15/12/2024                                                                            
                                    
                                                                            
                                            JULEKALENDER 2024
Mandag 16.12
Tanker om utelivet ala Ingvild🔥
"Eg starta med utandørs styrketrening heilt bevisst då eg starta for meg sjølv i 2015.
Svært mange av oss tilbringer mesteparten av dagane innendørs i ein eller anna form, og kvardagslege sysslar utandørs er for mange ikkje eksisterande fordi måten me lev på i dag ikkje krever da av så mange av oss.
Det å berre vere i grøne omgjevnadar eller å sjå på natur har positiv effekt på våre følelsa, mental helse, og følelsen av velvære auka.🌳🌿🌱
Eg opplever at mange av oss tenkjer veldig svart-kvitt om mange ting, deriblant dette. Det at eg oppmoda om å vere meir ute betyr ikkje topptur eller måtte vere ute i timesvis. For med så mange ting vi har tatt opp i årets julekalendar, så er da dei små stega som utgjer den store forskjellen.
Når eg berre parkera på tunet heime, stoppar eg ofte opp, ser rundt meg på fjella og elva og trekk den friske lufta ekstra godt inn og smiler. Det gjev meg sooo positive vibbar og eg kjenne det i heile kroppen. Berre dei ekstra bevisste minutta der er uvurderlige - så nei, alt treng ikkje vare i timesvis😉🔥"
Del gjerne dine erfaringar med utelivet i kommentarfeltet så kan vi dele det med kvarandre.