Pilatesstudioet

Pilatesstudioet Pilatesstudioet er eit lite og personleg studio som tilbyr pilatestrening i små grupper eller private timar. Alle kan trene pilates!

Dyktige og erfarne instruktørar har høve til å sjå den enkelte og tilby trening med kvalitet og tett oppfølging og rettleiing. Me legg stor vekt på å sikre at du gjer øvingane effektivt og korrekt. Pilatesstudioet er det einaste pilatesstudioet på Jæren. Hos oss kan du trene på matte med bruk av små hjelpemidlar som ball, strikk, sirkel og rull for variasjon eller på spesialdesigna pilatesapparat. Pilates er ei funksjonell trening for styrke og mobilitet, kroppshaldning og kroppsbevissthet. Målet er å få ein kropp i balanse og ein kropp som fungerer optimalt. Du kan trene hos oss sjølv om du ikkje har trent før, om du har behov for rehabiliterande trening, eller om du er godt trent og ynskjer å nytte Pilates for å oppnå betre treningsresultat og redusere risiko for skade. Med regelmessig pilatestrening vil du oppnå ein gradvis sterkare og meir fleksibel kropp, utvikle sterkare kjernemuskulatur, flottare og sterkare kroppshaldning, betre balanse, auka kroppskontroll og -kontakt, redusert stressnivå, og meir energi i kvardagen. Treninga vil gje ein kropp som fungerer betre i kvardagen. Pilatesstudioet ligg sentralt på Bryne i 2.etg i “Gamle Bryne mek”. Det er kort gangavstand til tog og buss og me har gode parkeringsfasilitetar med gratis parkering i samband med treninga.

VELKOMMEN ATTENDE PÅ TRENING!Studioet er nyvaska og mattene og reformerane står klar til ny sesong med pilates på Bryne....
13/08/2025

VELKOMMEN ATTENDE PÅ TRENING!

Studioet er nyvaska og mattene og reformerane står klar til ny sesong med pilates på Bryne. Me gler oss til kvardag og fullt studio med treningsglade kunder.

Gruppene våre er heilt fulle i haust til tross for fleire timar på timeplanen enn nokon gong. Det er veldig kjekt at så mange har oppdaga piltates som treningsform. Me set også enormt stor pris på våre trufaste kunder som oppdaga pilates før reformertrening vart pop og som har trent saman med oss i mange år.

Eg vil få litt ledig kapasitet til PT-timar utover hausten. Ta gjerne kontakt om du er nyskjerrig på pilates så finn eg ein time til deg.

HAR DU LYST Å TESTE PILATES PÅ BRYNE? EG HAR NO LAGT UT PÅMELDING TIL EKSTRATRENINGAR I JUNI.Alle kan melde seg på alle ...
16/06/2025

HAR DU LYST Å TESTE PILATES PÅ BRYNE?
EG HAR NO LAGT UT PÅMELDING TIL EKSTRATRENINGAR I JUNI.

Alle kan melde seg på alle timar!
Send med ein sms 91580866 eller ein PM.

Gruppene er små og du får tett oppfølging under treninga.

Tysdag 17.06.
kl 0900 matte ope nivå

Onsdag 18.06.
kl 0900 matte ope nivå
kl 1745 reformer
kl 1900 matte ope nivå

Måndag 23.06.
kl 1630 matte ope nivå
kl 1745 reformer (fullt)

Tysdag 24.06.
kl 0900 matte ope nivå

Onsdag 25.06.
kl 0900 matte ope nivå
kl 1745 reformer
kl 1900 matte ope nivå

Pris:
Reformer kl 280,-
Pilates på matte kr 245,-

HURRA! DET ER NO LITT LEDIGE PLASSAR PÅ TRENING PÅ FØREMIDDAG I HAUST: - TYSDAG:            kl 0900: 1 ledig - ONSDAG   ...
16/10/2024

HURRA!

DET ER NO LITT LEDIGE PLASSAR PÅ TRENING PÅ FØREMIDDAG I HAUST:

- TYSDAG:
kl 0900: 1 ledig
- ONSDAG
kl 0900 matte1: 2 ledig


TA KONTAKT OM DU HAR LYST Å VERE MED OSS PÅ TRENING I HAUST - fyrstemann til mølla!

(Det er mogleg å sette seg på venteliste om ein ynskjer å vere med på reformertrening eller andre grupper på matta)

EKSTRATRENINGAR FØR SOMMAREN LYST Å VÆRE MED OSS PÅ TRENING FØR ME TEK FERIE?MELD DEG PÅ time ved sende ein sms til 9158...
28/05/2024

EKSTRATRENINGAR FØR SOMMAREN

LYST Å VÆRE MED OSS PÅ TRENING FØR ME TEK FERIE?

