16/02/2026
Nyleg blei det forbode å bruke TPO (Trimethylbenzoyl Diphenylphosphine Oxide) i kosmetikk. TPO har vore brukt som fotoinitiator i enkelte negleprodukt, særleg gellakk for rask herding.
ℹ️Skal du fikse negler, enten heime eller i salong, rår vi deg til å sjekke ingredienslista og forsikre deg om at produkta ikkje inneheld TPO.
I EU er TPO no klassifisert som eit CMR-stoff. Det betyr at det er tilstrekkeleg dokumentasjon til å rekne med at stoffet kan gi alvorlege helseeffektar basert på at stoffet har kreftframkallende, mutagene eller reproduksjonstoksiske eigenskapar.
Noreg følger kosmetikkregelverket i EU. Forbodet tok til å gjelde i Noreg 8. desember 2025. I EU tredde det i kraft 1. september 2025.
Forskjellen i dato kjem av at endringar i regelverket i EU må gjennom EØS-prosessen før dei blir gjeldande i Noreg.