Frisklivssentralen Stad

Frisklivssentralen Stad Frisklivssentralen Stad er ei kommunal helsefremmande og førebyggjande helseteneste.

29/04/2026

Bli med oss på Hamna ☘️ Det er vår og fint å gå turar i skog og mark. Men vi treng også ei økt i veka med styrke og balansetrening.

Kløverturane er snart i gang igjen! Turane, i regi av Nordfjordeid Sanitetsforening, er eit lågterskel og gratis tilbod ...
08/04/2026

Kløverturane er snart i gang igjen! Turane, i regi av Nordfjordeid Sanitetsforening, er eit lågterskel og gratis tilbod for alle som ønsker å gå tur saman med andre. Ein super kombinasjon av fysisk aktivitet og sosialt samvær☀️🌲

Her finn du liste og informasjon om Kløverturane våren 2026:

01/04/2026

Hei!

Vi er så glade for at så mange er med på treningsøktene våre på Hamna og på kommunehuset i Selje, og gledar oss til fleire treningstimar etter påske😊 Øktene måndag 6.april utgår (2.påskedag).

Ønsker du å bli med eller vil du å høyre om treningstilbodet passar deg? Ta kontakt med Ragnhild på Nordfjordeid (tlf.989 04 720) eller Emilie i Selje (tlf. 90190404). Vi tar med glede i mot fleire deltakarar. Begge øktene har fokus på styrketrening, og er lagt opp slik at dei passar både nybegynnerar og erfarne🌼

God påske🐣

Hei! Frisklivssentralane i Stad kommune held jule-stengt frå 22.desember. Det vert difor ingen gruppetime på Hamna eller...
19/12/2025

Hei! Frisklivssentralane i Stad kommune held jule-stengt frå 22.desember. Det vert difor ingen gruppetime på Hamna eller organisert trening på kommunehuset i Selje før 5.januar. Vi ønsker alle ei riktig god jul, og eit godt nyttår 💫🎄Vi gledar oss til å sjå dykk igjen på nyåret!

- Ragnhild og Emilie

Små endringar kan gjere stor forskjell! 14.januar startar vi opp med kostholdskurset "Bra mat for betre helse". Ta gjern...
27/10/2025

Små endringar kan gjere stor forskjell! 14.januar startar vi opp med kostholdskurset "Bra mat for betre helse". Ta gjerne kontakt på telefon/mail dersom du har spørsmål eller ønsker å melde deg på ☺️🍏

Slit du med å finne motivasjon i kvardagen, eller kjenner du på at du manglar «noko»? Kunne du tenke deg ein liten "boos...
06/10/2025

Slit du med å finne motivasjon i kvardagen, eller kjenner du på at du manglar «noko»? Kunne du tenke deg ein liten "boost"? Hugs at vi startar opp med Kvardagsgledekurs 22.oktober - kanskje kan det være noko for deg?🌼 Påmelding innan 13.oktober (sjå plakaten).

📌Kvardagsglede er fem aktivitetar alle kan gjere for å fremme livskvalitet og helse, uavhengig av alder og livssituasjon.

🤸‍♀️Frisklivssentralen Stad held kurs i kvardagsglede🥰
- Passar for alle over 18 år som ønsker å ta grep for å få ein betre kvardag!

Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid arrangerer Kløvertur på torsdagar. Her får du både bevegelse, natur og hyggeleg sel...
23/09/2025

Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid arrangerer Kløvertur på torsdagar. Her får du både bevegelse, natur og hyggeleg selskap🌲☀ Nedanfor ser du oversikt over haustens turar, samt kven du kan kontakte dersom du har spørsmål. Sjekk gjerne ut Sanitetsforeningen avd. Nordfjordeid si facebook-side😊 Nordfjordeid Sanitetsforening

Kurs i kvardagsglede: Råd og inspirasjon for betre livskvalitet 🍁Vi i Frisklivssentralen held kurs i Kvardagsglede haust...
22/09/2025

Kurs i kvardagsglede: Råd og inspirasjon for betre livskvalitet

🍁Vi i Frisklivssentralen held kurs i Kvardagsglede hausten 2025. Kurset vert på Nordfjordeid, med oppstart 22.oktober.

