25/11/2025
Måndag 1. desember inviterer vi til eit FoU-møte der hovudspørsmålet vi stiller er: Korleis kan ny kunnskap om KI, digitalisering, robotisering og andre teknologiar endre og utvikle arbeidsmåtar og avdekke behov for nye tenester og produkt i helsesektoren?
Kvifor:
Helsesektoren står framfor store endringar, og både i kommunane og på sjukehusa må ein i framtida sjå på nye måtar å levere helsetenestene på. I eit slikt framtidsbilete vert meir samarbeid på tvers av fag og sektorar avgjerande viktig. Teknologi vil spele ei avgjerande rolle når helsesektoren må omstille seg, og nye innovasjonar frå næringslivet vil vere ein del av løysingane i helsesektoren i framtida.
Dette møtet er ope for alle. Næringslivet er særleg velkomne; både dei som allereie utviklar løysingar til helsesektoren og dei som kanskje i framtida kan tenke seg ein marknad her.
Sjå plakat eller trykk på lenka for program og påmelding: https://viljehelseklynge.no/fou-mote-1-desember-forsking-og-innovasjon-for-helsesektoren/
Vestlandsforsking, Sogn og Fjordane Næringsråd, Høgskulen på Vestlandet HVL, Helseforsking Sogn og Fjordane, Helse Førde, Vestland fylkeskommune, Norges forskningsråd, KSF Sogn og Fjordane, Norway Health Tech