Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi

Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi 🤍 Fysio- og yogaterapi. Treningsrettleiing. Tørrnåling. Yogakurs. Yogaweekends. Yogaretreats

23/03/2026

3 LEDIGE PLASSAR‼️
Er den eine din?😃

🌼Hjarteleg velkommen til NYTT YOGAKURS denne våren! Kurset går over seks mandagar med oppstart 13/4 kl 19-20.30.

🌼Yoga er for meg ei spennande “reise” innover – til ro, til pust, til nærvær. Eg ønskjer at endå fleire skal få kjenne på kva det å bli meir tilstades og merksam på det som er “inni” oss, kan gjere med kropp og sinn. Våren, og alt det den kjem med, er for meg ei ekstra fin tid til
å “oppdage på nytt” - å jobbe med forankring, finne indre kraft og flyt. Vil du vere med?

🌼Påmelding i messenger eller sms til 45613789. Pris kr 1199.-

🌼Øvingane i MediYoga er enkle, trygge og rolege - og samstundes kraftfulle. Og du vil mestre dei.

✨Har du lyst å øve på å finne ro og kjenne på å vere meir tilstades? Å lære teknikkar for å stilne tankekøyret - og sams...
12/01/2026

✨Har du lyst å øve på å finne ro og kjenne på å vere meir tilstades? Å lære teknikkar for å stilne tankekøyret - og samstundes bli meir fleksibel og sterkare frå innerst til ytterst ?

Då inviterer eg deg med på vinterens yogakurs som er basert på MediYoga!

Intensjonen i kursa vil vere å bli bevisst tyngdekrafta og kontakten du har med underlaget, løyse opp spenningar og gi slepp på gamle mønster. Dette jobbar me med gjennom spesifikke øvingar(asanas), meditasjonar og mantra.
Eg gledar meg!✨

Mandagskurset går over 10 veker med start 19/1.
Tidspunkt: Kl 19-20.30
Pris 1999,-

Tysdagskurset går over 8 veker med start 27/1.
Tidspunkt: Kl 19.15-20.45
Pris 1599,-

Vipps #913519

✨Det er fullt mogleg å t.d vere med på halve kurset om du treng tilpassing pga jobb/helse.

Gledar meg til dette!💓(Sjå tidspunkt i kommentarfeltet)
12/11/2025

Gledar meg til dette!💓
(Sjå tidspunkt i kommentarfeltet)

Tilbodet er lagt opp som drop-in økter fire torsdagar på rad – ingen påmelding, gratis og tilpassa alle nivå.

🪷Bli med inn i hausten med senka skuldre, roleg pust og merksemd inn i det som er deg her og no!💗🪷Eg set opp to kurs à 1...
20/08/2025

🪷Bli med inn i hausten med senka skuldre, roleg pust og merksemd inn i det som er deg her og no!💗

🪷Eg set opp to kurs à 10 veker med oppstart 1. september.

🪷Mandagar 19-20.30 for deg som er plaga med stivheit i nakke/skuldre/kjeve. Spenningshodepine eller migrene. Kanskje veit du at hausten blir travel og ynskjer å forebygge… (det er aldri dumt!) Her vil du lære mykje om Vagusnerven.

🪷Tysdagar 14-15.15 er for deg som har ein jobb der du sit mykje (eller har site mykje..). Ypparleg for deg som har tid til fysisk aktivitet i jobben, som er heilt eller delvis sjukmeldt, ufør, jobbar turnus eller rett og slett er heime tysdagar! Denne økta er også god for deg som spring, går eller syklar mykje - som stadig er i det diagonale rørslemønsteret

🪷Du vil etter kurset vere meir fleksibel - både kroppsleg og mentalt, og kanskje meir raus med deg sjølv🫶

🪷Du kan vere både heilt ny og dreven med yoga for å delta på kursa.

🪷Pris for 10-vekers kursa er kr 1999,-

Det er gledeleg nå forskinga “kjem etter”, og at professor Hagen ved Institutt for Psykologi NTNU har ambisjonar om å få...
19/06/2025

Det er gledeleg nå forskinga “kjem etter”, og at professor Hagen ved Institutt for Psykologi NTNU har ambisjonar om å få yoga og yogaterapi inn som ein del av profesjonsstudiet i psykologi🤩

https://www.facebook.com/share/1DYeySZeKd/?mibextid=wwXIfr

Ti år med studier av yoga som stressreduserende aktivitet gir klare svar: Litt innsats gir klar helsegevinst.

Hei alle❣️No kan du vera med på MediYoga følgjande fem tysdagar:4.2, 18.2, 25.2, 11.3 og 18.3. Du kjem som du er i klede...
19/01/2025

Hei alle❣️No kan du vera med på MediYoga følgjande fem tysdagar:
4.2, 18.2, 25.2, 11.3 og 18.3.
Du kjem som du er i klede som er gode å pusta og bevega seg i, og så har eg deilige matter og pledd i ull🐑🐏Øvingane blir tilpassa deg🫶
Meld deg på pm eller på sms til 45613678.

Pris: kr 950,-

Vil du ha ei veke med påfyll?🫶 Så bli med Anette Moen og meg på YOGARETREAT i overgangen mai/juni!🌞Den idylliske landsby...
16/01/2025

Vil du ha ei veke med påfyll?🫶 Så bli med Anette Moen og meg på YOGARETREAT i overgangen mai/juni!🌞Den idylliske landsbyen Sutivan på øya Brac tok hjartet mitt i fjor❣️

Nytt YOGA-kurs som har fokus på eigenkjærleik og sjølvtillitt!🪷Eg guidar deg gjennom enkle øvingar og meditasjonar der d...
10/01/2025

Nytt YOGA-kurs som har fokus på eigenkjærleik og sjølvtillitt!🪷
Eg guidar deg gjennom enkle øvingar og meditasjonar der du vil finne di eiga kraft og energi💫
Kurset går over 9 veker med oppstart 23/1 og deretter tys/tys/tors.
Tidspunktet er 19.30-21.00
Pris: Kr 1650,-
Påmelding/spsm via messenger el sms (45613678) 🧘Velkommen🧘‍♂️

🪷“Yoga for vagusnerven”Hausten er her og eg byr på yogakurs som har fokus på å gi slepp og falle til ro🍃🍁Du skal få tren...
10/10/2024

🪷“Yoga for vagusnerven”
Hausten er her og eg byr på yogakurs som har fokus på å gi slepp og falle til ro🍃🍁
Du skal få trening i å holde fokus, kople saman rørsle og pust, lytte innover, gjere meditasjonar og lære pusteteknikkar.

Eg gledar meg veldig til å dele kunnskap om korleis styrke og balansere vagus ; hovudnerven i den
delen av nervesystemet som regjerer når du skal restituere eller hente deg inn att. For det må me innimellom; hente oss inn att 🧡

*Kurset startar allereie tysdag 15.10 og vart fullbooka av dei som stod på venteliste frå vår-kurset.
Eg set difor opp eit kurs til med dette temaet i haust. Oppstart på dette kurset vil vere 20.11 og vil gå ons/man grunna min jobbturnus.

Kursdatoar: 20/11, 27/11, 2/12, 11/12, 18/12, 6/1, 13/1, 22/1, 27/1 og 3/2.

Du kan velgje eit 10 vekerskurs, og bli med over i 2025, eller avslutte etter 5 gonger.
Påmelding open frå idag 10.10 via sms (45613678) eller messenger🙏🏻
Tidspunkt: 19.00 - 20.30
Pris: kr 950 (5 g.) kr 1800 (10 g.)

01/03/2024

Eg startar opp med YOGA 13. mars! 🤗
Dette første kurset er på 6 gonger (+ 1 bonustime i påskekeveka).
Det vil vere eit MediYoga-kurs for HJERNEN 🧠

Så om du går rundt og føler du er “på” heile tida, har lite energi og er trøtt og sliten, så er det for deg. Kanskje søv du dårleg, eller har hodepine eller migrene også? 🤯
Det er plass til 10 personar og du kjem som du er i klede du kan puste og bevege deg i. Yogamatte i ull, pledd og p**e ventar på deg 🥰
Pris: kr 900,-

Tidspunktet er 19.00-20.30 og kursdagane er:
🪷Ons 13/3
🪷Ons 20/3
🪷Tys 26/3
🪷Ons 3/4
🪷Ons 10/4
🪷Tys 16/4
🪷Ons 24/4

Påmelding på sms til 456 13 678 (meg).
Gledar meg til å sjå deg - varmt velkommen!🥰

01/03/2024

Velkommen til meg om du ynskjer hjelp eller å lære deg teknikkar for å lande godt i det som er DEG. Gjennom samtale, refleksjon, bevisstgjering på pust og spenning, tøy og bøy kan eg kanskje hjelpe deg til å få det betre - eller fortsetje å ha det godt 🙂

Du kjem med heile deg; kropp, sjel og sinn. Du kan vera frisk, rask og glad, sjuk eller nedstemt. Eg møter deg der du er; både fysisk og mentalt, og du er fri til å kontakte meg for både heimebesøk og avtale her i “yogarommet”, Strandavegen56 🙂
📞456 13 678

Adresse

Strandavegen 56
Leikanger
6863

Telefon

+4745613678

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rannveig Kvåle • Yoga & Terapi legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del