Samnanger friskliv -og frivilligsentral arbeidar for å fremja folkehelse og frivillighet 💚
21/01/2026
ABC for god psykisk helse: Gjer noko MEININGSFULLT 🦋
Hold deg aktiv med noko som vert opplevd som meiningsfullt for deg. Det kan vera å lera seg noko nytt, jobba mot eit mål, gjera noko for andre eller å bidra til ei god sak. Å gjera noko meiningsfullt styrker di psykiske helse!
20/01/2026
Det blir ny runde med MEDISINSK YOGA, mandager kl.19 🧘♀️ Dette er ei roleg yoga-form med fokus på pust, nærvær og rolege rørsler 🫶 Oppstart er mandag 16.februar. Les meir om arrangementet og påmelding på Friskus ⬇️
Medisinsk yoga er ein medisinsk og terapeutisk yogaform med fokus på klinisk praksis og forskning. Medisinsk yoga passar alle som vil ha det betre, uansett utgangspunkt. Kurset er for deg som ønskjer ei roleg og enkel treningsform med yoga. Medisinsk yoga har fokus på pust, ro og nærvær og kan ...
20/01/2026
ABC for god psykisk helse: Gjer noko SAMAN 🦋
Når du er med på sosiale aktivitetar og bygger gode relasjonar til andre, gir dette ein følelse av å høyre til og ha verdi. Å vera ein del av fellesskapet gir deg støtte i kvardagen, og styrker di psykiske helse!
20/01/2026
Me har ei ny, kald, og vakker januarveke i vente, med mange kjekke treningsgrupper ☀️ Las du det flotte innlegget om frisklivsgruppene i Samningen sist veke? Møt opp og bli med du også - både friskliv lavterskel, frisklivstreninga og utetreninga er gratis og ope for alle, utan påmelding 🙌 Velkommen 🙌
19/01/2026
OBS ungdomsklubben vert denne veka imorgon tirsdag 20. januar 🥳🥳
19/01/2026
ABC for god psykisk helse: Gjer noko AKTIVT 🦋
Viss du held deg aktiv, vil du føla deg meir glad - oftare. Du kan vera aktiv på mange måtar - både fysisk, sosialt og mentalt. Du kan trena, eller finna ro og nærvær. Å vera i aktivitet styrker di og andre si psykiske helse!
15/01/2026
ABC for god psykisk helse inneheld tre råd for korleis du kan styrke di eiga og andre si psykiske helse:
💚A = Gjer noko AKTIVT (av det engelske ordet Act)
💚B = Gjer noko SAMAN (av det engelske ordet Belong)
💚C = Gjer noko MEININGSFULLT (av det engelske ordet Commit)
Dei ulike råda blir nærare presentert i komande veke 🦋
14/01/2026
ABC er ein folkehelsekampanje som handlar om å bygga og styrka psykisk helse for heile befolkninga 🧚♂️
Samnanger kommune har fått midlar frå Vestland fylkeskommune til å gjera ABC-kampanjen kjent i kommunen, og me vil derfor presentera ABC-råda for betre psykisk helse i tida framover 🤩
13/01/2026
Det har vore ein god start på 2026 når det gjeld deltaking på treningsgruppene - og det er veldig kjekt 💫 Denne veka startar bassenggruppene oppatt, og resten av aktivitetane går som normalt ⭐️ Velkommen ⭐️
12/01/2026
🌟 Småbarnstreff – onsdag 15. januar kl. 11:00–13:00 🌟
💬 Treng du ein pause frå kvardagen? Kom og møt andre foreldre og småbarn – det blir tid til prat, kos og nye bekjentskap! 👶💛
Vi har gjort det enkelt for deg:
✅ Servering: Kaffi ☕, te 🍵 og frukt 🍎
✅ Kjøkken: Mikrobølgeovn til mat og flasker
✅ For dei minste: Barnestolar og stellebord
📅 Dette skjer annakvar onsdag (oddetalsveker) – så sett av tid til deg sjølv og den vesle!
💛 Gratis og ope for alle – ingen påmelding, berre møt opp!
✨ Velkomen til ein hyggeleg formiddag der både store og små kan senke skuldrane! 🌼
06/01/2026
Nytt år og ungdomsklubben startar opp igjen imorgon 7. januar 🥳🥳Kom og bli med !
06/01/2026
Riktig godt nytt år 💫 Frisklivsentralen ønsker deg eit nytt år fylt med meistring og rørsleglede 🥰 Me har fleire treningsgrupper med låg terskel og god stemning – og du er velkomen til å bli med!
Du kan lesa meir om dei ulike gruppene på Samnanger kommune si heimeside🌟 Velkomen 🌟
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Samnanger friskliv - og frivilligsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Praksisen
Send en melding til Samnanger friskliv - og frivilligsentral:
Frivilligsentralen i Samnanger skal vera ein møteplass og brubyggjar mellom menneske i lokalmiljøet, ulike organisasjonar og det offentlege.
Aktivitetane som vert danna skal vere styrd av dei som er med, deira behov og engasjement.
Tenesta skal ikkje erstatta det offentlege hjelpeapparatet, men gje ei hjelpande hand når og der det trengs.
Frivilligsentralen er gratis for brukarane og open for ALLE.
Ikkje nøl med å ta kontakt, anten du ynskjer å vere frivillig, treng hjelp til enkle arbeids-oppgåver eller har store og små idear til aktivitetar. Me treng folk i alle aldrar og med ulike interesser. Kanskje nettopp ditt bidrag utgjer ein forskjell i kvardagen.
Frivilligkoordinatoren er på kontoret tirsdagar og torsdagar og annankvar onsdag. Om du vil ta ein tur innom så er den beste tida tirsdagar mellom kl. 12.00 og 14.30. Ta også gjerne kontakt på E-post eller telefon.