09/02/2026
Kanskje kan dette vere noko for deg eller nokon du kjenner? 🤩
🏥 Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide innan helse og omsorg?
🙌 Den 18. februar inviterer vi til ein opplæringsdag på Eidet omsorgssenter, der deltakarane får oppleve arbeidskvardagen i sektoren på nært hald.
👋 Opplæringsdagen er perfekt for deg som er over 16 år (eller fyller 16 i 2026) og som vurderer utdanning eller jobb innan helse og omsorg. Her får du vere med på enkle, praktiske øvingar, du får møte fagfolk frå ulike delar av tenesta, og høyre om utdanningsvegar og jobbmoglegheiter.
⭐ Det er Malin Sandnes Oterhals og Helle Ulla Ingelsrud som er kurshaldarar og som vil lose deltakarane stødig gjennom dagen😊
👇 På nettsida vår kan du lese meir om tilbodet, sjå link i kommentarfeltet.
⏳ Påmeldingsfrist er den 16. februar.