11/05/2026
I Jordmorforbundet NSF er vi djupt bekymra for utviklinga i Elverum og Brønnøysund. Dette er ei varsla krise som ikkje er handtert, og konsekvensane for fagleg forsvarleg fødselsomsorg er alvorlege. Difor står vi i tett og kontinuerleg dialog med medlemmar, tillitsvalde og heile NSF‑laget for å sikre at jordmødrenes fagkunnskap blir høyrt og brukt i dei avgjerande prosessane.
Vi deler uroa og oppgjevenheita mange jordmødrer kjenner når fødetilbod blir svekka eller sett i spel. Situasjonen viser kor sårbar fødselsomsorga er når utfordringar blir varsla over lang tid utan at dei blir handtert. Jordmødrene har peikt på risikoen, på bemanningsutfordringane og på konsekvensane for tryggleik – og likevel står vi no i ein situasjon som kunne vore unngått.
I Jordmorforbundet NSF arbeider vi målretta for å hindre at slike situasjonar oppstår, og for å rette opp når dei likevel skjer. Arbeidet vårt er forankra i den faglege innsikta vi får frå jordmødrene i tenesta, og i den t***e dialogen vi har med tillitsvalde og heile NSF‑organisasjonen. Det er denne kunnskapen som gjer oss i stand til å løfte tydelege, fagleg funderte krav inn i møte med helseføretak og myndigheiter. Vi understrekar at fagleg forsvarleg fødselsomsorg krev nærleik, stabil kompetanse og eit fødetilbod som er robust nok til å ivareta både kvinner, barn og beredskap.
Vi lyttar til dykk som står i dette kvar dag. Vi står saman med dykk. Og vi kjem til å halde trykket oppe – for fødselsomsorga må styrkast, ikkje byggjast ned.
Jan Christian Vestre Norsk Sykepleierforbund