21/05/2025
Innstillinga frå Stortingets helse og omsorgskomite er klar, og på tross av støtta frå Norsk Sykepleierforbund, SPOR Vestland - NSFs faggruppe for sykepleiere innen psykisk helse og rus, Foreningen for human ruspolitikk og ProLAR Nett- nasjonalt forbund for folk i LAR, ønsker ikkje Arbeiderpartiet (sjølv om Geir Steinar Dale verkeleg har kjempa for oss), og Senterpartiet (Trygve Slagsvold Vedum, (det er lov å snu her) å støtte ein redningspakke for Gatehospitalet.
Vi har støtte fra Høyre, Rødt, SV - Sosialistisk Venstreparti, Fremskrittspartiet, Iréne Ojala i pasientfokus, og KrF Kristelig Folkeparti, som har foreslått redningspakken i stortinget.
Og til gjengen i Venstre, dykk er framleis velkomen innom oss altså 🙂
På Gatehospitalet er vi stolte av å vere ein viktig del av eit offentleg finansiert helsetilbod, som motverkar utanforskap og jobber for å minske fenomenet "utelatt helsehjelp".
Til alle dei som følger med i vår kamp - vi skal - sjølv om vi må nedskalere tilbodet, halde opent på Gatehospitalet i Bergen, så mykje vi kan. Men til hausten er det 9 sjukepleiarar som ikkje skal jobbe hjå oss lenger, og vi stenger første etasje kvar helg.
Førstkommande tysdag skal dette stemmast over i stortinget. Fram til siste stortingsrepresentant har trykka på stemmeknappen sin, så beheld vi håpet, og håper vi får fortsette som før, sjølv om vårt kompetansemiljø er mindre enn før allereie.
: Kjenner du ein på stortinget? Snakk med han eller ho no - og få oss over kneika!
Gatehospitalet i Bergen er i økonomisk krise, og håpte på hjelp fra Stortinget. Men Arbeiderpartiet mener en redningspakke kan skape en uheldig presedens.