15/12/2023
Svimmelheit
11-23% av befolkninga opplev svimmelheit av ulike årsaker. Svimmelheit har kraft i seg til å påverke livssituasjonen vår både fysisk, psykisk og sosialt. Svimmelheit er ofte ein del av ein meir samansett situasjon og ikkje alltid like enkelt å finne årsaka til. Årsaker til at ein opplever t.d. balanseutfordringar, kvalme eller syns forstyrringar er mange og ofte kompliserte.
Eline er fysioterapeut med master i klinisk nevrologi. Ho har kompetanse og erfaring med diagnostikk og behandling av ulike svimmelheitstilstandar, både akutte og kroniske. Eline behandlar mellom anna krystallsjuke (BPPV), svimmelheit etter hjernerystelse, langvarig svimmelheit eller balanseutfordringar av ukjent årsak.
Årsaka til svimmelheit er viktig å finne ut av før rehabilitering blir iverksett. Svimmelheit kan også vere teikn på underliggande sjukdom som må avslørast i tidleg fase og henvisast til vidare utredning.
Det kan opplevast skummelt og utfordrande å gjennomføre rehabiliteringsprogram for svimmelheitstilstandar. Vi har fokus på tett samarbeid og oppfølging, trygge rammer og gode bevegelses erfaringar for å oppnå ønska effekt. Vi kan også henvise deg til vidare utredning ved behov.
Ta kontakt dersom du har spørsmål eller treng hjelp til å ta tak i dine utfordringar. Tlf: 70 23 93 00
Kiropraktor-og fysioterapiklinikk med diagnostikk og behandling av muskel-skjelettplager