10/09/2024
📣 KURS BK1 i Bergen, november og januar!
INVITASJON TIL KURS I BASAL KROPPSKJENNSKAP (BK1) 2024
Tidspunkt: Del 1: 07. – 09. november (20 timer)
Del 2: 16. – 18. januar (20 timer)
Tidsplan kvar del:
Torsdag 8.30 – 16.00
Fredag 8.00 – 16.00
Lørdag 9.00 – 13.30
Stad: Haukeland universitetssjukehus, Gamle Hovedbygning, Bentesalen. Rommet ligg i underetasjen, ved terapibassenget.
Arrangør: Fysioterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, i samarbeid med Norsk Institutt for Basal Kroppskjennskap (NIBK)
Kursleiar: Aarid Liland Olsen, fysioterapeut, PhD, BK-terapeut
Pris: 6500,- Inkluderer rettleiing på oppgåve, men ikkje lunsj.
Antal deltakarar: 10
Påmeldingsfrist: 1. oktober
BK1 har som mål at deltakarane skal få begynnande teoretisk innsikt i BK og eigenerfaring med grunnleggjande bevegelsane, og kjennskap til klinisk undersøking med observasjon av bevegelseskvalitet. Kurset består av noko teori og mykje praksis og refleksjon. For å få godkjent kurset skal deltakarane levere ei refleksjonsoppgåve.
BK1 er det første trinnet av ei mulig 4-trinns etterutdanning som fører til fullverdig klinisk kompetanse i Basal Kroppskjennskap. Du finn meir om kursrekka og oversikt over litteratur og forsking på www.nibk.org.
Fysioterapitilnærminga Basal Kroppskjennskap (BK) er person-sentrert, retta mot å styrke pasienten si innsikt i eigne vaner og i korleis ein kan styrke sine evner til å handtere utfordringar og oppgåver i dagleglivet. Grunntanken er at sjukdom og andre livshendingar påverkar den måten vi bruker oss sjølve og måten vi beveger oss på, oftast på ein slik måte av vi gradvis reduserer spelerommet for oss sjølve eller utviklar uheldige bevegelsesvanar.
I BK har ein eit særskilt fokus på balanse, fri pust og mentalt nærvær som nøkkelelement i funksjonell bevegelses-kvalitet. Pedagogikken i BK bygger på eit salutogent helseperspektiv, det vil seie at ein søker å utforske og styrke dei bevegelses-aspekta som bring helse, snarare enn å ha fokus på patologi. Behandlinga består av bevegelsespraksis og refleksjon.
BK er kunnskaps- og erfaringsbasert og kan brukast i klinisk, forebyggande og helse-fremmande arbeid både individuelt og som gruppeterapi. BK er godt dokumentert innan psykisk helse, langvarige muskel-skjelettplager og samansette lidingar.
Her finn du elektronisk påmeldingsskjema til kurset: https://www.letsreg.com/no/event/kurs_i_basal_kroppskjennskap_bk_1_07112024
For meir informasjon, kan du kontakte Aarid på aarid.liland.olsen@helse-bergen.no eller 941 36 128.
Velkommen!
Kurset er delt i to seksjoner, første del fra 07. - 09. november 2024, og andre del fra 16. - 18. januar 2025. Prisen gjelder for begge kursdeler, samt tilbakemelding på kursoppgave.