30/04/2026
17. mai 🇳🇴🌿
Vi ønskjer å informere i god tid om gjennomføringa av 17. mai ved omsorgssenteret.
Som følgje av den økonomiske situasjonen i kommunen vil kjøkkenet denne dagen ha redusert bemanning, noko som medfører avgrensa kapasitet.
For å sikre eit best mogleg tilbod til bebuarane, vil sal av rømmegraut bli avgrensa til deira pårørande og det vert ikkje høve til å kjøpe is. Heimebuande får middagslevering som vanleg.
Vi håpar på forståing for dette, og ser fram til å markere dagen saman.