06/12/2025
Velkommen 6 desember❤️
Nellik-
Ei duftande vintermagi som varmar både
kropp og sjel✨️
Nellik er som ei liten levande flamme frå naturen – sterk, varm og jordande.
Berre dufta kan få hjartet til å roe seg, som når ein tenner eit lys ein mørk kveld. Ho vekker minner om juleglede, stille vinterro og mjuke stunder under eit varmt pledd.
I tradisjonell naturmedisin har nellik vore ein trufast vinterven, brukt for å styrkje immunforsvaret, lindre sår hals, forkjøling og ein trett kropp. Ho set fart på sirkulasjonen når kulda bit, og minner kroppen om varmen som finst inni oss sjølve.
Eg brukar nellik både til kos og kur:
Nokre heile nellik i te eller gløgg, gjerne saman med kanel, appelsin og ingefær, gir ei aromatisk varme som når heilt inn til sjela. Ho kan trekkjast til gurglevatn ved sår hals, eller få lov til å løfte bakst, supper og fruktkompott til noko som smakar av vintermagi og fellesskap.
Eit lite minneord:
Bruk nellik med varsemd – store mengder kan irritere magen, og eterisk nellikolje må alltid fortynnast. Gravide og små barn bør berre bruke små mengder i te eller mat.
Nellik er meir enn eit krydder – ho er ei lita naturkraft som lyser opp mørketida.
Ein varm venn som minner oss om styrke, ro og dei små gyldne augneblikka av vintermagi.