28/11/2018
Då eg starta DP Consult var tanken å tilby IT tenester til små og mellomstore bedrifter som ikkje hadde eigne IT resursar.
På den tida eg har drive med dette har eg dessverre ikkje oppnådd ei kritisk masse for å drive med dette på heiltid.
Eg ser difor inga anna løysing enn å finne meg noko anna å gjere og legge drifta av DP Consult på is.
Eg går no inn i ei ny stilling som har vanleg kontortid mellom 08:00 og 16:00, og vil difor ikkje være tilgjengeleg i dette tidsrommet.
På grunn av dette er eg tvungen til å sei i frå meg kontorplassen eg har på Fosnavåg Nyskapingspark.
Sidan eg har nokre faste kundar, kjem eg ikkje til å legge ned drifta. Men eg vil halde i gong ei minimumsdrift på kveldstid, då etter klokka 18:00.
Dersom nokon skulle ha behov for hjelp tek eg i mot oppdrag på ny adresse: Indre Leine 29
Det er og mogleg å registrere oppdrag på nettsida http://helpdesk.dpconsult.no
Beklagar dei eventuelle ulemper dette måtte medføre, men situasjonen gjer at det ikkje er mogleg eller forsvarleg å halde på lenger.
Dette gjeld frå og med Mandag 03.12.2018
Med venleg helsing
Gründer og dagleg leiar,
David Nerland Paulsen