Helse i Hardanger

Helse i Hardanger Les meir på nettsida vår:
Helseihardanger.no

Helse i Hardanger AS (HiH) er eit konsentrert tverrfagleg helsetilbod til menneske med utfordringar knytt til KOLS, post-covid, rygg, angst og depresjon eller diabetes type 2.

18/03/2024

Trass verksam og rimeleg behandling av pasientar tapa Helse i Hardanger AS (HH) kampen om pasientane. No stengjer helseinstitusjonen døra.

HELSE I HARDANGER STENGER DØRENEEtter vel fire år stenger Helse i Hardanger dørene. Då me i 2019 starta prosjektdrift i ...
18/03/2024

HELSE I HARDANGER STENGER DØRENE

Etter vel fire år stenger Helse i Hardanger dørene. Då me i 2019 starta prosjektdrift i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, var det med klar ambisjon om å skapa eit kostnadseffektivt tilbod som kunne gi relevant og dokumentert helsegevinst som varte. Målgruppa var pasientar med samansette og kroniske helseplager. Dette er noko som samfunnet verkeleg har bruk for. Me har klart oppgåva med g***s!
Med ei konsentrert behandling som kostar 1/3 av dei ordinære tilboda, har pasientar fått auka funksjonsnivå, auka arbeidsevne, redusert bruk av helsetenester – og dei har vore svært nøgde. Helse i Hardanger-modellen har med knappe ressursar, frå mange gode støttespelarar, klart å bruka helsepersonell på ein måte som få, om nokon andre, har fått til. Den enkelte pasient har fått tilgang på skreddarsydd behandling levert av relevant samansette tverrfaglege team. Resultata er publisert i høgt akta internasjonale tidsskrift, og modellen er etterspurt av andre institusjonar i Norge og i utlandet.
Til tross for at Helse i Hardanger leverer verksam behandling til lav kostnad, har me tapt på den arenaen der slaget står: Helse Vest takka nei til tilbodet, fordi dei på uforståeleg vis konkluderte med at me ikkje var konkurransedyktige på kvalitet og pris. Heller ikkje sjukehusa i regionen har sett mogelegheit for å innlemma Helse i Hardanger i si drift. Me har snudd “alle steinar” for vidare drift.
Me har fått midlar til ei rekke forskingsprosjekt, og har levert topp kvalitet. I fjor fekk me, i konkurranse med andre, tildelt eit nytt prosjekt for behandling av long-covid og eitt til behandling av seinverknader etter kreftbehandling (cancer fatigue). Når det ikkje er midlar til den daglege drift, er det ikkje mogeleg å starte opp prosjekta. Me må sei dei frå oss.
Det er for tidleg å sei kva lærdom me skal trekke av denne historia, men ein ting er sikkert: Pasientane er taparane. Og samfunnet treng at det offentlege forvaltar fellesskapet sine ressursar med klokskap – me har ikkje råd til å la folk gå med kroniske helseplager ein einaste dag for mykje. Innleiingsorda er valde med omhu: Helse i Hardanger stenger dørene – men me legg ikkje ned. Helse i Hardanger er – og skal fortsetja å vera – ei merkevare, eit kvalitetsstempel og ein arena for fagleg utvikling.

GRATULERER TIL VÅR BRILLIANTE REBELL!Tema for Vestlandskonferansen i år er Rebell, der Gerd Kvale fortel om reisa med å ...
06/02/2024

GRATULERER TIL VÅR BRILLIANTE REBELL!

Tema for Vestlandskonferansen i år er Rebell, der Gerd Kvale fortel om reisa med å utvikla konsentrerte behandlingsformat. Seinaste innovasjon: heildigitalt konsept for behandling av kroniske helseplager: Safe Choice Clinic - utvikla i samarbeid med indremedisinar Eirik Søfteland. HiH gratulerer med nyvinninga! Me er stolte over å samarbeida med Gerd og Eirik. Det er eit stort framskritt at det konsentrerte behandlingsformatet no også har blitt heildigitalt og tilgjengeleg for folk uansett kvar dei bur.

https://www.safechoice.global/

LES OM SITUASJONEN TIL HIH I DAGENS BT (link i kommentarfeltet)
15/01/2024

LES OM SITUASJONEN TIL HIH I DAGENS BT (link i kommentarfeltet)

Den til no viktigaste vitskaplege artikkelen med utspring i HiH vart publisert i dag! Den viser at det konsentrerte beha...
11/01/2024

Den til no viktigaste vitskaplege artikkelen med utspring i HiH vart publisert i dag! Den viser at det konsentrerte behandlingsformatet aukar funksjonsnivå på tvers av svært ulike tilstandar (diabetes, long COVID og kroniske ryggplager). Den verksame behandlinga kan gjennomførast med ned mot 1/3 av kostnadene samanlikna med tradisjonelle alternativ!

