31/10/2025
6 dagar igjen til Arbeidslivs- og folkehelsekonferansen i Nordhordland!
💡 Konferansen set lys på dei store utfordringane regionen vår står i når det gjeld sjukefråvær – og korleis vi saman kan sørgje for at alle dei gode hendene kjem i arbeid og blir verande der.
💬 Pianist og kulturformidlar Frode S**g Storheim deler tankar om korleis kunst og kultur påverkar oss som menneske – både på det personlege og det fellesskaplege planet. Han vil òg fortelje om arbeidet sitt med biografien om målaren Hans Dahl, ein kunstnar som gjennom si livsglade og lyse kunst forente glede, folkehelse og solskin – og som minner oss om kor viktig kultur er for trivsel, helse og livskvalitet.
👉 Vi får innlegg fra professor Gerd Kvale og indremedisinar og spesialist i endokrinologi Eirik Søfteland. Dei står bak SafeChoice Clinic & Research – ein heildigital, non-profit klinikk som leverer skreddarsydde og tverrfaglege intervensjonar. Du får du høyre om korleis klinikken har som mål å hjelpe menneske med kroniske helseplager til betre funksjonsnivå og auka deltaking i arbeidslivet. Gerd og Eirik har samarbeidd sidan 2019 og har hatt stor suksess med å byggje opp ei nyskapande verksemd som tek tak i nokre av dei mest krevjande problema i dagens samfunn: kroniske helseplager og utanforskapet som ofte følgjer med.
🌕 Anita Villanger er psykiatrisk sjukepleiar og er leiar for Familiens hus og for flyktningtenesta på Fedje. Ho vil fortelje om samarbeid NAV, vaksenopplæringa, grunnskulen, barnehagane, helsetenesta – og ikkje minst med det lokale næringslivet på Fedje når det gjeld arbeid og praksis. I Noreg er sysselsetjinga blant flyktningar lågare enn i befolkninga elles, særleg dei første åra etter busetjing. Med dei utfordringane vi står overfor når det gjeld tilgang på arbeidskraft, må vi sikre at også flyktningar vert sett på som ein ressurs – og tek del i arbeidslivet.
🔥 Sosionomane Linn Johannessen Wergeland og Elin Skråmestø Hinriksson jobbar saman i prosjektet Første steg ved Nav Alver. Dei har lang og brei erfaring som dei ynskjer å dele med deg. Særleg om deira kompetanse i å nytte uterommet som ein ressurs i arbeidet sitt.
🛶Frå Kverdbit Kajakk kjem Morten Frantzen. Han deler korleis han mellom anna brukar eigne erfaringar i møte med menneske som strevar med avhengnad og psykisk uhelse. Gjennom aktivitet på sjøen skaper han meistring, fellesskap – og nye moglegheiter.
Kom på arbeidslivs- og folkehelsekonferansen 6. november og la deg inspirere! Vi står klare til å ta deg imot og gje deg ein dag fylt med fagleg innhald – kanskje du møter ein gammal kjenning, eller stiftar nye bekjentskap!
Påmelding: https://arbeidsgiver.nav.no/kursoversikt/a16QC000000dxY5YAI
Arrangørar: Region Nordhordland Nordhordland Næringslag NAV Nordhordland Marknad Helse Bergen, Hordaland legeforening og Nav arbeidslivssenter Vestland, Nav Region Nordhordland