30/07/2019
Kroppen består av 50-75% væske. Dette lærte vi på barneskulen.
Bindevev har mange høyrt om. Fascia er kanskje meir ukjend. Det er eit internasjonalt ord for bindevev. Biotensigritet. Det er nesten slik vi må stave det for å kunne sei det. Det er kjeder som heng saman i eit nettverk, som fungerar som i ein slags dominoeffekt.
Det pågår forsking og pr. i dag veit ein at bindevevet/fascia er det største organet i kroppen. Det er som ein gele, med mykje væske. Det omsluttar organ, er i musklane og utanfor. Det held oppe beinstrukturen og det er i bein. Vi har det over alt!
Ein har finne ut mykje og forsking pågår for å finne ut endå meir. Utrulig spennande!
Kan du sjå for deg eit landskap, f.eks på fjellet, der det også er mose, myr, lyng, litt steinar osv?
I grunnen er det mye vatn. Plutselig har det dukka opp ein liten sildrande bekk ut av intet. Ikkje langt unna, er det endå ein, og endå ein osv. Desse møtes og lagar ei lita elv. Om litt møter den lille elva ei ny lita elv, som er danna av mange små bekkar. Kanskje møter dei endå fleire små elvar, som er blitt til på samme måte.
Når dei små elvane møtast og slår seg saman, blir det til ei stor elv.
Kanskje er det fleire store elvar i fjell-landskapet som er blitt til på samme måte, som ein del av ei heilheit.
Kva skjer om ein av dei små bekkane møter hindringar og ikkje kjem seg vidare? Kanskje ikkje så veldig mykje, som vi kan merke?
Kva skjer om mange av dei små bekkane møter hindringar, kanskje like før dei når den lille elva?
Kva skjer om den større elva blir/fascia demma opp? Ikkje minst, kva skjer om nokon av dei store elvane blir demma opp? Vil vi kunne merke det? Sjå det? Vil det gjer forandring i landskapet?
Om du greier å sjå for deg dette bildet, så ser du også eit bilde på bindevevet og systemet i kroppen. Fascia, som landskapet. Væske som som er i bevegelse i et nettverk av små bekkar og større elvar og kvifor det kan bli ein opplevelse av smerte, samt hevelsar vi kan sjå med det blotte auget.
Det er også dette Myopraktikk rettar seg mot. Vi veit der er nokre plassar på kroppen som er meir utsett for hindringar. Skulderblad er ein plass.
Målet er å få åpna *elvane* å få fri flyt igjen.
Bilde 3 og 4, er illustrasjonar laga av Stig-Runar Hopen, Hopen Muskelterapi, Beitstad ved Steinkjer.