Eq og du, fordi det fyrst og fremst handlar om deg.

  • Hjem
  • Norge
  • Oslo
  • Eq og du, fordi det fyrst og fremst handlar om deg.

Eq og du, fordi det fyrst og fremst handlar om deg. Eg er eit menneske som brenn for det hjertevarme, ikkje-dømande menneskesynet.

Dette er ei side der eg vil informere, inspirere, formidle, dele, glede, oppdatere om det eg har erfart, veit, synes, kan, trur på når det gjeld det indre, emosjonell intelligens, dagens samfunn, hamsterhjul, kvardagslogistikk, livets opp og nedturar. Eg brenn for at vi kan tenke på kvarandre som menneske, ikkje kjønn, alder, nasjonalitet, rase, religiøsitet, legning. Eg brenn for at vi alle kan øve på å ta plass på vår måte, og på den måten klare vere god med kvarandre, bry oss om kvarandre når det trengs. Eg trur sterkt på at natur og frisk luft er viktig både for den fysiske og mentale helsa.

16/02/2026
15/01/2026

Ein liten introduksjon på nyåret av kven Karen-Mette Myrlie-Bjørn er, mennesket som stor bak denne jobbkontoen

Mamma
Kone
Syster
Venn
Terapeut
Hundemor
Fostermor
Pedagog
Naturelsker
Mosjonist
Heilårsbader #

menneske

08/01/2026

? ?? ?

24/12/2025

Luke 24; Korleis kan eg fôre meg med det eg vil ha Meir av? Og GOOOOD JUUUUL ❤️🌟🎄❤️🌟🎄❤️🌟🎄

Adresse

Oslo
1283

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Eq og du, fordi det fyrst og fremst handlar om deg. legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Eq og du, fordi det fyrst og fremst handlar om deg.:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Om meg og korleis eg kom til at eq-terapeut skulle bli mi greie.

Eg har vokst opp ut i havgapet på Leikong, øya Gurskøy litt sørvest for Ålesund. Det var ikkje mange å velje i med tanke på relasjonar, vennar, sosial omgang. Du var med dei som var der og tok del i dei aktivitetar som fantes. Lite valmuligheiter og små forhold. Det å vekse opp i ei lita bygd, ut i øyriket har påverka meg mykje til den eg er i dag. Eg er som person svært følsom har eg i vaksen alder skjønt. Alltid blitt sterkt uroleg av urettferdigheit, krangling, vold, blod, kamp, mobbing, vonde bilder, reagert svært sterkt på sanseintrykk, hatt mykje behov for ro, kvile, avkobling, vore lite opptatt av å gjere ting fordi andre gjorde det, har alltid skilt meg litt ut blant andre.

Dette er ein god ting på ein måte. På ei anna side har det og slitt meg heilt ut. Det å vere litt annleis. Det å kjenne seg annleis. Det å bli kalla dramatisk, pysete, skinnhellig, prippen, nebbete fordi ein prøvar å seie frå om urettferdigheit, sitt synspunkt, si oppleving, kalla slitsom fordi ein er sliten eller lei seg, sutrete fordi tårer kjem lett, klagarskit for å seie frå, mobba fordi ein vel sine eigne vegar, ikkje vil henge med på alt det andre gjer. Ja det har til tider vore svært frustrerande å prøve og finne min eigen veg. Dei lite hyggjelege orda om kven eg er, defineringa av meg har kome veldig direkte og opplevdes svært krenkande, og vel so mykje frå vaksne som frå jamnaldrande.

Klart det er ikkje kult for kollektivet med ei som ikkje passar inn i mønsteret, ei som ikkje vil lyde, ei som har vilje, prøvar å seie mot vaksne fordi dei ikkje alltid har rett. Eg har på ein måte alltid vore ho som snakkar andres sak, står opp for andre, står opp for urettferdigheit, støttar den som bli mobba, står på dei svakes side. Noko som jo forsåvidt er ein bra ting. MEN vegen blir ikkje so lett å gå når du heile tida vert kjerringa mot straumen. Det har vore både einsamt, frustrerande og slitsamt.

Eg fekk nok god støtte heimanfrå på å vere meg, stå opp for det eg trudde på. Men eg stod nok stort sett veldig åleine om å stå opp for meg sjølv. Eventuelt var det vel aldri nokon som lærte meg korleis gjere det på ein adekvat og konstruktiv måte. Det at eg er viktig, at eg betyr noko, at eg har rett til å ta plass trur eg var lite av på 80-90 talet. Det var nok kollektivet som vart sett på som viktigst. Individet skulle passe inn. Slik har i allefall eg opplevd å vekse opp på den tida. Idealet var å vere der for andre, ikkje ha so mykje særpreg, passe inn, skli under radaren, gå i ett, vere A4. Lettast for alle det, om alle passa inn.