Stordalshallen

Stordalshallen Stordalshallen er ein fleirbrukshall med klatrevegg og miniatyrskytebane, i tillegg til idrettshallen på 22 x 44 meter. Les detaljert info!

Det er vidare eigen grendasal og kjøkken der. Stordalshallen er elles rikt utrusta når det gjeld utstyr.

BORDPLATER TIL "GI BORT - PRIS"I samband med at vi ryddar plass til endå meir utstyr ved Stordalshallen, skal vi kvitte ...
15/01/2026

BORDPLATER TIL "GI BORT - PRIS"

I samband med at vi ryddar plass til endå meir utstyr ved Stordalshallen, skal vi kvitte oss med ein del bordplater. For antall og størrelsar, viser vi til vedlagte bilder.

Her blir det litt først til mølla og som nemnt muligheit til å gjere ein særs god handel.

Ta kontakt på tlf 41 41 05 50 om du vil sikre deg desse.

MANGE VILLE VERE MED PÅ AKTIVITETSTILBODET OPEN HALL OGSÅ DENNE JULA! Tradisjonen tru vart det invitert til Open hall, 5...
09/01/2026

MANGE VILLE VERE MED PÅ AKTIVITETSTILBODET OPEN HALL OGSÅ DENNE JULA!

Tradisjonen tru vart det invitert til Open hall, 5. juledag. Til liks med tidlegare år, var det særs god deltaking. Totalt var det nok nærmare 100 små og store med, også denne gongen.

Stordalshallen har mykje kjekt utstyr og når det i tillegg er slik at velviljuge instruktørar stiller på, både på skytebana og i klatreveggen, så ligg det meste til rette for at dette blir ein kjekk og opplevelsesrik økt. Stor takk til Helga Øvrebust og Kjell Mulelid i klatreveggen og til Stig Falling, Bård Hove og Sondre Hove Bull, på skytebana. Takk også til dei mange som var med på å få rydda alt av utstyr på plass, i etterkant.

Vi kan også nemne at Storm Pilskog Snekvik og Håkon-Andreas Sandven-Marholm fekk seg «Stordalshallen-buff» for å ha klart alle hola i minigolf på første forsøk. Altså «hole in one» x 4. Av mange andre som imponerte, både på skytebana og i klatreveggen (i tillegg til instruktørane der) trekkjer vi særskilt fram Geir og Claus frå «Hoffslia». 😊(sjå bilder)

Sjå endå fleire bilder i eige galleri her: https://www.facebook.com/permalink.php?story_fbid=pfbid02MKkB4etGSb7dkfEsRoGj4NsM2R77Dmf6Sxcb89DtqEVbjjrfFCQiUgqzVzWibeazl&id=100048737686099

09/01/2026
TRENINGS- OG ØVINGSTIDER VINTER 2026Vi er godt i gong med eit nytt år og dermed legg vi også ut oppdatert oversikt over ...
09/01/2026

TRENINGS- OG ØVINGSTIDER VINTER 2026

Vi er godt i gong med eit nytt år og dermed legg vi også ut oppdatert oversikt over trenings- og øvingtidene. Den einaste endringa lagt inn, gjeld onsdagane i idrettshallen, der det også blir barneidrett framover.

Når det gjeld grendasalen, har nok alle fått med seg at det sidan 29. desember ikkje har vore mulig å bruke den, mellom anna på grunn av målingsarbeidet der. Det er lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats, noko som gjer at vi har håp om å kunne få teke denne i bruk att alt i løpet av komande veke (veke 3). Vi oppdaterer så snart vi veit meir.

07/01/2026

AVRIMING AV FRYSAR

I samband med at frysar på kjøkkenet skal avrimast, må den som har oppbevart mat der få hente dette i løpet av denne veka. Det som ikkje er henta innan søndag 11. januar, vil bli fjerna.

Ved bruk av frysaren vidare framover, er det fint at dette vert avklara/avtalt ved kvart høve.

Når det gjeld bruken av kjøleskapa er det også slik at lagring der kun er meint å vere midlertidig. T.d. i samband med eit arrangement, ei treningssamling/øvingshelg eller liknande.

