13/03/2026
🐣 Informasjon frå legevakta før påske
No nærmar påska seg, og mange fastlegekontor vil vere stengde delar av høgtida. Frå og med onsdag 01.04, og til og med måndag 06.04 vil det vera felles legevakt for Årdal, Aurland og Lærdal hjå Sogn LMS. Vi ber difor innbyggjarane om å bruke helsetenestene på rett nivå.
Legevakta er til for akutt sjukdom eller skade som ikkje kan vente til fastlegen opnar igjen. Ved mindre plager som forkjøling, lette smerter eller spørsmål om eigen helse, oppmodar vi om å vente til fastlegen er tilgjengeleg.
Mange reiser også på hytta eller er meir ute i naturen i påska. Hugs å:
• sjekke at du har nok faste medisinar
• ta med medisinar dersom du skal vere borte heimanfrå
• vere merksam på føre og forhold i fjellet
📞 Legevakt: 116 117🚨 Ved akutt og livstruande situasjon – ring 113
Vi ønskjer alle ei trygg og god påske.