Kiropraktor Eigil Instebø

Kiropraktor Eigil Instebø Sunnfjord Kiropraktorsenter held til i 2.etg i Helsehuset Førde, Hafstadvegen 36, sentrum sør. Der "Grillen" var før, ved Spenst Førde. Kontakt oss på 41 112 113

Sunnfjord Kiropraktorsenter held til i Hafstadvegen 36, 2.etg i Helsehuset Førde, sentrum sør, der "Grillen" var før, ved Spenst Førde. Kva kan vi hjelpe med?
- Undersøking, behandling, rehabilitering og førebygging av muskel- og skjelettproblem.
- Ultralydsundersøking av muskel- skjelettsystemet. Er i gang med mastergrad i muskel-skjelett ultralyd diagnostikk.
- Vanlege problem er blant anna smerter i rygg, nakke og skuldrar. Hofte- og bekkenproblem, alboge-, kne-, fot- og hælsmerter.
- Også hovudpine, migrene, svimmelheit, øyresus og kjeveproblem der desse skriv seg frå muskulatur og skjelett.
- Krystallsjuke (BPPV).

- Tilvisingsrett til vidare undersøking som t.d. røntgen, CT, MR, ultralyd.
- Tilvisingsrett til spesialist i privat og offentleg sektor.
- Kan sjukmelde for muskel- og skjelettproblem.
- Treng ingen tilvising frå anna helsepersonell som t.d. lege. Kort ventetid! Spørsmål? Ta kontakt på 41 112 113!

I G**o sitt svangerskapsfråvær har vi vore så heldige at Wilhelmena vil hjelpe oss på onsdagar framover. Treng du hjelp ...
24/04/2025

I G**o sitt svangerskapsfråvær har vi vore så heldige at Wilhelmena vil hjelpe oss på onsdagar framover.
Treng du hjelp for muskel-skjelettproblem og ynskjer kvinneleg kiropraktor kan Wilhelmena hjelpe deg. Ho er i tillegg veldig flink med kvinner- og barn!

Ring 41 112 113, eller book time online på www.sunnfjord-kiropraktorsenter.no

Regjeringa har vedtatt å fjerne trygdeoppgjeret til kiropraktorar utan å konsekvensutgreie saka på førehand. Dei seier d...
09/01/2025

Regjeringa har vedtatt å fjerne trygdeoppgjeret til kiropraktorar utan å konsekvensutgreie saka på førehand. Dei seier det er store summar å spare, faktum er noko heilt anna. Dette går ut over pasientane, det blir mykje dyrare for staten og ei allereie sprengt fastlegeordning blir ytterlegare belasta.
Oppfordrar alle til å sende ein mail til helse-omsorg@stortinget.no innan tysdag 14.januar for å påverke høyringa som finn stad to veker seinare.

I oktober 2024 føreslo regjeringa å fjerne trygdeoppgjeret til kiropraktorar med eit pennestrøk. Saka var ikkje konsekvensutgreia, og verken forbund eller pasientorganisasjon informert. Truls Vasvik (Ap) første nestleiar i Helse- og omsorgsdepartementet på Stortinget, har sagt i fleire medier a...

10/10/2024
Etter fire år med skadefråvær var det godt å endeleg vere tilbake på startstreken idag. NM halvmaraton vart arrangert av...
01/10/2022

Etter fire år med skadefråvær var det godt å endeleg vere tilbake på startstreken idag. NM halvmaraton vart arrangert av på Sandane. Kjekt var det også å få med seg ei veteran-NM medalje heim att. Takk til arrangøren med .nyhammer i spissen for eit flott arrangement under flotte forhold.

Ein av styrkane til Helsehuset Førde er tverrfagleg samarbeid. Midt i koronapandemien var tre av oss i kveld samla til e...
09/02/2021

Ein av styrkane til Helsehuset Førde er tverrfagleg samarbeid. Midt i koronapandemien var tre av oss i kveld samla til eit internasjonalt webinar i ultralyd. Å tileigne seg ny kunnskap er essensielt for å stille sikrare diagnosar på pasientane. Smittevernet var ivaretatt med god avstand og bruk av medisinske munnbind. "Helsehuset Førde - saman blir vi gode".

Tusen takk for alle gratulasjonane på årets mørkaste dag. Eg set stor pris på kvar og ein av helsingane, dei lyser veg m...
21/12/2020

Tusen takk for alle gratulasjonane på årets mørkaste dag. Eg set stor pris på kvar og ein av helsingane, dei lyser veg mot ein lysare morgondag. Takk til min gode kiropraktorkollega for helsing på jobbdøra, for eit flott arbeidsmiljø.

"Mot normalt" er eit uttrykk Leif Juster brukte i sin revymonolog frå 1954. "Mot nornalt" må seiast å stemme med året 20...
19/12/2020

"Mot normalt" er eit uttrykk Leif Juster brukte i sin revymonolog frå 1954. "Mot nornalt" må seiast å stemme med året 2020 også. I dag viser temperaturmålaren +13*C, og eg kan male huset utvendig tett opp under jul. Dette året sluttar ikkje å overraske, kva blir det neste? #

Det lakkar mot jul og ungane ville ha hus til jul. "Pappa, kan du lage eit fint julehus?" Oy tenkte eg, og måtte forhøyr...
12/12/2020

Det lakkar mot jul og ungane ville ha hus til jul. "Pappa, kan du lage eit fint julehus?" Oy tenkte eg, og måtte forhøyre meg med sjefen. Han hadde løysinga klar og lot meg låne laseren. Tusen takk for tipset ved på .

06/09/2020

Nedstenginga av landet i vår førte til stopp i kiropraktorverksemda. Det vart dermed tid til å oppfylle ønsket frå madammen om eit tørkehus for å tørke klede utandørs i typisk vestlandsvær. Men huset måtte vel kunne nyttast til meir enn å tørke klede i? Utandørs sengar er både praktisk og nyttig. Forleden var familien råka av luftvegsinfeksjon (ikkje korona); det ville eg ikkje ha og flytta ut i tørkehuset. Dermed vart det både god søvn, ingen smitte og oppretthalding av kiropraktorklinikken. Sov godt og drøm søtt i haustnatta.

17/04/2020

Kommande mandag 20.april har myndigheitene opna opp for behandling hos kiropraktor igjen etter koronaepidemien. Det betyr ikkje at epidemien er over, men at alle må følge fortløpande smitteverntiltak - ingen med luftvegssymptom og ingen i karantene kjem inn. I tillegg er hyppig handhygiene der alle vaskar hendene med såpe og vatn før og etter behandling, samt bukar sprit/antibac pålagt. Treng du time for muskel-skjelettproblem, så er klinikken open frå mandag 20.april. Telefon 41 112 113.

Adresse

Hafstadvegen 36
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:00
Tirsdag 07:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 07:00 - 16:00
Fredag 07:00 - 16:00

Telefon

+4741112113

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kiropraktor Eigil Instebø legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Kiropraktor Eigil Instebø:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram