Yogaterapeut Anki

Yogaterapeut Anki Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Yogaterapeut Anki, Yogastudio, Moisund Elvebredd 2, Hornnes.

FRÅ MI REISE, DER EG ER NO🌿 Verda opnar seg på ein ny måte når eg trenar på å meditere.Eg ser mønsteret i bladet, kjenne...
11/08/2025

FRÅ MI REISE, DER EG ER NO

🌿 Verda opnar seg på ein ny måte når eg trenar på å meditere.
Eg ser mønsteret i bladet, kjenner strukturen i barken, kjenner sola og havet på ein ny måte – og det gjer meg rom inni meg som eg aldri hadde tilgang til på same måte som no ✨

Ei ny innsikt på mi meditasjonsreise har vore kor viktig det har vore for meg å vere hos fleire lærare.

Dei har alle sine ulike måtar, og kvar og ein har gitt meg nye lag og innsikt som har gjort det mogleg å finne min eigen veg.

Å koble meg på det kloke sinnet, den indre eigenvisdommen, har vore ein fin støtte i meditasjonen og i bevisstgjeringa mi.

Framleis er eg på veg, men eg kjenner djup takknemlegheit.

Vi gleder oss til høstens yoga for barn 🥰❤️
08/08/2025

Vi gleder oss til høstens yoga for barn
🥰❤️

Meld deg på Yoba - Yoga tilpasset for barn arrangert av Kvinnehelsehuset Kristiansand.

Jeg veileder deg til tilstedeværelse her og nå, en yogisk søvn – en  avspenningsteknikk som tar deg inn i en dyp, medita...
06/08/2025

Jeg veileder deg til tilstedeværelse her og nå, en yogisk søvn – en avspenningsteknikk som tar deg inn i en dyp, meditativ hviletilstand. Du ligger komfortabelt og blir ledet gjennom kroppsskanning, pust og visualisering, slik at både kropp og sinn får hvile og regenerering. Perfekt mot stress, søvnproblemer og indre uro, bedrer også konsentrasjon og tilstedeværelse.
Yoga for kvinner og påmelding kreves 🌸
Du er så varmt velkommen 🩷
I høst blir det bare denne som gruppeundervisning, men det er mulighet for å booke time privat.

Meld deg på Fire ukers kurs i Yoga Nidra med Anki arrangert av Kvinnehelsehuset Kristiansand.

Kjære Kent Mangor,min son, mitt barn, mitt stille mirakel.Du kom til verda den 3. oktober 1984,og eg visste med heile kr...
05/08/2025

Kjære Kent Mangor,
min son, mitt barn, mitt stille mirakel.
Du kom til verda den 3. oktober 1984,
og eg visste med heile kroppen at du var min.

Eg skapte ein plass for deg i kroppen min.
Ein plass berre du kunne fylle.

Det var så godt å bere deg.
Godt å kjenne bevegelsane dine –
dine små svar, dine rytmar, livet ditt.

Eg fekk ikkje halde deg tett inntil brystet.
Eg fekk ikkje kjenne vekta di i armane mine.
Men eg bar deg i hjartet –
og det gjer eg framleis.

Du levde i seks timar.
Seks timar som for alltid er ein del av mitt liv.
Eg fekk ikkje sagt alt eg ville,
men namnet ditt lever i meg og
du har ein plass i sjela mi.

Ingen visste korleis det var for meg.
Dei sa eg tok det fint.
Men inni meg var det storm.
Eit sakn. Mange spørsmål og
ein kjærleik utan språk.

Dette brevet, desse orda –
er for deg, og for meg.
For det som aldri vart sagt.
For det som alltid vil vere sant:
Eg er mora di.
Du var ønska.
Du er elska.
Du finst i meg – alltid 🩵

Denne stien ved elva i Lysebotn minner meg om helingsvegen –ein stille og trygg veg, framover, i eige tempo. 🙏Eg veit at...
03/08/2025

Denne stien ved elva i Lysebotn minner meg om helingsvegen –
ein stille og trygg veg, framover, i eige tempo. 🙏

Eg veit at det kan vere skremmande å stå aleine i det vonde.
Eg veit korleis det er å vere redd, men likevel ville ta eit lite steg vidare.

Kanskje er du også redd.
Kanskje kjenner du deg også aleine i det som stormar inni deg.
Kanskje ber du på noko som er vanskeleg å setje ord på.
Du treng ikkje vere aleine i det.
Det finst mange som kjenner på det same.

Men veit du –
det finst ei stille styrke i det å tørre å kjenne på smerta.
Og det finst ei kraft i å gi seg sjølv lov til å søkje hjelp,
til å setje ord på det usynlege,
og til å finne ro – eitt lite steg om gongen.

Det er ikkje ditt ansvar å bere alt aleine.
Men du har retten til å ta tilbake krafta di.
Retten til å kjenne tryggleik i deg sjølv.
Du har retten til å finne ein veg ut av mørket.

Ta nokre djupe pust.
Hald handa på hjartet.
Hald fast ved håpet.
Du er verdt det. 🩷

EG HEIER PÅ DEG!

🩷🩷Måtar å møte seg sjølv med varme på:1. Snakk venleg til deg sjølvLegg merke til tonen du brukar inni deg. Prøv å bytte...
28/07/2025

🩷🩷Måtar å møte seg sjølv med varme på:

1. Snakk venleg til deg sjølv
Legg merke til tonen du brukar inni deg. Prøv å bytte ut sjølvkritikk med ord du ville sagt til eit barn du er glad i:
«Eg gjer så godt eg kan no.»
«Eg er sliten, og det er heilt lov.»

2. Gje kroppen det den treng
Et når du er svolten, kvil når du er trøytt, rør på deg når det kjennest godt. Varme mot deg sjølv bur i handlingane – ikkje i perfeksjonen.

3. Lag små rom berre for deg sjølv
Eit pledd, eit altar, ein kopp te, ein lukt, ein lyd, ein stein i handa. Små kvardagsritual som ber omsorg for det indre.

4. Sei nei med kjærleik
Å møte deg sjølv med varme handlar òg om grenser. Når du seier nei til det som tømmer deg, seier du samstundes ja til deg sjølv.

5. Tilgje deg sjølv, om att og om att
Du treng ikkje vere flink for å vere verdifull. Du treng ikkje få til alt. Øv på å romme heile deg – også det som er sårt, også det som er krevjande.

6. Ver med deg sjølv når du har det vondt
I staden for å rømme frå kjenslene – ver litt med dei. Hald deg sjølv. Kanskje med handa på hjartet, kanskje med eit mjukt pust. Dette er òg ein måte å vise omsorg for eige indre på.

7. Smil med heile andletet – og kjenn det innanfrå
Løft munnvikene, berre litt. Kjenn at kinna også får vere med på smilet. Augo dine kan smile dei òg – milde og varme. Kanskje kan panna få glatte seg litt, medan du er i øvinga. Det kan kjennast uvant i starten, men ver der ei lita stund. Kanskje kjem det ikkje glede, men kanskje ei still ferd inn mot deg sjølv. Eit lite rom av nærleik.

8. Gjer ting du likar – og gi deg sjølv lov til å vere i det
Å halde på med ein hobby, noko kreativt eller berre noko som gir deg glede, er ein måte å vere god mot deg sjølv på. Det gir næring til det indre og byggjer kjærleik til din eigen rytme.

Biletet er frå tidleg i sommar – då eg laga alvetromma mi, med eigne hender, med nærvær. Ei stille form for heling.

I fra campingen i Lysebotn
14/07/2025

I fra campingen i Lysebotn

Tromma trengte ei veske så me fann ei rye på nille, sauma siene og ein treknapp på og til slutt festa på hank som var ei...
14/07/2025

Tromma trengte ei veske så me fann ei rye på nille, sauma siene og ein treknapp på og til slutt festa på hank som var eit belte som ikkje var i bruk lengre.😁

Takknemlig for to fine dager på en av Turistforeningens hytter. 🩷Lysebotn er magisk 💫Omgitt av majestetiske fjell som sl...
13/07/2025

Takknemlig for to fine dager på en av Turistforeningens hytter. 🩷
Lysebotn er magisk 💫
Omgitt av majestetiske fjell som slipper lyset helt ned i botn –
et lys som sprer seg til alle som kommer hit. Her kan den som vil, finne ro, fred og harmoni 🌿✨

Naturen tegner lyset i Lysebptn 🫶🏽
12/07/2025

Naturen tegner lyset i Lysebptn 🫶🏽

Adresse

Moisund Elvebredd 2
Hornnes
4737

Telefon

+4797503775

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Yogaterapeut Anki legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Yogaterapeut Anki:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram