05/12/2025
Her har vi laga nokre lekre briller med gradert farge i glassa – det vesle ekstra som løftar ei allereie fin innfatning 👓
Desse har grøn farge gradert frå 30 til 0, frå toppen og ned til midten, noko som gir eit roleg, stilreint og behageleg uttrykk.
Glassa er behandla med HMX Aurora, ei toppmoderne overflatebehandling som kombinerer høg slitestyrke med avansert antirefleks.
Resultatet er klart syn utan forstyrrande refleksar og eit nesten usynleg brilleglass.
Den antistatiske og hydrofobe effekten gjer at vatn og støv prellar av, slik at glassa held seg reine lenger og er enkle å vedlikehalde. I tillegg får du full UV-beskyttelse.
Desse glassa kjem frå vårt eige merke Privilegium. Vi har eit stort utval i fargar, ulike graderingar og fargeskiftande glas som blir til solbriller når du går ut – og dei kan til og med kombinerast slik at du får éin basefarge inne og ein ny når du er ute! 👓🕶️
Kva synes du? ✨