21/10/2021
Innbyding
seminar i psykoanalytisk psykoterapi 2022
Målet med seminaret er å tilby interesserte psykologar og psykiatrarar vidareutdanning i forståing av terapeutiske prosessar utfrå ein psykoanalytisk diskurs frå terapiens start til avslutning.
Venteleg vil deltakarane utvikle større medvit og evne til refleksjon om tema som det første møtets betydning, prosessen i terapien, relasjonen mellom terapeut og pasient med sine overføraringar og motoverføringar, forståing av eigne og pasienten sine opplevingar og kunne bruke desse terapeutisk; og vidare utvikle den etiske ramma vi arbeider etter.
Seminara vil vere dagsseminar på 8 timar.
Oppstart vert våren 2022.
Tema på seminara vil vere:
1. samling. Det komplekse første møtet.
2. samling. Den såkalla avslutning av terapien.
3. samling. Den terapeutiske prosessen med overføringar og motoverføringar.
4. samling. Symptomets og draumens mange fasettar.
5. samling. Psykoanalyse og litteratur. Pasienten som poet.
6. samling. Hatets og hemnens psykologi. Transformering av aggresjon.
7. samling. Seksualitetens mange ovringar og uttrykk.
8. samling. Etiske dilemmar og utvikling av eigen etisk diskurs.
9. samling. Vegen vidare for psykoterapeuten. Strukturelle og personlege problem for eins eigen autonomi.
Gjermund Tveita og Siri Gullestad har sagt seg villige til å vere med på kvar sitt seminar.
Vi forsøkjer å få til eit praksisnært seminar med framlegg av kasuistikk i tillegg til litteraturstudie. Det vil såleis vere eit seminar med eigenaktivitet og innsats.
Gruppa vil kunne bli mellom 8 til 12 deltakarar.
Seminaret er godkjent av Norsk Psykologforening med 72 timar som vedlikehald til spesialiteten.
Seminara vil i hovudsak truleg bli haldne i Molde.
Vi kjem tilbake til tidspunkt for oppstart og kursavgift.
Påmelding og spørsmål kan rettast til underteikna før 31. desember2021.
Lars Palmar Breivik
E-post:
larspalmarbreivik@gmail.com
Telefon: 41450282
Ole Bjørn Kolflåth
Epost: olebk@hotmail.com
telefon: 48021345