13/01/2023
Hei alle medlemmer av Engen Treningssenter.
Godt nyttår!
No i Januar er det veldig mange som skal trene, og gjerne på samme tid. Når det er slik, så er det viktig å minne dere alle på gym-etikette. Her er nokon av dei som er viktig å overholde, slik at alle skal få ein best mulig treningsopplevelse.
1. Rydd opp etter deg sjølv. Tørk av utstyr etter bruk med ein klut, desse klutene finn du rett innenfor døra. Når du er ferdig på trening, kast denne kluten i korga "skitne kluter". Om du ikkje klarer dette, spør ein venn om hjelp.
2. Del utstyret - Ikkje bruk for lang tid på eit bestemt apparat/benk/utstyr. Kan vere andre som ønsker å bruke utstyret som du ikkje veit om. Dessuten, effekten av trening blir mykje bedre om du halverer pausene mellom setta dine.
3. Bruk reine treningsklede. Gammal svette lukter ille for andre.
4. Klarer du å legge på vekter, så klarer du også å legge dei tilbake - på rett plass. Dette gjelder også anna type utstyr, stenger, tau, baller, kettelbells, strikk, handtak etc. Om du mot formodning ikkje klarer dette, spør den samme vennen i punkt 1 om hjelp.
5. Tren med innesko, det vil sei sko som ikkje blir brukt ute (Nei, det hjelper ikkje om du bare gikk i frå bilen og inn, du har fortsatt brukt skoene ute, eller at du hadde gløymt mobilen eller noko anna i bilen. Bytt sko før du eventuelt går ut igjen for å hente noko. Er ingen som går med utesko i sin eigen heim). Det er ikkje ok å trene barbeint eller i sokker.
6. Bruk utstyret slik det er meint å bruke det, behandle utstyret med respekt. Feks: ikkje slepp hantler/vekter frå 2 meters høgde og ned i gulvet.
7. Flytter du noko utstyr, så flytt det tilbake der det høyrer heime etter bruk. Om du ikkje klarer dette, spør den samme vennen i punkt 1 og 4 om hjelp. Sikker på at dere klarer det i lag.
Om alle holder seg til dette, vil nok treningsopplevelsen bli bedre. Engen Treningssenter ønsker eit ryddig og trivelig miljø - for alle.
Ha ein fortsatt god Januar måned og god trening 🙂