22/01/2026
Tilbod frå familieteamet i Vindafjord og Etne kommune🌷
Går sinnet ditt ut over dei du er glad i? Du er ikkje åleine – og det finst hjelp.
🗨️ Bestefar var sint, pappa var sint. Men det stoppar med meg!
– tidlegare deltakar
No startar sinnemeistringskurs i Vindafjord, og kurshaldarane frå Familieteamet gler seg til å ta imot nye deltakarar.
🗨️ Det er inspirerande å sjå korleis kurset kan bidra til positiv endring hjå andre,
seier Malin Engelsen Kaldheim.
Sinnemeistring handlar ikkje om å bli ein annan person, men om å ta kontroll over eigne reaksjonar og bryte mønster som går i arv – eller som øydelegg relasjonar.
🗨️ Mange kjenner på skam når sinnet blir for sterkt, men å søkje hjelp er eit teikn på styrke, ikkje svakheit, fortel Liv Jorunn Rygg.
Kurset er basert på Brøset-modellen, ein godt dokumentert metode som blir brukt over heile landet.
Mange opplever varig endring – både i kvardagen og i nære relasjonar.
🗨️ Me ønskjer at deltakarane skal sitja igjen med meistringsfølelse og gode verktøy. Mange fortel om fleire aha-opplevingar undervegs,
fortel Liv Jorunn Rygg.
Ho legg til:
🗨️ Sinne er ei viktig kjensle. Det kan vere eit sunt signal og eit vern. Det handlar om å bli meir bevisst eigne mønster og få strategiar for å takle kjensler på ein betre måte.
Kurset går føre seg i ei trygg gruppe med klare reglar og tausheitsplikt.
🗨️ Det er aldri for seint å få til endring. Berre det å erkjenna at ein strevar og melda seg på, er eit stort og modig steg, påpeikar dei engasjerte kurshaldarane.
Praktisk informasjon:
✔️ Gruppekurs over 15 veker (2 timar per gong)
✔️ Moglegheit for individuelle samtalar
✔️ For kvinner og menn over 18 år – eigne modular for ungdom (15–18 år)
✔️ Du treng ikkje tilvising
📩 Vil du vite meir eller melde deg på?
Ta direkte kontakt med familieteamet:
📞 Liv Jorunn Rygg – 94 80 51 35 | liv.jorunn.rygg@vindafjord.kommune.no
📞 Malin Engelsen Kaldheim – 40 43 19 28 | malin.engelsen.kaldheim@vindafjord.kommune.no
🌱 Kanskje dette er starten på ei varig endring – for deg og dei du er glad i.