🧠Kvardagsgledekurset er ei kursrekke som kan gi deg inspirasjon, ​
råd og hjelp til å øve på teknikkar som kan gi deg ein betre kvardag og høgare livskvalitet. Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, i samarbeid med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

🟢Kurset tek føre seg dei fem viktigaste grepa du sjølv kan ta for å fremje livskvalitet og eiga psykiske helse, samt førebygge psykiske lidingar. Kurset går over seks kursdagar og kvar økt varar i cirka 2 - 2,5 time. Kurset passar for alle over 18 år som ønsker å ta grep i kvardagen.

📅Kursdatoar: onsdag 22. okt, 29. okt, 5. nov, 12. nov, 19. nov og 26. nov.​
⏰Klokkeslett: 12-14.30 ​
📍Stad: Rådhusvegen 11, Stad rådhus (Formannskapssalen)​

🟡Pris: kr 300,- (inkl. kursmateriale og enkel servering)​

📱Påmelding innan måndag 13.oktober på tlf. 98904720 eller til ragnhild.ryssdal@stad.kommune.no

Vi gledar oss!

- Ragnhild og Emilie

Hei!  Måndag 29/9 er gruppetimen på Hamna tilbake som normalt, og vi har plass til fleire deltakarar🌼 Etter økta er det ...
17/09/2025

Hei!

Måndag 29/9 er gruppetimen på Hamna tilbake som normalt, og vi har plass til fleire deltakarar🌼 Etter økta er det også mogleg å slå seg ned i resepsjonsområdet for ein kaffikopp og ein trivelig prat ilag med dei andre deltakarane ☕😊 Ta kontakt på telefon måndagar eller onsdagar dersom du vil være med eller har spørsmål (989 04 720).

Ragnhild

Treningane i Selje er også i gang igjen og eg gler meg til å sjå deg på trening 💪Måndagssterk er styrketrening for heile...
28/08/2025

Treningane i Selje er også i gang igjen og eg gler meg til å sjå deg på trening 💪
Måndagssterk er styrketrening for heile kroppen i nye lokaler på kommunehuset i 1.etg. Kl. 13.00. Møt opp med innesko, drikkeflaske og ledige kle. Det er sosialt med ein kaffikopp etterpå ☕️
Fredagsfrisk er utetrening for beina og pusten. Møt opp i grusveien mot Risnakken kl. 11.00.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Emilie på 90190404 ☺️ Vi sjåast på trening!

25/08/2025

Mandag kl. 10.30-11.30 startar vi opp igjen med gruppetimen på Hamna💪🏻🍁

Vi køyrer ei økt som kombinerer styrke og kondisjon. Det betyr korte periodar med høgare intensitet, kombinert med lavare intensitet/kvile. Du bestemmer intensiteten og kor tungt du vil gjere øvelsane sjølv, og økta passar difor både om du er nybegynnar eller meir erfaren. Timen blir avslutta med avspenning.

Tilbodet er ope for alle innbyggjarar i Stad kommune, og kostar 100kr/mnd.

Har du lyst å være med, eller lurer på om økta passar for deg? Ta kontakt på telefon mandag eller onsdag (989 04 720). For medlemmer på Hamna bookast timen i appen.

Dette blir kjekt😄

Ragnhild

Frisklivssentralen avd. Nordfjordeid tek sommarferie frå 2.-28.juli☀️Vi startar opp igjen med gruppetreninga 1. septembe...
02/07/2025

Frisklivssentralen avd. Nordfjordeid tek sommarferie frå 2.-28.juli☀️

Vi startar opp igjen med gruppetreninga 1. september. Fleire har spurt etter økta vi brukte i vår, så eg legg den ved her - kanskje kan den gi litt inspirasjon i løpet av sommaren. Frå hausten av startar vi med nytt program. Uansett kva du gjer, hugs at all bevegelse er bra. Det viktigaste er å finne noko som passar deg😄🌲⛰️🚲🌼

Ta kontakt på tlf etter ferien om du vil være med på gruppetime (100kr/mnd) eller har andre spørsmål.

God sommar!

-Ragnhild (tlf. 989 04 720).

Adresse

Nordfjordeid
6770

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Frisklivssentralen Stad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Frisklivssentralen Stad:

Del