PT - Henriette Hansen

PT - Henriette Hansen Utandørs gruppetrening kvar veke. Vassgymnastikk på Sunnmørsbadet torsdagar kl. 14.15-15.00

Erfaring:
Treningsinstruktør sidan 2006
Kostholdsveiledning sidan 2016
Sjølvstendig næringsdrivande sidan 2019


Kurs og utdanning:
Mat, kosthold og helse (2021) - Høgskulen i Volda
Personleg trenar (2021) - Høgskulen i Innlandet / Active Education
Fett fra A-Å (2015) - AFPT
Kostholdsveileder (2016) - AFPT
Fiskesprell (2020) - Nasjonalt sjømatråd
Ernæring og fysisk aktivitet (2020) - Høgskulen i Volda
Kurs i Basisball-trening (2014 og 2020) - Backtostart

💥 Påmeldingsfrist i dag 21.08 💥➡️ KVA FÅR DU UT AV DETTE STYRKETRENING-KURSET?I dette introkurset skal du lære eit basic...
21/08/2025

💥 Påmeldingsfrist i dag 21.08 💥

➡️ KVA FÅR DU UT AV DETTE STYRKETRENING-KURSET?
I dette introkurset skal du lære eit basic treningsprogram du kan gjennomføre heime, eller der du ønsker. Du skal lære rett teknikk, og måtar å sette saman styrketreninga på som motiverar deg til å gjennomføre. Det fins eit oppsett for alle dagsormer! I løpet av desse seks vekene går vi gjennom seks ulike måtar å sette saman treningsøktene på, med same styrkeøvelsane. Øvelsane er heilt enkle og basic, og du vil ikkje trenge noko form for treningsutstyr.
Styrketrening skal ikkje være kjedeleg, men eit supplement i til din livsstil, som gir deg ein sterkare kropp som toler belastninga kvardagen gir. Etter seks veker kan du velje å være med i nye seks veker for enda betre innføring, eller gjennomføre treninga for deg sjølv.
For pris, påmelding, tid og stad, sjå lenger nede.

➡️ KVIFOR PRIORITERE STYRKETRENING?
Det er godt dokumentert at styrketrening er viktig. Styrketrening vil ikkje berre redusere smerter i kroppen, men også førebyggje fedme, beinskjørheit, diabetes, depresjon, slitasjegikt eller hjarte- og karsjudom. Du vil oppnå stor gevinst ved å trene styrke 1-2 gongar per veke. Trenar du rett vil styrketrening garantert vere eit positivt tilskot i din livsstil.
Styrketrening fører til ein sterkare kropp som toler meir belastning, og reduserar risikoen for ei rekkje sjukdomar og kroppslege plager. I tillegg gir deg det betre søvn. Gevinsten av dette vil vere ein frisk kropp, med fråvær av sjukdom.
For å oppnå alle desse positive effektane er det viktig at treninga skjer jamt, gjennom heile året. 1-2 gongar per veke vil gjer at du kan hauste alle fordelane styrketreninga gir.

➡️ TID OG STAD
Treningane vil foregå utandørs, lokalisert ulike stader på Bergsøya. Når været tillet det er vi på grusbana på Heid. Ved dårleg vær er vi under tak, der det høver best.
Tidspunkt vil være tysdagar kl. 19.30-20.30
Datoar for dette kurset er 26.08 - 30.09
Veke 1 - lær ordinær 3x10 trening
Veke 2 - lær superset-trening
Veke 3 - lær tabata-trening
Veke 4 - lær 40/20 intervallar
Veke 5 - lær pyramidetrening
Veke 6 - lær 500 repetisjonar

NB! Alle treningsøktene består av same øvelsane.

➡️ PÅMELDING OG PÅMELDINGDSFRIST
Gruppa har maksimalt 8 plassar, og vert starta opp med forbehald om minimum 4 påmelde.
For å melde deg på kan du:
Sende melding i innboksa i
Sende SMS til tlf. 93825654
Sende e-post til henreihan@gmail.com
Påmeldingsfrist er torsdag 21.08.25
Bindande påmelding.

➡️ PRIS OG BETALING
Pris for heile kurset er 1590 kr, og førehandsbetalast seinast 22.08 via faktura sendt på e-post.

I dag startar bassengtreninga på Sunnmørsbadet oppatt 😍
21/08/2025

I dag startar bassengtreninga på Sunnmørsbadet oppatt 😍

Det var SÅ deilig å kome i gong med trening igjen etter sommarferien💥🤩 Å spesielt i lag med denne kjekke gjengen🥰🙌Har du...
19/08/2025

Det var SÅ deilig å kome i gong med trening igjen etter sommarferien💥🤩 Å spesielt i lag med denne kjekke gjengen🥰🙌

Har du lyst å kome i gong med styretrening? Sjekk ut dette⬇️🤩

Introkurs: Kom i gang med styrketrening!

Slik såg Fosnavåg sentrum ut 5. oktober 2024 🙌4. oktober i år skal vi igjen farge Fosnavåg rosa 🎈🎀 Er du klar for Rosa S...
14/08/2025

Slik såg Fosnavåg sentrum ut 5. oktober 2024 🙌
4. oktober i år skal vi igjen farge Fosnavåg rosa 🎈🎀 Er du klar for Rosa Sløyfe-løpet Fosnavåg 2025 ?🤩


Sjekk også Introkurs: Kom i gang med styrketrening! 🤩 Oppstart 26.08 kl. 19.30.

Det er heilt i orden å hamne utanom rutinene dine i ferien, men får du til denne korte økta vil den gi deg god helsegevi...
25/07/2025

Det er heilt i orden å hamne utanom rutinene dine i ferien, men får du til denne korte økta vil den gi deg god helsegevinst 💚👏


Sjekk også ut Introkurs: Kom i gang med styrketrening! 😍

Tre runder av denne overkroppsøkta brukte eg omtrent 30 minutt på😎☀️ Om du ikkje har heile 30 minutt, vil ei eller to ru...
16/07/2025

Tre runder av denne overkroppsøkta brukte eg omtrent 30 minutt på😎☀️ Om du ikkje har heile 30 minutt, vil ei eller to runder også gi god effekt💪

Perfekt økt dersom du aller helst vil gå på fjellet denne årstida🌄🏞️
For fleire, gode styrkeøkter til hausten, sjekk ut
Introkurs: Kom i gang med styrketrening!

Med ønske om ein fin sommarferie til alle🥰🌴😎☀️Om du vil starte hausten med nye gode vanar, anbefalar eg å sjekke Introku...
01/07/2025

Med ønske om ein fin sommarferie til alle🥰🌴😎☀️
Om du vil starte hausten med nye gode vanar, anbefalar eg å sjekke Introkurs: Kom i gang med styrketrening! 🔥💪

☀️ GOD SOMMAR ☀️

🌸 GOD SOMMAR 🌸 frå denne kjekke gjengen som kjem på trening kvar veke uansett vær, sommar som vinter💪🥰 No tek vi ferie, ...
18/06/2025

🌸 GOD SOMMAR 🌸 frå denne kjekke gjengen som kjem på trening kvar veke uansett vær, sommar som vinter💪🥰 No tek vi ferie, og startar oppatt 19. august.

Om du også har lyst, sjekk ut Introkurs: Kom i gang med styrketrening! 🤩🔥

Bassengtrening på Sunnmørsbadet har siste gong før sommarferie i morgon, torsdag 19/6💦

Tabata 7x4 min✔️🔥Styrke - kondisjon - mobilite - balanse 🙏Og når værmeldingane ikkje heilt stemmer, er det fint å finne ...
10/06/2025

Tabata 7x4 min✔️🔥
Styrke - kondisjon - mobilite - balanse 🙏
Og når værmeldingane ikkje heilt stemmer, er det fint å finne eit tak å være under😄🌧️

Tirsdag🔥🤩 40/20 intervall💪Styrke, kondisjon, mobilitet, balanse, kjerne ➡️ 50 minutt🔥Treningsgleda sprer seg, og trening...
03/06/2025

Tirsdag🔥🤩 40/20 intervall💪
Styrke, kondisjon, mobilitet, balanse, kjerne ➡️ 50 minutt🔥

Treningsgleda sprer seg, og treningsgruppa veks🤩🙏 men sei frå dersom du vil stå på venteliste🥰

Super gjeng og super trening🔥Tabata 7x4 min på programmet i dag💪 Hærleg med frisk vårluft🤩
27/05/2025

Super gjeng og super trening🔥
Tabata 7x4 min på programmet i dag💪 Hærleg med frisk vårluft🤩

I dag stod 40/20 intervall på programmet💪 Sjølvsagt med fokus på heile kroppen slik vi får det beste ut av 50 minutt🧡☀️S...
13/05/2025

I dag stod 40/20 intervall på programmet💪 Sjølvsagt med fokus på heile kroppen slik vi får det beste ut av 50 minutt🧡☀️

Styrke, kondisjon, kjerne, bein, rygg, nakke, skuldra, arma, hofte, kne, mobilitet og balanse🔥🤩

Adresse

Leinebakkane 11
Fosnavåg
6094

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4793825654

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når PT - Henriette Hansen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til PT - Henriette Hansen:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Kostholdsveiledning

Eg brenn for at nettopp DU skal være ein sunn person! I mai 2016 var eg ferdig utdanna Kostholdsveiledar, og starta med mine fyrste kundar. Sidan då har eg fått være med på å hjelpe mange personar - kvinner, menn, unge, gamle – på vegen til ein sunnare livsstil, og å nå sine mål. Det å ete feil mat kan samanliknast med å fylle diesel på ein bensinmotor. Det ville du vel ikkje gjort? På same måte gir du kroppen din feil drivstoff ved å ete feil mat, men her merkar ein det ikkje like raskt som med bilen. Kroppen vil nok gi beskjed litt sakte men sikkert, og gjerne over så mykje som 20-40 år. Då er det kansje for seint å rette opp skadene. Derfor er eit sunt kosthald, med sunne og gode vanar – og litt sunne uvanar – kjempeviktig. I det samfunnet vi lever i i dag er vi omringa med dårleg mat og altfor mykje snop. Dei som sel desse produkta gjer nesten kva som helst for å påverke oss til å kjøpe dei. I tillegg er det ein jungel av råd om kva du bør ete å kva du ikkje bør ete, og eg forstår godt at ein kan bli forvirra. Råda er ofte motstridande, og det ein las den eine dagen, kan ein lese det motsette av neste dag. I min jobb ønsker eg å birdra til kosthaldsVEILEDNING, i staden for kosthaldsFORVIRRING. Eg vil veilede deg på ein måte som skal fungere for deg, i din kvardag, og på ein måte du kan gjere det enkelt for deg sjølv å være sunn. Eg har stort fokus på at ein skal kunne handle i ein vanleg daglegvarebutikk, med mindre du har allergiar eller intoleransar. Veiledninga foregår på den måten at du kjøper x antal timar (sjå under PRISAR). Desse timane kan vi fordele utover slik som det passar best for deg. Vanlegast er det å bruke 1-1,5 time første, og kansje andre gongen, for så å bruke 30-60 minutt per møte dei neste gongane. Det vil altså sei at om du kjøper 10 timar, kan du få 15 møter, alt etter korleis vi fordelar desse 10 timane. Som oftast møter kundane meg på Aktiv Trening Herøy, men vi kan også ta veiledninga ute på tur, på telefon dersom du ikkje bur i området, heime hos deg eller på jobben din (innanfor ein viss omkrets). Dersom du vurderar om dette kunne være noko som passar deg, er du hjerteleg velkomen for ein uforpliktande prat! Enten på telefon (938 25 654), eller så er eg ofte å finne på Aktiv Trening Herøy (i 2etg på Sunnmørsbadet).