30/11/2023
No nærmar vi oss slutten på det 45. driftsåret til Hjelmeland Begravelsesbyrå. I to generasjonar har vi fått vere til hjelp og støtte for nordfjordingar når dei har opplevd dei tyngste stundene i liva sine, og det skal vi halde fram med. I løpet av desse åra har det også blitt mogeleg for oss å utvide det geografiske arbeidsområdet vårt, m.a. ved å kunne tilby tenester i både Gloppen og i Stranda og Fjord kommunar. Etter å ha samla erfaring gjennom så mange år, står vi sterkare og betre rusta enn nokon gong til å møte desse vanskelegaste stundene saman med dykk i Nordfjord og på Sunnmøre. Sjølv om jobben vi gjer kan verke litt spesiell for enkelte, vil vi gjerne at de skal vite at møta med menneske som nett har mist ein dei er glad i, også gjev oss meir kunnskap, mot og styrkje til å kunne gje stadig meir tilbake. Tusen takk for tilliten de har vist oss gjennom 45 år og vi satser på 45 nye år ❤️
Beste helsing Bjørn, Tone Lise, Mariann og Odd Kåre.
www.hjelmeland.as
Vi gir dykk tryggleik i ei vanskeleg tid.
Dei tilsette hos oss har skulering gjennom Virke Gravferd.
Vi tilbyr våre tenester og har eit naturleg verkeområde i Kinn, Bremanger, Stad, Gloppen, Volda, Stranda, Fjord og Stryn.
Til hjelp i sorga sidan 1978.