03/03/2025
Hei 😃
Det har vært litt stille fra Magnolia Helse ei stund. Først fordi eg var travel i ny 100% stilling i barnehage, og så fordi eg fekk påvist brystkreft. Eg har alltid vore interessert i helsa, og ka me kan gjer for vår egen kropp, men nå fekk denne interessa ein heilt annan dimensjon.
Eg fekk den største motivasjonen ein kan få, til å virkelig dykka endå djupare ned, og ta i bruk alt nytt og gammalt eg har lært. For ein ting er sikkert; dette skal eg komma meg gjennom, og helst med så lite bivirkninger som mulig, og forhåpentligvis forebygga eventuelle tilbakefall seinare i livet.
Eg ville finna ut koffor min kropp har utvikla kreft. Det kan virka litt provoserande på nokon, men for meg er det ein trygghet i at kanskje noko i min livsstil har gjort at eg enda her. For det betyr at det er noko eg kan ta tak i, og gjer noko med, i staden for å tru det bare er snakk om uflaks...🤷♀️
Dersom du vil følge med videre på denne reisa, både om kordan det går med meg, men og ting eg lære på veien, som kanskje du og kan ta i bruk, kan du søka opp på Instagram 🥰
Så håpe eg at eg er klare for å ta i mot kunder til behandling igjen før året er omme 🤩