustad på ein trygg måte, trene på å gå i trapp, øve på påkledning, dusje sjølvstendig, bli sterkare i armene slik at det er lettare å bære kaffikanna, osv.

Treninga skjer i heimen, opptil 3 dagar i veka i 3-5 veker, er gratis og utføres av tverrfagleg team bestående av:
Fysioterapeut: Gunvor Johansson Garvik
Ergoterapeut: Tina Günther
Sjukepleier: Maili T. Oppedal

Ta ein prat med vedkommande og tips om oss.

Link for meir informasjon i kommentarfeltet

Del gjerne innlegget 😊

17/11/2025

Adresse

Rådhusplassen 1
Ølen
5580

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4753656565

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fysio - & Ergoterapi i Vindafjord Kommune legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del