25/11/2023
ER SØKJER 1 INDIVID TIL MASTERPROSJEKTET MITT ‼️🔥🤓
Har du erfaring med kreativitet knytt til identitetsutvikling og har opplevd internalisert skam på eit tidspunkt i livet?
Då ønskjer eg din kunnskap!🫵🏼
Send meg ein PM og LES videre her:
Førespurnad om å delta i forskingsprosjektet:
«Korleis kan kreativitet fostre positiv identitetsutvikling hos unge vaksne som har opplevd internalisert skam».
Dette er eit spørsmål til deg om å delta i et forskingsprosjekt der formålet er å undersøke korleis kreativitet fostrar positiv identitetsutvikling hos unge vaksne som har opplevd skam. I dette skrivet får du informasjon om måla for prosjektet og kva deltaking vil innebere for deg.
FORMÅL📄
Psykisk helse er viktig i folkehelsearbeidet og er ein av dei store helse- og samfunnsutfordringane i Noreg, med aukande førekomst av psykiske utfordringar hos unge. Ein positiv identitet og god sjølvkjensle er eit viktig grunnelement for å byggje god psykisk helse og livsmeistring, samt oppleving av velvære. Studiar på forskingsfeltet viser at kreativitet har positiv innverknad på både skam og identitetsutvikling. Med dette forskingsprosjekt er formålet å undersøkje korleis kreativitet fostrar positiv identitetsutvikling hos enkeltindividet. Vidare vil ein utvikle kunnskap i høve til korleis menneske tar i bruk kreativitet i sin identitetsutvikling og på kva måte den kreative prosessen har bidratt til vekst for individet. Målsettinga til prosjektet er at kunnskapen kan bli overført til å utvikle helsefremmande intervensjonar i høve til psykisk helse både på eit individuelt plan og i større samfunnskontekstar.
Inklusjonskriteriar i prosjektet:
- erfaring med kreativitet relatert til positiv identitetsbygging (sjølvtillit, sjølvbilete og sjølvverdi)
- har opplevd internalisert (langvarig) skam
- 18 – 30 år
- inga pågåande klinisk diagnose
- utviklingsutfordringar.
Kva inneberer det for deg å delta?💡
Deltaking i studien inneber eit individuelt intervju om erfaringar knyta til kreativitet og positiv identitetsbygging. Intervjuet vil setje søkelys på dei helsefremmande aspekta ved kreativitet og vil innehalde spørsmål knyta til erfaring og oppleving av kreativitet i høve til positiv identitetsutvikling.
Det vil også vere ønskeleg å supplementære intervjuet med et valfritt kreativt produkt som er laga av deltakar, er upublisert og som fortel noko om den positive identitetsutviklinga gjennom kreativt uttrykk.
Samtalen tar omtrent 45 - 90 minuttar, inkludert briefing og debriefing og det vil bli gjort lydopptak av intervjuet.
TA KONTAKT OM DU ØNSKJER Å BLI MED ELLER ØNSKJER MEIR INFORMASJON!