04/09/2025
https://www.facebook.com/share/p/14HL5aKk1pP/
MARITA (32) ER DEN NYE SJEFEN HER 😀😀😀
Det er klart for sjefsskifte ved Apotek 1 på Alti Førde. - Då eg fekk tilbod om å overta denne jobben, så takka eg sjølvsagt ja, smiler Marita Sandven.
Mangeårig apoteksjef på Apotek 1 på Alti Førde, Anne-Grete Reikvam, søker nye utfordringar og har begynt i ny jobb ved Sjukehusapoteket i Førde. Dermed vart det ledig ein sjefsjobb ved det største apoteket i Sogn og Fjordane, ein jobb som Marita Sandven starta i denne veka.
Mykje arbeid 👍👍👍
- Det har vore ein hektisk start, og det er mykje å sette seg inn i. Nokre prosessar er heilt nye, men heldigvis har eg to års praksis som sjef frå Apotek1 på Brulandsvellene her i Førde. Det kjem godt med, seier 32-åringen og avslører raskt at ho er tilflytta Sunnfjord.
- Ja, eg kan vel ikkje skjule at eg er harding, og kjem frå Øystese i Hardanger. Eg er glad i Vestlandet, og då det vart ledig stilling som farmasøyt i Førde for to år sidan, tok eg sjansen. Og eg har ikkje angra eitt sekund, smiler 32-åringen og kan fortelje at ho for tida er busett i Naustdal.
Til fjells 🏔🏔🏔
Marita Sandven legg heller ikkje skjul på at friluftslivet opptek ho på fritida, og at fjelltoppane rundt Naustdal må rekne med å bli besøkt titt og ofte.
- Ja, eg elskar å ta fjellturar når eg har fri. Dessutan reiser eg ofte heimover til Hardanger i friperiodane mine, seier den nye apoteksjefen. Men vedgår at akkurat no i startfasen på ny jobb, så tek jobbutfordringane mesteparten av tida hennar.
Mange oppgåver 😀😀😀
- Her ved Apotek 1 i sentrum har vi 15 tilsette, samt nokre tilkallingsvikarar ved høve. Personalarbeidet tek sjølvsagt noko tid, og elles er det fleire prosessar som skal gjennomførast ved eit såpass stort apotek. Ikkje minst tek multidose-forsendingar, leveransar og heimesjukepleie mykje tid, seier Marita Sandven som også vil vere å finne i ekspedisjonen når det er tid og trong for det
Den nye apoteksjefen ved Apotek1 er provisorfarmasøyt av utdanning, noko som betyr at ho har ein mastergrad i farmasi.
Tekst og foto: Stig Roger Eide