Background The health care is likely to break down unless we are able to increase the level of functioning for the growing number of patients with complex, chronic illnesses. Hence, novel high-capacity and cost-effective treatments with trans-diagnostic effects are warranted. In accordance with the....

22/12/2023
SVIKTAR HELSE VEST SITT SAMFUNNSOPPDRAG?Eirik Søfteland, legespesialist og FoU-leiar ved Helse i Hardanger, har følgjand...
23/11/2023

SVIKTAR HELSE VEST SITT SAMFUNNSOPPDRAG?

Eirik Søfteland, legespesialist og FoU-leiar ved Helse i Hardanger, har følgjande slåande kommentar til Helse Vest si avgjerd. Del gjerne!!!

“Stort tilbakeslag for pasienter med rehabiliteringsbehov!

Ved Helse i Hardanger har vi de siste årene utviklet et nytt behandlingstilbud som er:

- veldokumentert (med internasjonale publikasjoner),

- er tatt godt i mot av pasientene og brukerorganisasjoner,

- fyller et massivt behov,

- er billigere,

- er raskere,

- og med integrert kvalitetssikring i alle ledd (=vi VET hvordan det går med våre pasienter; skulle vært selvsagt, men er ikke det innenfor rehabilitering!)

Målgruppen er personer med kroniske sammensatte helseplager, som trenger hjelp til å ta tilbake hverdagen og livet. Behovet er enormt, og potensialet for å kunne hjelpe flere mennesker kjempestort med denne tilnærmingen.

Ved å ikke tildele en eneste rehabiliteringsplass svikter Helse Vest sitt samfunnsoppdrag!

I følge deres egen strategi (Helse 2035) skal de være innovative, foroverlente, utnytte digitale løsninger og pasientenes egne ressurser. Dessverre bommer de totalt på egen strategi, og velger i stedet å tildele basert på gammel vane og hva som passer best i et gammelt vurderingsskjema.

Dette er pinlig på vegne av Helse Vest, alvorlig for Helse i Hardanger (som kan måtte nedlegges), og katastrofalt for den nye konsentrerte behandlingsmetoden som kunne hjulpet så mange mennesker med kroniske helseplager.

Jeg håper virkelig det ikke er for sent å få snudd dette!”

UFORSTÅELEGDet er uforståeleg at Helse Vest vel vekk eit nytt behandlingsformat som betrar helsesituasjonen til pasienta...
22/11/2023

UFORSTÅELEG

Det er uforståeleg at Helse Vest vel vekk eit nytt behandlingsformat som betrar helsesituasjonen til pasientane, med mindre ressursbruk og med varig effekt. HiH viser veg når fleire blir kronisk sjuke og ressursane til å behandla dei er knappe, men Helse Vest vil ikkje ha nytenkninga! Forstå det den som kan😖

Helse i Hardanger jobber for å gjøre kronisk syke friskere på en liten uke. Nå er det klart at de ikke får en eneste rehabiliteringsplass av Helse vest.

RESSURSEFFEKTIV BEHANDLING MED DOKUMENTERT VERKNAD VART VALD BORT AV HELSE VESTHelse i Hardanger har fått ein sjokknyhet...
22/11/2023

RESSURSEFFEKTIV BEHANDLING MED DOKUMENTERT VERKNAD VART VALD BORT AV HELSE VEST

Helse i Hardanger har fått ein sjokknyhet. Sjølv om behandlinga vår har synt seg å vera ei nyvinning heilt i tråd med alle helsepolitiske føringar; både ressurseffektiv og med dokumentert verknad, har Helse Vest aktivt valgt bort HiH som leverandør av rehabiliteringstjenester! Grunngjevinga? HiH kunne ikkje konkurrera på pris eller kvalitet! Les meir her, og del gjerne!

Helse Vest vil ikkje ha ein einaste behandlingsplass. Det kan bety slutten for Helse i Hardanger AS si behandling av pasientar med kroniske helseplagar.

