29/06/2018
"Nye Førde sjukehus" er eit ut- og ombyggingsprosjekt for Førde sentralsjukehus som skal gje pasientar og medarbeidarar betre tilhøve og ruste sjukehuset for framtida.
Det vert utgreidd nybygg for psykisk helsevern, ombygging og oppgradering av poliklinikkane, dagbehandlinga, sengepostar, operasjonsareal og sterilsentral, medisinske støttefunksjonar og fellesfunksjonar. Vi vurderer også korleis ein kan få til betre pasienthotell. I tillegg gjeld planane stab og støttefunksjonane i underetasjen, og administrative funksjonar.
Førde sentralsjukehus vart bygd i 1979. Sidan den gong har det blitt påbygd fleire gonger, men hovudbygget er i store trekk originalt frå byggeår. I prosjektet er det difor også planlagt ei modernisering av dei originale bygga, på ein måte som tek omsyn til vernestatusen til sjukehuset.