På førehand takk! :)

DUGNADSARBEIDET ER GODT I GONG! Rett før jul, kunne vi med glede meddele at det så å seie var klart for oppstart når det...
02/01/2026

DUGNADSARBEIDET ER GODT I GONG!

Rett før jul, kunne vi med glede meddele at det så å seie var klart for oppstart når det gjeld utbetringsarbeid i Stordalshallen. I første omgong gjaldt dette maling av veggar og tak i grendasalen, det det etterkvart også skal kome på plass lydisolerande plater. I tillegg vil m.a. også sceneteppet få si rehabilitering no.

Dugnadsarbeidet starta faktisk opp alt i romjula det. Då vart det m.a. klargjort til maling av veggar og tak i grendasalen ved at stolar og bord vart fjerna og høgtalarar, gardiner o.l. tekne ned. Dei som fekk utført dette var; Arild, Karl-Petter, Magne, Eli og Geir. Frå før av hadde Hilde og Roger steama/rensa alt av gardiner og sceneteppe. Jan Ole var også på plass og sytte for at store og stødige stillas vart oppmontert.

Dugnadsarbeidet held fram i dag (2. januar) med m.a. vasking av tak og veggar, nedtaking (midlertidig) av lampar, samt maskering av ventilar, sensorar, vindu, lister og anna.

Der er også gledeleg å registrere at tilbakemeldingar frå brukargruppene - der fleire har meldt seg til innsats - er i ferd med å kome inn. Til dei som enno ikkje har fått gjort dette, er oppmodinga at dette er først best naturlegvis. På det viset kan vi sikre at framdrifta vert best mulig og dermed at vi kan få teke grendasalen i bruk att så snart som råd.

HOVSLIA TIL TOPPS I GRENDACUPEN! Endeleg var det grenda Hovslia sin tur til å ta heim sigeren i Grendacupen. I det som l...
02/01/2026

HOVSLIA TIL TOPPS I GRENDACUPEN!

Endeleg var det grenda Hovslia sin tur til å ta heim sigeren i Grendacupen. I det som lenge var ein jamn finale mot Vinjehjellane, enda det til slutt med ein overlegen siger på heile 4-0.

Grenda Vinje tok tredjeplassen, etter at dei beseira det andre laget frå Vinjehjellane, med 3-1. Det var for øvrig også Vinje som var teknisk arrangør denne gongen og den 28. utgåva av Grendacupen vart avvikla på utmerka vis. Vinjehjellane skal ha ros for at dei makta å stille med to lag denne gongen og det på relativt kort varsel.

Det var – som alltid – mykje folk på plass for å få med seg det heile og det vart verkeleg levert mykje bra ute på parketten. Det er liten tvil om at det veks til av talent både på dame- og herresida og stas er det også at det stadig dukkar opp nye spelarar, med ei eller anna tilknyting til bygda, på grendalaga.

Elles er det fint å registrere at det i stor grad vert teke hensyn til at dette er ei turnering med relativt stor spennvidde når det kjem til fysikk/alder og at dette trass alt går føre seg innandørs der det er både veggar og hardt underlag.

Vi gratulerer nok ein gong Hovslia med sigeren i Grendacup 2025! ⚽️🏆👏

MINIATYRSKYTINGA STARTAR OPP ATT DEN 6. JANUARMiniatyrskytinga i regi av Stordal og Liabygda Skyttarlag startar opp att ...
02/01/2026

MINIATYRSKYTINGA STARTAR OPP ATT DEN 6. JANUAR

Miniatyrskytinga i regi av Stordal og Liabygda Skyttarlag startar opp att etter nyttår, tysdag den 6. januar.

Vi starter opp att med miniatyr skyting tirsdag 6.1.26 og held på fram til påske.

Då er det klart for skyting for dei som er 10 år og eldre og klatring for alle! .og sjølvsagt mykje anna kjekt. Vi er i ...
29/12/2025

Då er det klart for skyting for dei som er 10 år og eldre og klatring for alle!
.og sjølvsagt mykje anna kjekt.

Vi er i gong! 🙂

Adresse

Stordalsvegen 671
Meråker
6250

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stordalshallen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Stordalshallen:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram