Herøy helsestasjon

Herøy helsestasjon Herøy Helsestasjon har kontor på Eggesbønes og er bemanna kvar dag. 𝗙𝗔𝗖𝗘𝗕𝗢𝗢𝗞-𝗥𝗘𝗧𝗡𝗜𝗡𝗚𝗦𝗟𝗜𝗡𝗝𝗘𝗥
Velkomen til Herøy helsestasjon si Facebook-side. JA TAKK!

Her får du nyttig informasjon og kjekke glimt knytt til tenesteområdet vårt. Viktig informasjon blir også delt på nettsida til Herøy kommune og via helsestasjonsportalen vår som du finn lenkje til nedst i denne informasjonen. Denne Facebook-sida er drifta av tilsette ved Herøy helsestasjon. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din eigen policy like vik

tig som Herøy helsestasjon (Herøy kommune) sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating til å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre som er offentlege. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og media står i, for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Ta kontakt med oss på tlf. eller e-post. Vi minner om at du aldri må sende sensitiv informasjon på e-post. Du finn både kontaktinformasjon og meir informasjon på helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre: https://www.ssikt.no/helsestasjonsportal/

Godt råd ❤️
08/05/2026

Godt råd ❤️

Er du russeforelder i år? Da kan dette rådet være godt å ta med seg ❤️

Gratulerer med dagen til jordmora vår, Elise! Vi er stolt over den viktige jobben du gjer for gravide og nyfødde i Herøy...
05/05/2026

Gratulerer med dagen til jordmora vår, Elise!
Vi er stolt over den viktige jobben du gjer for gravide og nyfødde i Herøy 🤍💪

30/04/2026
DEILIGE VÅRDAGAR OG LYSE KVELDAR 🌱☀️Det er hærleg, men det blir også vanskelegare å få lagt seg til rett tid. Søvnmangel...
22/04/2026

DEILIGE VÅRDAGAR OG LYSE KVELDAR 🌱☀️

Det er hærleg, men det blir også vanskelegare å få lagt seg til rett tid. Søvnmangel påvirkar både små og store negativt.

Når må barna eigentleg legge seg? Sjå denne nyttige oversikta frå NHI.no 💤

Når skal barnet legge seg? Her er en pekepinn på hva barn i ulike aldre trenger av søvn i døgnet. Og når de bør legge seg for for natta. (Lenke i kommentarfeltet)

08/04/2026

Grunna andre aktivitetar, møter og diverse på frivilligsentralen og BUA no i april, vert det desverre ikkje babytreff her. Vi satsar på treff fredag 8. mai, då med besøk frå helsestasjonen og ein gjennomgang av førstehjelp på små barn. I mellomtida - besøk kvarandre og ha det kjekt i lag både store og små

Heilt sant 💛
30/03/2026

Heilt sant 💛

Helsestasjonen ønsker store og små ei god påske💛Vi held ope måndag og tysdag, før vi tek ferie. Første dag etter ferien ...
27/03/2026

Helsestasjonen ønsker store og små ei god påske💛
Vi held ope måndag og tysdag, før vi tek ferie.
Første dag etter ferien vert tysdag 07.04.

Vi også! Gratulerer med kvinnedagen 🫶
08/03/2026

Vi også!
Gratulerer med kvinnedagen 🫶

Et sånt samfunn vil vi også ha 🌷

Sjekk det sjølv og familien 🪳❌.                   God og lusefri helg frå oss!
06/03/2026

Sjekk det sjølv og familien 🪳❌. God og lusefri helg frå oss!

Adresse

Eggesbøvegen 11
Fosnavåg
6092

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:00
Tirsdag 08:00 - 15:00
Onsdag 08:00 - 15:00
Torsdag 08:00 - 15:00
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

+4770081450

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy helsestasjon legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del