VER MED PÅ FØREDRAG OM HIH FRÅ DI EIGA STOVEFrivilligsentralen Grannehjelpa i Kvam skipar til tematreff på internett, og...
20/09/2023

VER MED PÅ FØREDRAG OM HIH FRÅ DI EIGA STOVE
Frivilligsentralen Grannehjelpa i Kvam skipar til tematreff på internett, og i morgon er det Sissel Aase Børve og Gerd Kvale som skal ha føredrag. Dette er verkeleg ein gylden mogelegheit til å både bli inspirert og betre kjent med HiH!

Bli med på Tematreff, og bli betre kjend med Helse i Hardanger! 🤩
Som alltid, er du med frå eiga stove. Berre klikk deg inn på denne lenkja: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Har du spørsmål om Tematreff, eller korleis du brukar nettstaden, ta gjerne kontakt med Helena på telefon 480 72 456, eller ta turen innom Grannehjelpa.
Velkomen! 😊

HELSE SØRØST SIN REHABILITERINGSKONFERANSESeniorrådgjevar Gerd Kvale og dagleg leiar Sissel Aase Børve er på Helse Sør-Ø...
07/09/2023

HELSE SØRØST SIN REHABILITERINGSKONFERANSE

Seniorrådgjevar Gerd Kvale og dagleg leiar Sissel Aase Børve er på Helse Sør-Øst sin viktige rehabiliteringskonferanse i Sandefjord. Konferansen har ca 350 deltakarar og det var stor interesse rundt rundt føredraget om Helse i Hardanger - modellen som Gerd hadde i dag.

HiH PÅ REHABILITERINGSKONFERANSEN I HAUGESUNDHelse i Hardanger er godt representert på Rehabiliteringskonferansen i Haug...
24/08/2023

HiH PÅ REHABILITERINGSKONFERANSEN I HAUGESUND

Helse i Hardanger er godt representert på Rehabiliteringskonferansen i Haugesund, og i dag hadde vår seniorrådgjevar Gerd Kvale og styreleiar Stener Kvinnsland eit engasjerande innlegg om temaet: «Er det mogeleg å ha ambisjonar om at tiltaka våre skal virka og vara?»

DET SKJEDDE EIN SNUOPERASJONI går gjesta seniorrådgjevar ved HiH, Gerd Kvale, programmet Dagens på NRK Radio og snakka l...
04/08/2023

DET SKJEDDE EIN SNUOPERASJON

I går gjesta seniorrådgjevar ved HiH, Gerd Kvale, programmet Dagens på NRK Radio og snakka litt om korleis long covid-behandlinga foregår. Trykk på linken så kjem du direkte til innslaget.

Regjeringen varsler en stor satsing på gamle kirkebygg. Hva skjer? Vi skal på pressekonferanse i Nidarosdomen. Gro Merete slet lenge med "Long Covid", men et kort behandlingsopplegg i Hardanger har gitt gode resultater.

No er saka frå tv i går ute som nettsak!
20/06/2023

No er saka frå tv i går ute som nettsak!

Behandlinga som førte Grete Alræk Iversen tilbake i jobb får no internasjonal merksemd. Men Noreg har ikkje bestemt seg for dei vil satse på opplegget.

God veke for HIH!
20/06/2023

God veke for HIH!

Førre veke var ei god veke for Helse i Hardanger AS. Det sørgde ein artikkel i eit anerkjent tidsskrift og to Dam-tildelingar for.

NYHEITSSAK PÅ NRK OM BEHANDLINGA VED HIH OG DEN INTERNASJONALE MERKSEMDA DEN FÅRKlikk på linken for å sjå saka. Seniorrå...
19/06/2023

NYHEITSSAK PÅ NRK OM BEHANDLINGA VED HIH OG DEN INTERNASJONALE MERKSEMDA DEN FÅR

Klikk på linken for å sjå saka. Seniorrådgjevar Gerd Kvale blir og å høyra på radio (NRK Hordaland) ca kl 8 i morgon tidleg.

Distriktsnyheter Vestlandsrevyen.

FOR EIN DAG!Då kan me melda om nok ei tildeling frå Dam stiftelsen: Me skal no gå i gang med et prosjekt for pasientar s...
15/06/2023

FOR EIN DAG!
Då kan me melda om nok ei tildeling frå Dam stiftelsen: Me skal no gå i gang med et prosjekt for pasientar som slit med senvirknader etter kreftbehandling. Samarbeidspartnarar er Kreftforeininga og Helse Bergen. Denne gongen er det professor Gerd Kvale som er prosjektleiar. Me gler oss stort til å gå i gang med dette viktige prosjektet.

Adresse

Øystese

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helse i Hardanger legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Helse i Hardanger:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram