Manuellterapeut Svein Inge Sunde

Manuellterapeut Svein Inge Sunde Side om ulike tema innanfor helse.

Cauda equina syndromeRyggmargen endar rundt L1, og dei lumbale og sakrale nerverøtene fortset samla nedover spinalkanale...
23/08/2025

Cauda equina syndrome

Ryggmargen endar rundt L1, og dei lumbale og sakrale nerverøtene fortset samla nedover spinalkanalen. Nervevev frå L2-S5 dannar ein lang, spagettiliknande samling med nerverøter, og blir kalla for cauda equina, som er latin for hestehale. Sjå bilde 2.

Kva er så viktig med cauda equina? Jo, her har du sensoriske nervar som fortel deg at blæra og tarmane er fulle, og dei motoriske nervane som fortel deg korleis du skal tømme blæra og tarmane, eller at du må vente litt til du kjem heim. Cauda equina har også dei sensoriske nervane som fortel deg at kjønnsorgana blir berørt, og dei motoriske nervane til dei. I tillegg har cauda equina dei sensoriske nervane som fortel deg kva som skjer nedover beina dine, og dei motoriske nervane som fortel korleis du skal bevege beina. Så, ein sunn cauda equina er ikkje essensiell for livet, men dei fleste vil seie at cauda equina er essensiell for deira livskvalitet!

Det er mange ting som kan skade cauda equina, som til dømes infeksjonar, aneurisme, traume, nevrologiske tilstandar, maligne/benigne kular/tilstandar, og prolaps. Den mest vanlege årsaka til cauda equina syndrom er lumbalt prolaps.

Men ikkje eit kva som helst prolaps, det må vere eit sentralt prolaps. Dette ser ein godt på bilete 3. På biletet 3 ser ein eit sentralt prolaps ved S1, og kan potensielt skade nervevev frå S1-S5.

Ettersom eit sentralt prolaps kan lage stor skade hos ein person, er det heldigvis slik at det skjer sjeldan. Dersom ein klinikar har innom 1000 til 2000 akutte ryggpasientar, er det truleg at ein av dei har cauda equina syndrom. Og desse sentrale prolapsa skjer sjeldan fordi det er mykje beskyttelse rundt nervevevet, med bl.a. eit sterkt leddband som heiter longitudinale ligament, samt at denne hestehalen med nervevev heng ganske laust, slik at nervevevet kjem seg unna dersom det er noko som potensielt kan presse på.

Men kva symptom skal ein vere obs på? Det blir nemnt ein eller fleire av: blæredysfunksjon, tarmdysfunksjon, seksuell dysfunksjon og tap av følelse rundt genitalia/anus/innsida av låra. I tillegg er det svært vanleg med korsryggsmerter og eller smerter nedover beinet eller begge beina.

Vi kan gå litt nærmare inn på desse symptoma. Slettes ikkje alle har alle desse symptoma. Veldig ofte kan ein i starten oppleve korsryggsmerter og smerter som strålar nedover eitt eller begge bein.

Rundt 80 % med cauda equina syndom har redusert følelse rundt kjønnsorgan/innside lår/anus, og er dermed eit vanleg symptom.

Vidare er det også vanleg med blæredysfunksjon, og det mest vanlege symptomet i tidleg fase er vanskar med å initiere urinering og tap av følelse når ein urinerer. Men blæredysfunksjon kan innehalde mange symptom, alt etter kor ein er i fasen, der urinretensjon (manglande evne til å tømme blæra) og inkontinens kan skje.

Mellom 20 og 50 % har ein form for tarmdysfunksjon, som manglande evne til å kontrollere tarmen eller tap av følelse når ein skal få ut avføring.

Mindre enn 20 % med cauda equina syndrom opplev seksuell dysfunksjon.

For å kartlegge om det faktisk dreier seg om cauda equina syndrom, blir det tatt MR, og ein slik undersøking blir ofte prioritert slik at ein kjem raskt til. Dersom plagene blir ståande å utvikle seg, kan resultata blir mindre effektive ved operasjon enn dersom ein kjem raskt til.

All denne informasjonen har eg henta frå boka Cauda Equina Syndrom, av Tom Jesson og Rob Lowe. Fantastisk bok, som har endra min kliniske praksis. Eg vil anbefale alle som ser mange korsryggpasientar å lese denne boka, for då er du førebudd når din første cauda equina pasient kjem. For den vil kome i løpet av karrieren din.

Nyleg var eg i Paradox museum i Oslo, og der fekk eg oppleve svimmelheit og ubalanse på ein svært interessant måte. Her ...
01/08/2025

Nyleg var eg i Paradox museum i Oslo, og der fekk eg oppleve svimmelheit og ubalanse på ein svært interessant måte.

Her er det laga til ein «paradox tunnel». Ein skal gå gjennom tunnelen, og det er umogleg å gå rett fram! Kva skjer? Denne romslege utstillinga du kan gå gjennom har ein djupt forstyrrande effekt på oppfatninga di av tyngdekrafta si retning. Inne i tunnelen kan ei enkel oppgåve som å gå rett fram virke umogleg.
Tunnelen er i utgangspunktet ei rørform, og når du går i den, roterer denne røret sakte rundt deg. Denne bevegelsen blir oppdaga av synet, som hjernen din ikkje kan behandle skikkeleg, og det får det til å virke som om heile verda snur seg opp ned. Wow!
Dette var verkeleg interessant, eg hadde ikkje mogelegheit til å gå rett fram sjølv om plattforma eg gjekk på var heilt i ro. Utruleg fasinerande!

Ein kan også linke denne opplevinga opp mot PPPS, som er ein svært vanleg diagnose innanfor svimmelheit. Pasientar med PPPS har ofte utvikla mykje avhengigheit opp mot synssansen, og kan føle seg svimmel/ustødig i ulike situasjonar med bevegelse rundt seg, som til dømes å gå i eit kjøpesenter eller sitte på kafe med folk i bevegelse rundt seg.

Eg har mange PPPS pasientar, og då er det viktig å kome i gang med vestibulær rehabilitering og evt kognitiv terapi.

Om du har langvarig svimmelheit, ta kontakt med helsepersonell med interesse for vestibulær rehabilitering, så kan det vere du får den hjelpa du treng.

Rundt 80 000 nordmenn opplev å få krystallsjuka kvart år. Dersom du opplev ein kortvarig og intens svimmelheit i samband...
08/07/2025

Rundt 80 000 nordmenn opplev å få krystallsjuka kvart år. Dersom du opplev ein kortvarig og intens svimmelheit i samband ein eller fleire av desse stillingsendringane, kan du ha krystallsjuka. Desse er
✅ Snu seg i senga
✅ Legge seg ned
✅ Reise seg opp frå ryggleie
✅ Bøyge seg fram
✅ Strekke hovudet bakover
Det er som oftast god hjelp å få hos helsepersonell dersom du har krystallsjuka.

Det går mot ferietider, og eg har siste arbeidsdag fredag 11. juli. Eg er attende på arbeid måndag 11. august. Dersom du...
30/06/2025

Det går mot ferietider, og eg har siste arbeidsdag fredag 11. juli. Eg er attende på arbeid måndag 11. august.

Dersom du skulle få krystallsjuka medan eg har ferie, kan du sende ein e-post til post@mtsunde.no. Om eg er heime, så kikar eg sjølvsagt på dette.

God sommar!

Mange pasientar oppsøker meg grunna smerter i kroppen. I samband med dette, spør eg om ulike ting som har innverknad på ...
20/06/2025

Mange pasientar oppsøker meg grunna smerter i kroppen. I samband med dette, spør eg om ulike ting som har innverknad på opplevd smerte.
Ofte blir søvnkvalitet kartlagt. Og det er mange pasientar som seier dei nyttar medisinen kvetiapin som sovemedisin.

Kvetiapin er eit andregenerasjons antipsykotikum med godkjent indikasjon for behandling av schizofreni og bipolar lidelse, samt tilleggsbehandling ved depresjon (1). Søvnigheit er vanleg biverknad ved bruk av legemiddelet, og dei seinare åra har det vore ein aukande forskriving av kvetiapin i dosar på 25–100 mg for behandling av insomni (2). «Kvetiapin har ingen plass i behandling av rene søvnproblemer uten psykiske lidelser – slik forskrivning er en uting», seier Bjorvatn som er leiaren av Nasjonalt kunnskapssenter for søvn (1). Kvetiapin gi vektauke og negativ påverknad på fett- og kolesterolprofilen i blodet, seier Joachim Frost, overlege og spesialist i klinisk farmakologi (1). Les også denne: Linnea fekk antipsykotika for å sove – forskarar åtvarar mot overdriven bruk, lenke nedanfor (3).

Nyttar du denne medisinen din, prat med fastlegen om det er hensiktsmessig å gå på denne medisinen.

1. Dagens medisin vHBI. Off label-bruk av kvetiapin: – En skummel tendens 2024 [Available from: https://www.dagensmedisin.no/antipsykotika-bipolar-lidelse-depresjon/off-label-bruk-av-kvetiapin-en-skummel-tendens/637689.
2. Debernard KAB, Frost J, Roland P-DH. Kvetiapin er ikke en sovemedisin. Tidsskrift for Den norske legeforening (trykt utg). 2019;Årg. 139, nr. 13 (2019):1246-8.
3. nrk.no aKNB. Linnea fekk antipsykotika for å sove – forskarar åtvarar mot overdriven bruk 2021 [Available from: https://www.nrk.no/trondelag/linnea-maaloe-kron-fekk-antipsykotikaet-kvetiapin-for-a-sove_-forskarar-atvarar-mot-overdriven-bruk-1.15587397.

Snart er det Jølster maraton! Dette er eit kjempeflott arrangement, der du finn ein distanse som passar for deg! Om du ø...
16/06/2025

Snart er det Jølster maraton! Dette er eit kjempeflott arrangement, der du finn ein distanse som passar for deg! Om du ønskjer å sette pers, kan dette vere rette løypa for deg.
(Dette er ikkje sponsa, eg slår eit slag for folkehelsa og opplyser folk om dette).

Kvifor har nokre smerte nedover beinet, men det blir ikkje påvist prolaps på MR? Dette er veldig vanleg, og har ulike fo...
18/05/2025

Kvifor har nokre smerte nedover beinet, men det blir ikkje påvist prolaps på MR?
Dette er veldig vanleg, og har ulike forklaringar.
Ei forklaring er at MR-undersøking ikkje er nøyaktig nok til å sjå problemet. Eit døme på dette er at mange prolapsar er posisjonsavhengig, og dukkar dermed ikkje opp på mr-bilete tatt av personen i ryggleie, dei dukkar kun opp i ståande posisjon (1).

Ei anna forklaring, er at mange prolapsar vil med tida minske (og til og med forsvinne), der ein ser ingenting på mr-biletet, sjølv om konsekvensane av prolapset med nervebetennelse og venøs opphoping held fram (1).

I tillegg kan også smerta pasient opplev, vere referert frå andre strukturar, der ein kan oppleve tilsvarande symptom og plager som ved eit prolaps (1).

Konklusjon: MR er i mange høve eit godt hjelpemiddel, men du som pasient kjem svært langt med å starte hos helsepersonell som set av god tid til å høyre på di historie og dine problem, etterfølgt av ei grundig klinisk undersøking.

1. Jesson T. Understanding Sciatica2023.

Du blir aldri for gammal til å trene!Trening kan bremse det aldersbestemte forfallet og hjelpe deg å oppretthalde dine e...
09/05/2025

Du blir aldri for gammal til å trene!
Trening kan bremse det aldersbestemte forfallet og hjelpe deg å oppretthalde dine evner til å klare dagleglivet sine oppgåver, noko som fører til en lettare kvardag og en betre sjølvkjensle.

Til hausten skal eg på eit 72 timars kurs i fysioterapi for eldre. Gler meg til dette!

Det her er skikkeleg stilig! Styrketrening for eldre har ein utruleg helsegevinst, både fysisk og psykisk 💪💥
19/04/2025

Det her er skikkeleg stilig! Styrketrening for eldre har ein utruleg helsegevinst, både fysisk og psykisk 💪💥

Da kona ble syk, tok Magne et spesielt valg. Samtidig fant han en utrolig styrke.

Vestibulær migrene (VM) er ein av dei vanlegaste årsakene til vertigo. Behandling er anfallsforebyggane tiltak med elimi...
18/04/2025

Vestibulær migrene (VM) er ein av dei vanlegaste årsakene til vertigo. Behandling er anfallsforebyggane tiltak med eliminasjon av migrenetriggere samt med medikamentell anfallskuperende og medikamentell anfallsforebyggande behandling (1). Vestibulær rehabilitering med auge-hovud-koordinasjonsøvingar og balanseøvingar har truleg ikkje noko hensikt ved behandling av vestibulær migrene (2). Men det er mange med VM som har vedvarande bevegelsesutløyst svimmelheit og visuell hypersensitivitet, og det er difor anbefalt å gjere habitueringsøvingar (2).
Dersom du lurer på om du har VM, ta kontakt med helsepersonell som jobbar med dette, for du kan få hjelp med å få ein betre kvardag.

1. Wilhelmsen K, Skøien AK, Tamber A-L. Fra svimmelhet til balanse : vestibulære sykdommer : teori, undersøkelse og rehabilitering. 1. utgave. ed. Bergen: Fagbokforlaget; 2020.
2. Kesgin F. Physiotutors2019. Vestibular rehabilitation, expert course.

Langdistanseløping har mange helsemessige gevinstar, men det har vore ei oppfatning blant folk at denne aktiviteten ikkj...
29/03/2025

Langdistanseløping har mange helsemessige gevinstar, men det har vore ei oppfatning blant folk at denne aktiviteten ikkje er bra for ledda. Dei siste åra, har det kome fram fleire og fleire artiklar som viser at langdistanseløping ikkje gir auka risiko for utvikling av artrose.

Artikkelen til Hartwell og fleire (1), føyer seg inn i denne rekka. Dei har evaluert så mange som 3804 løpera, og konklusjonen er: langdistanse løping gir ikkje auka risiko for artrose! Sitat: «Despite clear evidence that running provides positive health benefits, and a growing body of evidence suggesting running does not hasten joint degeneration, many patients, with or
without arthritis, are being advised by their physician to reduce their running or eliminate it from their routine altogether».

Så, det kan sjå ut som at tanken om at langdistanseløping er skadeleg for kne og hofte er ei myte som har oppstått utan noko god dokumentasjon bak seg.

Oppsummert, jogg i veg i årevis framover, og nyt dei, mange, mange positive helsegevinstane ein kan få ved jogging!

1. Hartwell MJ, Tanenbaum JE, Chiampas G, Terry MA, Tjong VK. Does Running Increase the Risk of Hip and Knee Arthritis? A Survey of 3804 Marathon Runners. Sports health. 2024;16(4):622-9.

Denne veka har eg gjennomført kurs i temaet Funksjonell nevrologisk lidelse (FNL).FNL omfattar ei rekke ulike symptom fr...
14/02/2025

Denne veka har eg gjennomført kurs i temaet Funksjonell nevrologisk lidelse (FNL).
FNL omfattar ei rekke ulike symptom frå nervesystemet: paresar, endra motorisk styring, skjelvingar, sensoriske endringar, talevanskar, anfall, svimmelheit og fleire andre. Disse symptoma er imidlertid IKKJE foreinleg med nervesystemet si oppbygging og funksjon eller kjente nevrologiske/somatiske sjukdomar.

Behandling: grundig gjennomgang og forklaring av diagnosen er eit svært viktig første ledd i behandlinga av FNL. Fysisk aktivitet, der ein forsøker å redusere merksemda på feilfunksjon og fremje automatiserte bevegelsar er anbefalt.
Kjelde: Nevrologi og nevrokirurgi. Frå barn til voksen (2024).

Adresse

Hafstadvegen 36
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4748382477

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Manuellterapeut Svein Inge Sunde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Manuellterapeut Svein Inge Sunde:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram