20/02/2026
TAKK FOR ALT !
Eg, Dagny Vartdal, har drive begravelsesbyrå i 30 år.
Eg ønsker no å gjere noko anna i livet, og håper nokon vil overta i løpet av våren, og gjerne snarast!
For veldig lenge sidan, ja som ungspire, tenkte eg at eg alltid ville vere ein del av gravferdsbransjen i Norge.
Heilt frå eg var 17 år, og var klar for å utdanne meg til blomsterdekoratør, så visste eg at eg kom til å jobbe med sorgbinderi og vere nær menneske i sorg.
Då eg fekk moglegheita til å ta over blomsterbutikk på Hareid som 24 åring, som også var gravferdsbyrå, tok eg det på strak arm. Eg skapte mi eiga karriere.
Det var ei veldig bratt læringskurve for meg, som ikkje hadde vore nær døden og kva det innebar å ha dette som yrke. Men åhhhh… kor glad eg er for at eg valde den yrkesvegen.
Det har vore aktive år, i perioder slitsamt både mentalt og fysisk, men og veldig lærerikt, interessant og veldig fint.
Med fire aktive og kjekke barn, to blomsterbutikkar og gravferdsbyrået, har livet vore hektisk, men veldig bra. Eg har en nydelig og fantastisk mann som har hjelpt meg alle desse åra. Han har alltid gjort det han kunne for å avlaste meg✨️
Så har tida og åra rasa av garde.
Eg har aldri grudd meg til å gå på jobb, eg har følt det så meiningsfullt og det har vore så viktig for meg.
Det har alltid vore variert arbeid, og det er nok det som er det fine med denne jobben. At ein sit på kontoret og gjer arbeid på ein pc, men at ein og får snakke og kome nær familiar og menneske som står i sorg og uro. Det blir ofte ærlege og nære samtalar.
Noko av jobben er å vere i sermoniar, pusse opp gravsteinar, snakke med ambassadar, ordne papir og sende info til instansar som skal ha det, lage vakre songhefter og dødsannonser, hjelpe med søknadar og stønadar, hente i heim og på institusjonar, gjere transportetappar, halde seg til tidsfristar, vaske bårebilar og ha vakttelefon. Så er det å pynte sermonilokala så alt er klart og ligg fint til rette så pårørande får fine og verdige avskjedar med sine kjære.
Veldig variert, det har gitt meg kjensle av å gjere noko som er viktig og har betydning i samfunnet vi lever i. Vere ein trygg person for mange som har trengt å legge ansvar og praktiske oppgåver over til meg når dei har hatt det vanskeleg. Eg er veldig takknemlig for den tilliten så mange mennesker har gitt meg desse 30 åra.
Mellom 3700 og 4000 sermonar har eg lagt til rette for. Å vere gravferdsagent har blitt ein livsstil rett og slett.
Eg er så innmari stolt av yrket vårt, og kjenner at etter 30 år som gravferdskonsulent så ligg det mykje kunnskap og erfaring i meg.
Eg har så mange gongar sett kor ekstemt skjørt livet kan vere, og det har gjort meg veldig bevisst på at små gleder i kvardagen må feirast.
Mange av menneska eg har møtt, tar eg med i hjerte mitt livet ut.
Vi må vere snille med kvarandre og forsøke å sjå det gode i alle menneske.
Eg har stortrivst i ei meiningsfull og givande rolle som gravferdskonsulent.
Gravferdsbransjen er heilt fantastisk. Den er varm og inkluderande, og full av flotte menneske på tvers av byrå og samarbeidspartnarar over heile landet.
Eg har alltid hatt eit fint samarbeid med gravferdsbyråa i nabokommunane, og vi har hjelpe kvarandre om det har vore nødvendig.
Men, no takkar eg altså for meg og ønsker å selje mi bedrift.
30 år har gått sidan eg starta bedrift og byrja som gravferdskonsulent. Og no kjenner eg på at eg ønsker å ta ei anna retning. Å bli bestemor har vore ei stor stor glede for meg, og eg vil så gjerne vere der mykje for dei i åra framover.
Eg veit ikkje kva jobbmuligheiter som åpnar seg for meg vidare, men eg gler meg til fortsettelsen. Og om du tenker at eg hadde passa i en annen jobb, så tips meg gjerne 😊
Så….
- Om du kjenner at yrket som gravferdskonsulent hadde vore noko for deg…
- Om du er god med menneske og har lyst på ein jobb som er enormt meiningsfull..
- Om du kjenner at det å drive eiga bedrift hadde vore fint…
- Om du har lyst og ha ein trygg, allsidig, variert og veldig fin jobb…
Så kanskje du er den rette til å overta etter meg.
Ta kontakt med meg, Dagny Vartdal, snarast, om du vil ta en prat. Det er berre koseleg!
Eg håper at akkurat du er den rette for å overta «stafettpinnen» og gravferdsbyrået etter meg.
Takk for at du las dette, og eg håper at, om du ikkje er den rett til å ta over etter meg, så del gjerne innlegget med mange mange.
Så til slutt…..
Takk for tilliten. Takk for mange fine stunder. Takk for nære og ekte samtalar. TAKK FOR ALT!