MELD DEG PÅ time ved sende ein sms til
91580866

Tysdag 18.juni
kl 0900 matte ope nivå

Tysdag 25.juni
kl 0900 matte ope nivå

Onsdag 26.juni
kl 0750 menn
kl 0900 matte ope nivå
kl 1015 rehab
kl 1745 reformer
kl 1900 matte ope nivå

Torsdag 27.06.
kl 1505 reformer



Pris:
Matte kr 235,-
Reformer 275,-
Menn kr 250,-

Med Lisa Aisato sitt bilete sender Pilatesstudioet ut håpefulle hjarter med håp og tru for eit godt 2024. Ynskjer alle g...
02/01/2024

Med Lisa Aisato sitt bilete sender Pilatesstudioet ut håpefulle hjarter med håp og tru for eit godt 2024.

Ynskjer alle gode og trufaste kunder og støttespelarar eit godt nytt treningsår. Eg gler meg til masse god trening og samvære saman i det nye året.

Me har oppstart av nye kurs i veke 3. Ettermiddag- og kveldsgrupper er no fulle, men det er høve å sette seg på venteliste. Eg har litt ledig kapasitet på gruppene på føremiddag så ta gjerne kontakt om du har litt ledig tid på dagen og ynskjer å trene med oss.

Velkommen 2024!

ER DU VÅR MANN PÅ REFORMEREN? Det er no ledig plass på gruppa med PILATES FOR MENN på torsdager kl 0750. Tek du utfordri...
16/08/2023

ER DU VÅR MANN PÅ REFORMEREN?

Det er no ledig plass på gruppa med PILATES FOR MENN på torsdager kl 0750. Tek du utfordringa?

Send meg ei melding om du har lyst å vere med!

TIMEPLAN HAUSTEN 2023med oppstart veke 33 I haust er dei fleste grupper fulle, men me har heldigvis litt ledig plass på ...
14/08/2023

TIMEPLAN HAUSTEN 2023
med oppstart veke 33

I haust er dei fleste grupper fulle, men me har heldigvis litt ledig plass på morgon-/ føremiddagstimane.

Ta kontakt om du har lyst å være med oss på trening på dagtid

LYST Å VERE MED PÅ BARSELTRENING I HAUST? Kursa går over 10 vekerHar du nettopp blitt mamma og lyst å kome i gang med tr...
07/08/2023

LYST Å VERE MED PÅ BARSELTRENING I HAUST?
Kursa går over 10 veker

Har du nettopp blitt mamma og lyst å kome i gang med treninga att? Pilatesstudioet tilbyr pilatestrening i barseltida.Kom i form etter fødselen med fysioterapeut og pilatesinstruktør Hanne Haldorsen Sunde som instruktør!

Hanne har meir enn 10 års erfaring med barseltrening, og vil gje kvar enkelt tett oppfølging og personleg rettleiing. Treninga er i små grupper.

Babyen er velkommen med på trening om du ynskjer det.
Pilates for mor og barn er eit kurs over 10 veker der du effektivt byggjer opp att kroppen etter svangerskapet og fødselen. Me vil i treninga leggje vekt på muskulatur rundt mage og rygg samt bekkenbotn og kroppshaldning. Me vil trena på grunnprinsippa i Pilates og du vil oppleve å få magemusklar på plass att, bli sterkare i bekkembunnsmusklulatur, oppnå bedre haldning og gradvis bli sterkare i kroppen.

Ta kontakt om du har lyst å vere med på
post@pilatesstudioet.no
eller på tlf 915 80 866

Heimekontor.Fantastisk med camping og ferie, men no er det på tide å starte kvardagen. Gler meg til å kome attende til s...
06/08/2023

Heimekontor.

Fantastisk med camping og ferie, men no er det på tide å starte kvardagen. Gler meg til å kome attende til studioet på måndag og er superklar for ny treningshaust.

Det er nokre ledige plassar i utvalgte grupper på kursa som starter i veke 33.
Ta kontakt om du har lyst å trene med oss.

Velkommen til Pilatesstudioet!

EKSTRATRENING FØR FERIENLedige dropintimar.Meld deg på - timane er opne for alle!Tysdag 20.junikl 0900 matte ope nivåMån...
12/06/2023

EKSTRATRENING FØR FERIEN

Ledige dropintimar.
Meld deg på - timane er opne for alle!

Tysdag 20.juni
kl 0900 matte ope nivå

Måndag 26.juni:
kl 1745 reformer
kl 1900 matte ope nivå

Onsdag 28.juni
kl 0900 matte ope nivå
kl 1015 rehab
kl 1745 reformer
kl 1900 matte ope nivå

torsdag 29.juni
kl 1505 reformer

Pris:
Matte kr 235,-
Reformer kr 275,-

Adresse

Arne Garborgsvei 15//17
Bryne
4344

Åpningstider

Mandag 06:00 - 22:00
Tirsdag 06:00 - 22:00
Onsdag 06:00 - 22:00
Torsdag 06:00 - 22:00
Fredag 06:00 - 00:00
Lørdag 05:00 - 00:00
Søndag 05:00 - 00:00

Telefon

+4791580866

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Pilatesstudioet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Pilatesstudioet:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram